oddgeir skrev:
Audiophile-Arve skrev:
Likevel er muslimane mykje flinkare å dekorere offentlege bygningar med geometriske figurar.
Jau, viss du meinar at dette er det viktigaste.
Uansett kva eg måtte meine er viktig, er det meir schwung over ein god moské enn t.d. rådhuset i Oslo. Temaet er ikkje det viktige, men i kva grad vesten er best, og til kva.
Dei demokratiske elementa - vel, vesten er kanskje betre, men vi var betre før. Det islanske tinget og det dei styrte med i Athen, hadde visse manglar (kven som fekk vere med å stemme), men dei hadde ein fin balanse mellom fleirtalsstyre, sedvane og ikkje minst konsensus når avgjerdene skulle takast. Slik er ikkje nødvendigvis parlamentarisme og fleirtalsstyre.
Demokratiet treng ei viss renovering. Eg trur det er best at ein fragmenterer og bryt opp ein del av maktstrukturane, og tenkjer gjennom kva overordna organ ein skal ha for å sette rammevilkåra for kva som er sivilisert framferd.
Sivilisasjon vert av Odd-Bjørn Fure problematisert gjennom evna ein har til å innordne seg eit overordna nivå. Når ein ikkje innordnar seg domstolen i Haag, FN eller noko anna enn si eiga gudeforståing, er det lite sivilisert, uansett om ein er Ayatollah eller amerikansk president...
Det er ei stund sidan både den franske revolusjonen, den amerikanske lausrivinga frå kolonimakta England, og vår heimlege 1814, og det kan vere sunt å tenkje tankane opp att.