Det er alltid interessant å lese slike trådar. Sjølv prøver eg å ha eit ope sinn, men frå tid til anna vert det tydeleg at tilsetting av Lurium ikkje nødvendigvis endrar noko på lydkvaliteten.
Det er iallfall heilt klart at mange vinylentusiastar har eit problem med statisk elektrisitet. Dette problemet vart i gamle dagar løyst ved:
1. Ioniserande "pistolar". Som t.d. Zerostat. Desse kosta nokre hundrelappar, og hadde ein ganske merkbar positiv effekt.
2. Ymse middel platene kunne settast inn med. Eg brukar framleis Last, og håpar nokon tek over produksjonen, då det er lett høyrbare forbetringar når dette brukast (det er også tilfelle med blå guffe-avspeling, såkalla våt avspeling, men slik væske skapar knitring og problem om du skulle driste deg til å spele plata tørr)
3. Karbonfiberbørste. Desse leiar bort noko av den statiske elektrisiteten. Clearaudio har ei fin som kan kjøpast på Soundgarden.
4. Platematter som reduserer statisk elektrisitet. Sjølv har eg no gått bort frå dette sidan eg brukar VPI SSM, men PlatterMatter har god effekt, om du har ein platespelar som eignar seg til denne.
5. Auka luftfuktigheit i musikkrommet. Veldig greitt med mange grøne plantar.
Når så dette problemet er reelt, og kan løysast, er det naturleg at kreative sjeler prøver å løyse andre problem ut frå same forklaringsmodell (ikkje alfakreativitet, men likevel...) Det kom såleis etter kvart dupedittar som avmagnetiserte pickupar (heldigvis ikkje fullstendig, det hadde vore eit problem). Desse har ofte effekt, men ikkje alltid. Når det er høyrbar skilnad på før/etter, har eg ei oppleving av at denne er positiv, men i varierande grad. Eg trur det kjem an på pickupen. Eg har ikkje kjøpt meg slik dings, men andre har sikkert erfaringar å komme med.
Så er det andre moment som dukkar opp. Vi har t.d. kabelutfordringar. Mange produsentar hevdar at kablar treng innspelings/oppladingstid. Eg er usikker på effekten av dette. Med ymse apparatur skal ein kunne redusere dette behovet. All den tid eg ut frå eigne erfaringar er usikker på om behovet er reelt, vil eg vere veldig forsiktig med å kommentere dette. Det er mykje rart i verda, og ein skal ta folk sine subjektive erfaringar på alvor, sjølv om dei ikkje kan bevisast utan vidare. Vi har t.d. målbar stråling frå både mobiltelefonar, trådlause datanett og anna, og folk som hevdar at ein kan verte påverka av sånt. Det er ikkje skikkeleg bevist, men statistikk og folkemeining har iallfall gjort at ein somme stadar er svært forsiktig med å leggje barnehagar og bustadar under høgspentlinjer..
Det er folk som prøver å tene pengar på Lurium, og ein kan ikkje laste dei for det med mindre det er rein svindel. Men ein forhandlar er ikkje nødvendigvis ein svindlar om han sel eit produkt andre ikkje opplever som effektivt. Vi har så mange erfaringar. Sjølv gjorde eg meg tankevekkjande erfaringar då eg for 12 -13 år sidan gjorde ein test av eit anlegg på ei hytte utan annan elektrisitet enn eit 12 V-batteri (omtale i det no nedlagde bladet Audio Video ca 1996). Lyden var glimrande, og klart betre enn i andre omgjevnadar med 230V. Men det var så mange ulike parametrar at eg ikkje kunne trekkje konklusjonar. Likevel anar det meg at det kan vere lydlege gevinstar ved å leve utan vekselstraum nær anlegget. Dei praktiske utfordringane vil etter kvart vere såpass store ved å velje dette, at det er meir rasjonelt å slå seg til tåls med eit AC-anlegg til eit parhundretusen, og så gå på livekonsert i ny og ne.
Sjølv har eg ikkje problem med statisk elektrisitet, då eg held meg til # 2, 3 og 5. Og eg testar gjerne ymse produkt med eit ope sinn (prøvar alt eg kan), uansett kor "galne" dei må verke i utgangspunktet.