Audiophile-stova

DiskusjonstrÄd Se trÄd i gallerivisning

  • Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.134
    Antall liker
    8.658
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Fann dette fotoet av fyrste "seriÞse" anlegget mitt, etter koñfirmantanlegget. Dette var
    Bose 901 mk ll hÞgtalarar . (9 like hÞgtalarelement der eitt peikar mot lyttar, og resten bakover for Ä skape romoppleviing. Spennande konstruksjon ogsÄ i dag, men ganske speseiell. MÄ stÄ ca 1m frÄ bakvegg, og treng aktiv equalizer (nederste hylla i racket, heilt til hÞgre)

    Ved sida av Bose-equalizeren stÄr ein DBX 122 stÞyreduksjon. Denne var eg begeistra for heilt til "astmaanfalla" systemet hadde vart for irriterande. Men bandsuset forsvann.

    Kassettspelaren var det nest stÞrste beistet frÄ Akai, GXC 760D. Fantastisk, med berre litt svak bassattgjeving og opptak. Alt anna var storarta, og kunne samanliknast med Nakamichi (tykte eg den gongen)

    Forsterkaren var ein Technics SU 80A, japansk modell, direkteimportert frÄ Japan. Eg trudde eg bestilte den europeiske versjonen SU8080A, men den var ikkje tilgjengeleg, sÄ dei sende meg denne. Gadd sjÞlvsagt ikkje returnere til Japan, sÄ det vart til at eg kjÞpte ein trafo og fekk nokonlunde rett spenning.....

    Platespelaren var (SjÞlvsagt) ein Technics. Eg tok SL 1500, som var heilmanuell. Det var bÄde heil (SL 1300) og halv (SL1400) automatikk, men eg sÄg ikkje behov for det. Like god som SL 1200, nesten identisk, men ikkje sÄ robust kanskje.
    Pickupane sine innverknadar pÄ lyden vart eg umiddelbart klar over. Gjekk frÄ standardpickupen (hugsar ikkje) til Micro Acoustic 2002, deretter Micro Acoustic 530 (toppmodellen), men fekk sÄ hÞyre Denon DL 103D, som eg hadde til han var utsliten. Vidare brukte eg Accuphase AC 1, som eg har endÄ. MC-forsterkarar hadde eg mange innom, men pÄ dette biletet hadde eg berre MM.
    20240419_102153.jpg
     
    Sist redigert:

    Sluket

    Holistisk Hifi Helt
    Ble medlem
    11.08.2006
    Innlegg
    57.674
    Antall liker
    111.566
    Torget vurderinger
    24
    Jeg kan trÞste deg med at jeg har ogsÄ eid Bose 901, som 16 Äring! Den gang Bose var coole saker.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.134
    Antall liker
    8.658
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Vis vedlegget 397951
    Det vert ikkje lyd utan ei signalkjelde. Her er den eg har prioritert. Utgangspunktet var VPI Super Scoutmaster. Denne er utstyrt med SDS straumforsyning, som transformerer "kvasomhelst" av vekselstraum til dei 120V 60Hz som spelaren er designa for, og som er ein av dei beste beltedrivne systema som er tilgjengeleg (denne "billege" SSM er ikkje lenger i handelen, men du kan fÄ same drivsystemet for dobbel pris dersom du kjÞper ein HR-x).

    I tillegg la eg ekstra pengar i ein spesialtallerken. Dei standard akryltallerkane som VPI stort sett satsa pÄ den tida dÄ eg var i kjÞpemodus var gode, men ikkje heilt utan eigenlyd. Difor leverte dei ei kort periode ein svinetung spesialtallerk som var ekstremt dau. Tung Ä fÄ i sving, men han skapar meir ro i lydbildet, og fÄr tydeleg fram dynamikk. Det fÄr SSM til Ä likne litt pÄ dei betre Nottinghamspelarane, ein slags mellomting mellom desse og dei dynamisk glade standard-VPIane. Vel verd pengane, meiner eg.

    DÄ eg skulle pakke ut spelaren, vart eg litt forskrekka. Det var med to svinghjul til motoreininga. Og den eg ikkje hadde bestilt, var litt merkeleg. Her var svinghjulet laga med ein ytterkant som var meint Ä ha kontakt direkte med platetallerkenen. Dette var vanskeleg Ä fÄ til, for kom han Þrlite for tett pÄ tallerkenen, forplanta det seg motorstÞy. Og var han litt for langt i frÄ, vart det ikkje skikkeleg kontakt. Og skilnaden pÄ desse to ytterpunkta, var berre eit par millimeter... Men sÄ kom det ein konvolutt til meg frÄ VPI, og den inneheldt ei brun pakning som erstatta den svarte eg hadde opprinneleg. Mykje betre, og lettare Ä bruke.

    Eg var i utgangspunktet ganske fornÞgd med armen, JMW 9 Signature. Men han eignar seg ikkje til spesielt mange pickupar - veldig god til Dynavectorpickupar, men hÄplaus til Denon 103 (som eg er glad i). Det vart difor til at eg skifta arm til ein 12" Kuzma. Eg hadde veldig lyst pÄ den nye 14", men han var for dyr for meg - og sÄ var det ikkje rÄd Ä montere han pÄ SSM-spelaren. Skifte spelar etter alt dette styret, gidd eg ikkje.
    Kuzma-armen er veldig god, og eg merkar at han bÄde gjer ein betre jobb med pickupane, og ogsÄ klarar pickupar som gamle JMW 9sig ikkje fiksa. Det er nok til hjelp at armen er tolv tommar lang. Elles er det ein fin arm, med heiltrukken leidning frÄ pickup til riaakontakter. og utskiftbart pickupshell av eigen Kuzma-standard, som sit som spikra. Einaste tungvinte faktor er at leidningane mÄ takast av pickupen for kvart pickupskift. Det mÄ vere sÄnn, elles vert det skÞyt av desse svÊrt viktige leidningane - kanskje den viktigaste "kabelen" i anlegget....
    Sjekka tilfeldigvis prisane pÄ dei ulike delane til platespelaren . SÄ fÄr eg heller leve med at han ikkje er sÄ vakker (og at Makkintosken har ein endÄ feitare spelar)
     

    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    9.858
    Antall liker
    35.482
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    3
    760D var/er veldig fin!
    Jeg husker Solberg Hi Fi i Sarpsborg kjĂžpte opp restlageret av 760'er fra importĂžr, det var sĂ„ mange at det ikke var plass pĂ„ lageret, sĂ„ det stod hĂžye stabler inne i butikken ogsĂ„. Gikk for en grei pris, og alle ble borte, overraskende fort. Hadde vĂŠrt morsomt Ă„ ha en 760 i dag. 🙂

    Akai GXC 760D.jpg


    /Morten
     

    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    9.858
    Antall liker
    35.482
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    3
    Det stemmer bra Arve, 570 var drĂžmmespilleren. Stod og lekte med den luka mer enn Ă©n gang, i butikken. 😊.

    Uansett, den var for dyr, og det hadde 760 ogsÄ vÊrt, ikke hadde den dukket opp ennÄ heller.

    Jeg blÄste alle konfirmasjonspengene pÄ en GXC 510D.
    Den lever ennĂ„, sĂ„vidt jeg vet, hos en kompis. 😄

    0E2B895A-15E5-424B-90B7-5439712206C9.jpeg


    /Morten
     
    Sist redigert:

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.134
    Antall liker
    8.658
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Oppdaga at eg har vore svÊrt lite aktiv i trÄden min, sÄ det er pÄ plass med ei oppdatering.

    No trur eg det har gÄtt 14 Är utan at eg har skifta ut hÞgtalarar. NÄr det gjeld platespelar er det endÄ lenger sidan eg fekk VPIen, sjÞlv om han har vorte oppgradert med arm frÄ Kuzma. Forsterkaren eg brukte i utgangspunktet var ein ASR II Exclusive bestÄande av 4 kolli og 140 kg. Riaatrinnet var EAT sin dÄverande toppmodell.
    SĂ„ nedgraderte eg litt.
    Eg kutta ut ASR, sjÞlv om han var svÊrt skikkeleg. I staden fekk eg tak i Vera sin 400/1000 miniforsterkar pÄ 9 kg. Til forforsterking brukar eg no Topping, som ogsÄ er leverandÞr av den DAKen eg fann best. SÄ dette stÄr pÄ til vanleg, nÄr eg brukar strÞymetenester. Eg spelar ogsÄ bÄde vinyl og CD (Via ein Oppo 105). EATen selde eg, og angrar Þrlite pÄ det (beste riaa eg hatt fÄrr prÞve heime). I staden brukar eg min 37 Är gamle Audio Research SP 10 som fiksar mine tre favorittpickupar; Denon 103, Kiseki blÄ og AT33SA pÄ overtydande vis. Men lyden vert til tider vel formell og korrekt, sÄ no har eg gÄtt over til Ä bruke SP10 nÄr eg skal ha det kjekt. Mykje meir NGOMA med SP 10, om du skjÞnar kva eg seier.
    SÄ har eg ein del morosame dingsar som er lite brukt. Eit par (SA)CDspelarar stÄr her, saman med ein Teak Tascam 4-kanals kassettopptakarmiksebord. SÄ har eg ein veldig morosam forforsterkar "Le Tube". Faktisk veldig god, men utprega franske lÞysingar. I tillegg har eg nokre utmerka pickupar som sporar godt, trass i hÞg alder.

    Elles har eg no vore pensjonist ei stund. Veldig greitt med fritid, om enn ikkje sÊrleg attraktivt sÄnn Þkonomisk sett, men eg er sÄpass fornÞgd med anlegget at eg ikkje fÞler behov for audiophile nyinvesteringar. Tvert om hadde eg ambisjonar om Ä kvitte meg med 500 vinylplater eg sannsynlegvis ikkje kjem til Ä spele uansett. SÄ langt har ikkje det lukkast sÊrleg godt, i staden har eg kjÞpt ca 50 nye plater.....

    Eg hadde eigentleg planar om mykje rart, men sÄ vart eg sjuk. Parkinsons sjukdom. Noko ordentleg skit, men sÄ langt held eg sjukdomen i sjakk med Ä trene og ta massevis med medisinar. Med litt flaks kan eg halde det gÄande i fleire Är. Og sÄ lenge eg greier Ä sette pickupnÄla i rett rille, skal eg ikkje klage sÄ veldig mykje.

    DÄ kona og eg vart pensjonistar, tok vi til Ä kjenne pÄ eit behov for Ä rydde i ymse papir. SÄleis tok eg til Ä blade i gamle hifiblader. Mykje interessant. Skulle vore skrive eit samandrag av artiklane.

    Eg burde kanskje teste meir utstyr? Men det er ikkje sÄ lett nÄr hÞgtalarane spelar stakarslege 79 dB/W. Eg mÄ ha effektforsterkarar pÄ minst 250 Watt skal det vere morosamt Ä teste, og sÄ bÞr dei helst vere gode ogsÄ.. SÄ eg har prÞvd pickupar i staden. Og ein og annan hÞgtalar. Men det er dyrt Ä sende slikt i posten, sÄ det mÄ avtalast at importÞr/produsent betalar porto begge vegar. Men vi fÄr sjÄ.
     

    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    9.858
    Antall liker
    35.482
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    3
    Kjenner meg igjen ift tankene om pensjonsÞkonomien - kanskje det har vÊrt i bakhodet nÄr jeg har handlet gammelt og nytt som en full - eeh,
    et-eller-annet.
    SÄ er jeg i det minste sikker pÄ at jeg har noe morsomt og leke med i tiden framover.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.134
    Antall liker
    8.658
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Elles rakk eg Ä stikke innom Stereofil i Grensen pÄ vegen heim frÄ Horten-messa. Der har dei utstilt eit sinnsjukt mbl-anlegg, og fekk lytte litt pÄ dette. Fekk eit lite anfall av overmot dÄ dotter mi (som fylgde faren til toget) sa:
    "Pappa, dersom du kjĂžper nokre slike, vil eg gjerne overta gamlehĂžgtalarane dine":
    Lite tenkte ho pÄ gjelda ho mÄtte hanskast med nÄr eg vandrar.

    Men er du i hovudstaden, er det godt anvendt tid Ă„ stikke innom Stereofil for tida. Trass i at du vil vere uroleg i Ăžyra (og lommeboka) nokre veker framover....
     

    HĂžnndjevelen

    Æresmedlem
    Ble medlem
    12.04.2010
    Innlegg
    10.702
    Antall liker
    12.392
    Sted
    Oslo
    Elles rakk eg Ä stikke innom Stereofil i Grensen pÄ vegen heim frÄ Horten-messa. Der har dei utstilt eit sinnsjukt mbl-anlegg, og fekk lytte litt pÄ dette. Fekk eit lite anfall av overmot dÄ dotter mi (som fylgde faren til toget) sa:
    "Pappa, dersom du kjĂžper nokre slike, vil eg gjerne overta gamlehĂžgtalarane dine":
    Lite tenkte ho pÄ gjelda ho mÄtte hanskast med nÄr eg vandrar.

    Men er du i hovudstaden, er det godt anvendt tid Ă„ stikke innom Stereofil for tida. Trass i at du vil vere uroleg i Ăžyra (og lommeboka) nokre veker framover....
    Synd du bur pÄ ein stad der einebustadar berre kostar ein ÄrslÞn.
    PĂ„ Oslo vest, er jo MBL berre ei pylse i slaktetida
     

    Gjest.

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    12.09.2006
    Innlegg
    6.194
    Antall liker
    904
    Har lekt meg litt med Ä ta opp musikk fra nettet. Bruker en H/K med Dolby HX. SlÄr ikke pÄ Dolby b eller c. God lyd i mine Þrer.
     

    parafinoksen 2.0

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    29.04.2024
    Innlegg
    1.169
    Antall liker
    2.814
    Sted
    Polen
    Noko heilt anna; er det nokon som har kasta seg pÄ bÞlgja med kassettar i det siste? HÞyrer slikt produserast igjen, mellom anna av Teac. Kunne vore artig Ä prÞve att - min gamle Alpage har takka av, men kassettane har eg ikkje kasta.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.134
    Antall liker
    8.658
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det var ei artig messe sist helg, men eg mÄ innrÞmme at det beste oppsettet sÄ langt var utanfor messehotellet. Terje Romen var pÄ vift. Han baud pÄ sjansen til Ä hÞyre Klipsch sin toppmodell hos Oslo HiFiCenter. Dette var skikkeleg snop, eitt av dei beste hornoppsetta eg har hÞyrt. Skulle likt Ä hatt eit slikt som anlegg nr 2. Diverre er slike horn minst like arealkrevjande som anlegg nr 1. Og styggeleg lettdrivne, noko som kan reknast som grÞn stas. Du vil truleg greie Ä blÄse hovudet av deg med ein forsterkar pÄ brÞkdel av ein Watt, i motsetnad til meg som har hÞgtalarar med behov for minst 500 watt pr kanal for Ä ville oppfÞre seg.

    Messa var uansett ei interessant stad Ä bruke helga. Og det var veldig mange kjente der. Om lag heile Oslo-gjengen, og massevis av dei eg kjenner frÄ Horten. Diverre rotar eg no med namn og andlet for tida etter Ä ha fÄtt Parkinsons. Men dei ulike riggane og produkta dei bestod av var ei fin Þving i memorering.
     

    R.E.S.

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    31.05.2006
    Innlegg
    6.071
    Antall liker
    6.735
    Torget vurderinger
    34
    Hyggelig Ä se deg igjen, Arve, selv om det ble altfor kort inne pÄ rommet til Hifidili. HÄper du klarer Ä holde sykdommen noenlunde i sjakk.

    Roy
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.134
    Antall liker
    8.658
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Tida gÄr!
    Men eg har gjort marginale endringar pÄ anlegget dei siste 15 Ära. Vel, eg skfita ut ASR Emitter II Exclusive med ein liten Vera og Topping , og avhenda ein sÞrgjeleg god riaa frÄ European Audio Team, men platespelaren er den same spesial-VPI SSM, og hÞgtalarane er sjÞlvsagt MBL101E2 (vert ikkje skifta ut sÄ lenge eg bur der eg bur). Eg fÞler ikkje pÄ noko oppgraderingsbehov. Ting er sÄ bra eg kan forvente Ä fÄ lyd i eiga stove, med unntak av at bassen er meir realistisk enn det eg strengt tatt ynskjer meg. Eg vil ha tjukt lag med smÞr pÄ skiva, feit lyd byr pÄ stÞrre gleder enn politisk korrekt lyd. Eg kunne sikkert gjort meir ut av akustikken, men det hadde kanskje fÞrt til skade pÄ husfreden, noko ein skal vere forsiktig med i desse urolege tider. Dessutan er MBL-konseptet slik at det tilpassar musikk og anlegg til kvarandre pÄ ein mÄte eg likar svÊrt godt.
    Det finnest betre forforsterkarar enn min audmjuke Topping. Mellom anna min langt meir ambisiÞse, feitare og antikke Audoi Research SP 10. SjÞlv om han er ganske unik, brukar eg han nesten utelukkande nÄr det sveivast i gong vinyl. Ser at SP10arar omsetjast pÄ Ebay for opptil 45 kilokroner, og kunne alltids byte han ut med ein vanvittig god riaa, men kvifor stresse? Eg brukar Topping nÄr det skal strÞymast, sjÄast TV (ja, eg har hamna mellom dei som brukar godlydskomponentar til Ä glane pÄ mentalt sÞppel pÄ skjerm). Einaste eg er misunneleg pÄ er Tosken sin platespelar, men det har lite fÞre seg Ä kjÞpe ein Technics SL 1000 av beste sort, med mindre eg ogsÄ kjÞper ein eller annan legendarisk pickup, som funkar optimalt i den aktuelle armen, noko eg alt har greitt nok (Kisek, AT og Denon klarer Ä utfylle kvarandre, sÄ ein toppmodell frÄ VdH eller likande er etter mi vurering ikkje nÞdvendig).
    SÄ no har eg nesten utelukkande lytta til musikk og ikkje anlegg dei siste 15 Ära.
    Eg lurer pÄ om eg er i ferd med Ä verte gammal,....
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.134
    Antall liker
    8.658
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Brukar helgemorgonen til Ä surfe rundt pÄ alle stadar der Qobuz tek meg, og det dukkar opp mykje rart pÄ ferda. Lydkvaliteten pÄ Qobuz er sÄpass god at eg ikkje umiddelbart lengtar attende til vinylen, noko som har fÞrt til stÞv pÄ platespelaren. Jaja.
    Men etter min musikksmak er det mykje bra Ä hÞyre pÄ. Eg har fÄtt sansen for elektroswing, og har spelt alt eg har funne av Caravan Palace. Parov Stelar er ogsÄ noko eg likar, og det er mykje liknande.
    Er det fleire enn meg som har leita opp musikk utanfor allfarveg?
     

    gismo

    Æresmedlem
    Ble medlem
    13.10.2007
    Innlegg
    26.571
    Antall liker
    40.538
    Sted
    VĂŠssia i Grue.
    Torget vurderinger
    21
    Brukar helgemorgonen til Ä surfe rundt pÄ alle stadar der Qobuz tek meg, og det dukkar opp mykje rart pÄ ferda. Lydkvaliteten pÄ Qobuz er sÄpass god at eg ikkje umiddelbart lengtar attende til vinylen, noko som har fÞrt til stÞv pÄ platespelaren. Jaja.
    Men etter min musikksmak er det mykje bra Ä hÞyre pÄ. Eg har fÄtt sansen for elektroswing, og har spelt alt eg har funne av Caravan Palace. Parov Stelar er ogsÄ noko eg likar, og det er mykje liknande.
    Er det fleire enn meg som har leita opp musikk utanfor allfarveg?
    Mange ganger og bĂ„de Qobuz og TIDAL er fine verktĂžy til sĂ„nt. Lydkvalitet varierer men som eneste kilde sĂ„ klager jeg ikke lellđŸ€—đŸŽ¶

    gismo
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.134
    Antall liker
    8.658
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Den siste tida har det gÄtt i mykje strÞyming frÄ Qobuz. Eit litt alternativt musikkutval enn det eg tradisjonelt har brukt tid pÄ, og det er interessant. Det fÞrer naturlegvis til at eg har hatt mindre tid til vinylen. Det synest eg er leit, all den tid at vinylsamlinga speglar mine musikalske preferansar, og eg tenkjer at eg risikerer Ä rote meg bort frÄ det kjÊre og kjende, og at eg ikan risikere Ä rote meg bort i den audiofile Þydemarka.
    Det kan sjÄ ut som eg vender meg frÄ 60-tals innspelingar til dei moderne, digitale og hÞgopplÞyste. innspelingane. SÄ eg er pÄ ny inne pÄ tanken om Ä neskalere analog rigg. SÄ eg lurer pÄ kva erfaringar folk fÞr meg har gjort. No tenkjer eg i liten grad pÄ erfaringane som vart skapte dÄ CDen kom og vart heftig marknadsfÞrt som perfekt lydberar pÄ 80-talet, men om det som har skjedd no i dei siste Ära med hÞgopplÞyst digital lyd.,
     
  • Laster inn


DiskusjonstrÄd Se trÄd i gallerivisning

  • Laster inn

Topp Bunn