Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • baluba

    Æresmedlem
    Ble medlem
    18.02.2009
    Innlegg
    24.596
    Antall liker
    15.130
    Sted
    Kopervik og Bergen
    Torget vurderinger
    1
    Jepp, du har virkelig noe å vise fram. Og ikke minst litt progresjon innimellom. :)
     

    oks81

    Æresmedlem
    Ble medlem
    29.10.2012
    Innlegg
    10.372
    Antall liker
    7.154
    Sted
    Hjemme
    Torget vurderinger
    2
    Fy søren for noen feite høyttalere!! Ser det er MBL, men kan du kanskje forklare litt hva dette er Arve?
    Har aldri sett slikt før :)

    Hvor i argaste vestlandet bor du hen? :)
     

    Kondis

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    03.02.2013
    Innlegg
    734
    Antall liker
    482
    Sted
    Hævabøgda
    Torget vurderinger
    11
    Er det bøkene til Ingebrigt Davik jeg ser helt nede til høyre i bildet,,
     

    HCS

    En vanlig fyr fra bygda..
    Ble medlem
    22.02.2007
    Innlegg
    21.248
    Antall liker
    16.262
    Sted
    Nesten Gjøvik..
    Torget vurderinger
    19
    Hva er plassering ifht sidevegger og bakvegg? Fint fruktfat ved tv'en :)
     

    knarfar

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    08.03.2014
    Innlegg
    2.407
    Antall liker
    2.264
    Sted
    Oslo
    Flott å se at slikt finnes I norske hjem. Ser fram til å følge med her. Flott! :):)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    17.402
    Antall liker
    4.772
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskd
    Hva er plassering ifht sidevegger og bakvegg? Fint fruktfat ved tv'en :)
    Tok utgangspunkt i det MBL tilrådde som plassering, men måtte jobbe ganske lenge før eg var heilt fornøgd. Avstanden var ca 1 meter frå sideveggar og 1,30 frå bakvegg. Lytteposisjon er nesten valfritt, alt frå 1,7 til 3,5 meter frå høgtalarane. Og eg treng ikkje eingong sitte absolutt på midtnormalen heller.

    Fruktfatet fekk vi til sølvbryllupet vårt av eit vennepar.

    Takkar elles for hyggjelege kommentarar frå alle. Anlegget er altså mbl 101E mk2, drivne av ein ASR Emitter 2 Exclusive (tredelt straumforsyning),. Det går faktisk veldig bra, sjølv med berre 500 watt inn i dei 4 Ohm...
    Signalkjelder er ein Sonosboks, ein Oppo 105D, VPI SSM med rimdrive, tung tallerken, platestrammar og -krans, påmontert ein Kuzma 313 12" arm, sds straumforsyning, og ymse pickupar. Vidare har eg ein EAT-E-Pro riaa som eg har vorte frykteleg glad i siste året (omtale på www.audiophile.no av alt saman)
    Kablane er for det meste Viablue signal, og Synergistic Research sine billegaste høgtalarkablar. Samt noko smårask eg har fått av Stig Arne Skilbrei.
     

    Heimdall

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.12.2009
    Innlegg
    1.511
    Antall liker
    557
    Sted
    Sørlandet
    Torget vurderinger
    14
    Ja det var på tide Arve, et slikt flott anlegg må ikke gjemmes bort fra oss skuelystne audiofile :D

    Forresten, kan vi selv velge målform i tråden din?
     

    soundscape

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    21.09.2005
    Innlegg
    5.424
    Antall liker
    6.480
    Sted
    Nordre Follo
    Torget vurderinger
    7
    Ahhh, lenge siden jeg har kjent slik "vil ha" følelse som jeg får av de mbl høyttalerene ! Flott oppsett , og vi tåler flere bilder og innspill :)
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    17.402
    Antall liker
    4.772
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskd
    IMGP3737.jpg

    Det vert ikkje lyd utan ei signalkjelde. Her er den eg har prioritert. Utgangspunktet var VPI Super Scoutmaster. Denne er utstyrt med SDS straumforsyning, som transformerer "kvasomhelst" av vekselstraum til dei 120V 60Hz som spelaren er designa for, og som er ein av dei beste beltedrivne systema som er tilgjengeleg (denne "billege" SSM er ikkje lenger i handelen, men du kan få same drivsystemet for dobbel pris dersom du kjøper ein HR-x).

    I tillegg la eg ekstra pengar i ein spesialtallerken. Dei standard akryltallerkane som VPI stort sett satsa på den tida då eg var i kjøpemodus var gode, men ikkje heilt utan eigenlyd. Difor leverte dei ei kort periode ein svinetung spesialtallerk som var ekstremt dau. Tung å få i sving, men han skapar meir ro i lydbildet, og får tydeleg fram dynamikk. Det får SSM til å likne litt på dei betre Nottinghamspelarane, ein slags mellomting mellom desse og dei dynamisk glade standard-VPIane. Vel verd pengane, meiner eg.

    Då eg skulle pakke ut spelaren, vart eg litt forskrekka. Det var med to svinghjul til motoreininga. Og den eg ikkje hadde bestilt, var litt merkeleg. Her var svinghjulet laga med ein ytterkant som var meint å ha kontakt direkte med platetallerkenen. Dette var vanskeleg å få til, for kom han ørlite for tett på tallerkenen, forplanta det seg motorstøy. Og var han litt for langt i frå, vart det ikkje skikkeleg kontakt. Og skilnaden på desse to ytterpunkta, var berre eit par millimeter... Men så kom det ein konvolutt til meg frå VPI, og den inneheldt ei brun pakning som erstatta den svarte eg hadde opprinneleg. Mykje betre, og lettare å bruke.

    Eg var i utgangspunktet ganske fornøgd med armen, JMW 9 Signature. Men han eignar seg ikkje til spesielt mange pickupar - veldig god til Dynavectorpickupar, men håplaus til Denon 103 (som eg er glad i). Det vart difor til at eg skifta arm til ein 12" Kuzma. Eg hadde veldig lyst på den nye 14", men han var for dyr for meg - og så var det ikkje råd å montere han på SSM-spelaren. Skifte spelar etter alt dette styret, gidd eg ikkje.
    Kuzma-armen er veldig god, og eg merkar at han både gjer ein betre jobb med pickupane, og også klarar pickupar som gamle JMW 9sig ikkje fiksa. Det er nok til hjelp at armen er tolv tommar lang. Elles er det ein fin arm, med heiltrukken leidning frå pickup til riaakontakter. og utskiftbart pickupshell av eigen Kuzma-standard, som sit som spikra. Einaste tungvinte faktor er at leidningane må takast av pickupen for kvart pickupskift. Det må vere sånn, elles vert det skøyt av desse svært viktige leidningane - kanskje den viktigaste "kabelen" i anlegget....
     

    OlaR

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    17.03.2005
    Innlegg
    689
    Antall liker
    194
    Sted
    Oslo
    Torget vurderinger
    24
    Skikkelig bra, og det er spesielt interessant å lese om vurderingene du har gjort underveis!
     

    ottone

    Æresmedlem
    Ble medlem
    08.04.2008
    Innlegg
    12.517
    Antall liker
    5.960
    Sted
    Stavanger
    Torget vurderinger
    1
    Dette var stas, heimetråd frå sjølvaste audiophilen!
    Ser ut som ein god heim det der.
    Gledeleg, rett og slett, Arve. Takk for at du deler.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    17.402
    Antall liker
    4.772
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskd
    IMGP3734.jpg

    Platekrans er tingen for tynne plater.
    Når du legg ei plate på tallerkenen, er det ikkje alltid slik at plata er heilt i plan, og at ho ligg skikkeleg støtt på matta/tallerkenen. Er ho det minste skeiv, kan du få resonansar, og du kan dessutan oppleve at pickupen kastar på seg, med fare for både ekstra slitasje på seg sjølv og plata, og direkte feilsporingar. Ved bruk av ein slik platekrans (gjerne med ein platstrammar/eit lodd i tillegg) koplast plata til tallerkenmassa, og i mitt tilfelle vert ein del på nesten 9 kg. Min spelar er designa for å tåle ei slik tallerkenvekt, men det er ikkje alle spelarar som kan klare dette. Då kan ein sjå seg rundt etter ein spelar med vakuumtallerken, men desse er svært dyre og sjeldne. Eit unntak er Luxman-spelarane, men alle desse er meir enn 30 år gamle, og det er pakningane også.
    Mitt inntrykk er at vakuum og platekrans er om lag like bra, men platekransen må leggjast ein stad medan du skiftar eller snur plater. Så litt plaer skal ein alltid ha.

    Det er mykje modifikasjonspotensiale på ein platespelar, og dette med tallerkenen har relativt omfattande innverknad på lyden. Du kan legge på platematte. Eg brukte ei "PlatterMatter" i mange år med godt resultat, då eg hadde direktedrivne spelarar. Eg brukte denne saman med ein Michell platestrammar, og det heile var svært effektiv og enkelt. Men så gjekk eg over til Linn Sondek, og då funka ikkje dette lenger. Filtmatta skulle vere ein integrert, gjennomtenkt del av riggen, men det finnest ting som funkar endå betre (eg likte ei korkmatte svært godt, men selde spelaren før eg fekk høve til å kjøpe ei slik)
    Svinetunge tallerkar i eksotisk materiale har ofte lydlege fortrinn, Du legg lett merke til at dei tunge tallerkane ofte har ein svartare bakrunn enn lettare ting, og då kjem dynamikken fram meir nyansert.
    Det som var spesielt fint med VPI var at dei kunne leverast med fleire tallerkenalternativ. Eg fekk prøvd ut både akryltallerk og den tunge, svarte som eg enda opp med. No lurer eg på om dei nye "Classic"-spelarane sine aluminumstallerkar er like gode som min. Eg har prøvd mange spelarar med metalltallerkar, og er ikkje heilt fornøgd med aluminium, men har berre prøvd ting på under 3 kg. Så om ein aluminiumstallerk på 8 - 10 kg kunne oppdrivast, ville det vore svært interessant å prøve. Eg veit at min tallerktype vart for kostbar å produsere, ikkje alle er villege til å leggje til $ 1000 på prisen, og dei nye spelarane er altså utstyrt med aluminiumsalternativ. Definitivt lettare å dreie, og kanskje like godt?
    Dei andre spelarane eg gjorde grundige samanlikningar med, var Nottingham sine melllomstore og Clearaudio sine tilsvarande. Her fekk eg inntrykk av at akryl-særpreget til Clearaudio (og til dels VPI sine tilsvarande) var "nøytralt", Nottingham sitt særpreg var "svart bakgrunn" og nyanseevne, medan VPI har "dynamisk trøkk og nyanseringsvne" som sine viktigaste eigenskapar.
    Eg vil for ordens skuld understreke at pickup og riaaforsterkar har meir å seie for godlyden enn akkurat tallerkenen. Men det er ingen grunn til å nøye seg med ein tvilsam tallerk.....
     

    pahf

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    28.12.2005
    Innlegg
    4.992
    Antall liker
    1.930
    Sted
    huttuheita
    Torget vurderinger
    8
    Denne har gått meg hus forbi, men godt å endelig se en hjemme-hos tråd fra Mr.Audiophile :)

    Nydelig oppsett som jeg uten motforestillinger kan tenke meg spiller helt nydelig!
     

    T-1

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    28.08.2015
    Innlegg
    1.296
    Antall liker
    2.137
    Sted
    Bergen
    Torget vurderinger
    28
    For noen sinnsykt flotte høyttalere! :) ser ut som en kjekk plass og bruke fritiden sin :)
     

    slettix

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    03.03.2007
    Innlegg
    241
    Antall liker
    212
    Sted
    Lillestrøm
    Torget vurderinger
    3
    Utrolig flott anlegg du har! Høyttalerne hadde ikke jeg fått inn i stua - der hadde kona lagt inn veto, men Emitteren frister veldig. Har egenskaper som appelerer til meg...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    17.402
    Antall liker
    4.772
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskd
    Var i Bergen sist helg, og tok turen innom Renaissance. På Horten-messa hadde eg lagt merke til demonstrasjonen av EAT, (eg har riaaen Eat-e-Pro som referanse og ein av mine kjæraste komponentar). Ettersom Renaissance er distributør, spurte eg Roald om han hadde inne same pickup som var i bruk på messa, og det hadde han...
    pickup nærfot.jpg

    På messa hadde det vore svært god lyd. Litt skuldast sjølvsagt både dei svære høgtalarane og elektronikken, men når platespelarspesialisten EAT har med eigne pickupar, må det ha noko føre seg. Så eg spurte pent om å få prøve ut ein slik. Og for å gjere ei lang historie noko kortare, her er han i fart:
    pickup i fart.jpg

    Pickupen ser litt spesiell ut. Eigentleg ganske normal, som om han kan vere ein tilpassa modell frå annan underleverandør, men med merkeleg tremosaikk-arbeid rundt. Dette består av ekstremt små trebitar, limde saman med ymse sære harpiks-greier. Ein spesiell japansk teknikk, finn eg på nettet, kalla Yosegi, som pickupen. Putle-arbeid som eg har sett liknande av vore utført også i Andalucia, i Mijas:
    boks.jpg

    Men det er ein vits med dette putleriet. Laminering av mange trebitar kontrollerar resonansane. Og eg ser at EAT også leverer pickuparmshell med tilsvarande oppbyggijing. Og alt no, under innspelinga, merkar eg tendensar til dynamisk nyanseringevne som normalt høyrer til i dyrare prisklassar (no gløymde eg å spørje kva pickupen kostar, men meinar å hugse frå messa at vi var over 10 og under 15 kkr).
    Pickupar er interessante saker. Det er sjølvsagt mykje som kan målast, og det er viktig å tenkje kva slags slipingar, nålefane, viklingstal, trådkvalitet og presisjon dei er laga med. Men resonansar er spennande. Ein av dei beste pickupane eg har prøvd, Aiwon frå Acoustical Systems, har eit spesialkabinett med utfresingar ein tannlege verdig, som er ilagt gullfyllingar. Og går du til Koetsu sine svinedyre pickupar, er kabinetta deira laga av ymse smykkesteinar. Og her kjem EAT med ein pickup som har kappe i tre. Ikkje eigentleg for å fjerne alle resonansar, men for å styre dei. Slik felebyggjarar ynskjer å få fram spesielle klangkarakterar frå instrumenta sine.
    Å lage superdempa, resonansfrie pickupar er nok ein god ide, og det finnest endåtil pickupar utan kabinett, der heile konstruksjonen er blotta.

    Eg skal no høyre på denne vesle saken ei stund. Klangbalansen er eg ikkje heilt fornøgd med ved fyrste lytt, men det skal vel litt innspelingstid til, vil eg tru. Dynamikken er alt veldig nyansert, og etter kvart skal vi prøve nokre brutale innspelingar, så vi finn ut kva treskallen kan klare. ...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    17.402
    Antall liker
    4.772
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskd
    Har no putla nokre veker med Yosegi som signalkjelde, og det verkar som han er innspelt. Det er for tidleg å konkludere noko som helst, og eg har ikkje eingong bestemt meg for kva impedanse eg skal ha på EAT-forsterkaren. Pickupen er visstnok på 12 Ohm, og eg likar han best med 80 på forsterkaren. Sånn passeleg etter boka. 150 Ohm er neste stille på riaatrinnet. Eg køyrer høgaste forsterkning, sjølv om 0,4 mV er nok til at eg kunne bruke lågare.
    Nokre fyrsteinntrykk eg dristar meg til å dele:
    - svært gode tredimensjonale eigenskapar.
    - med 80 Ohm last er det eit touch av varme i klangen, som gjer at det bikkar litt meir enn nøytralt. Akkurat slik som eg likar. God bass, og luftig diskant, naturleg, open mellomtone, heilt utan harde tendensar nokon stad i frekvensområdet.
    - Råtøff dynamikk. Minnar meg om noko anna eg ikkje kjem på. Men her går det unna. Joan Armatrading sine attakk er berre heilt lækkert å høyre på. Sheffield Track Record har kjedeleg musikk, men skikkeleg dynamikk. Også denne, samt Shostakovich er veldig bra, mellom det betre.
    - Sporingseigenskapane er berre heilt rå. Sporar 90µ heilt utan problem, og 1812-overtyra leverast med kanonskot. Var bra fyrste gongen, men ved finjustering av antiskating m.m. vart det ikkje heilt overtydande. Må jobbe meir før eg meiner noko for alvor...
    Det vert nok mykje superlativ når omtalen skal skrivast....
     
    Sist redigert:

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    17.402
    Antall liker
    4.772
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskd
    Det er mykje moro med pickuputprøvingar. Ting endrar seg over tid, og det er mange parametrar som kan flyttast på når du gjer justeringar på eine eller andre måten.

    Etter no å nærme meg dei avsluttande etappane med EAT Yosegi, er eg ganske forvirra. Denne pickupen sporar måleplata heilt rått, men etter justeringane (som eg er brennsikker på er korrekte) greier ikkje stiften halde seg i rilla under kanonskota. Altså sporar han både godt og dårleg. Eg har vore ute for dette tidlegare, men aldri med ein relativt kostbar MC. Merkelege greier...

    Så har eg to andre pickupar på besøk til utprøving. Ein Hana lågoutput, og ein AT33SA, begge med Shibatanål. Hanaen er endeleg innspelt (har gått med ein 40-50 timar) medan AT33SA berre har fått 5 -6 timar, så ingen konklusjonar så langt. Men ein del spennande fellestrekk melder seg; open og ganske nøytral lyd, samanlikna med den mykje dyrare Yosegi.
    IMGP4200.jpg

    Det ryktast at AT skal skifte ut mesteparten av modellane sine no, men ikkje 33SA. Og det er sikkert godt grunnlag for ein pickup som dette. Luftig, moderne attgjeving reknar eg med. Må nesten gje han nok innspelingstid, men eg håpar på utvikling av både klang og dynamikk. Slikt brukar komme seg etter nokre timar, men det er alltid eit spørsmål om kor mykje...
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    17.402
    Antall liker
    4.772
    Sted
    Kysten av Nordvestlandet. I aller argaste nynorskd
    I dag er det denne som spelast fyrst.
    _IGP2312.jpg
    Ei ganske flott innspelt plate, med spennande lydbilde, uvanleg markert dynamikk, og ikkje minst flott musikk. Eg er veldig fornøgd med bassattgjevinga på alle dei tre testobjekta, men kanskje spesielt av både AT 33SA og Yosegi-pickup, utan at eg har noko negativt å seie om Hana. No skjer det ikkje meir med 33SA heller. Relativt kort og grei innspelingstid på vel 30 timar. Av og til kan ein verte lurt, og lyden kan ta til å endre seg igjen etter lang tid. Men oftast er utviklinga stoppa når ho fyrst ikkje endrar seg meir på ei stund.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn