Nephilim
Fields Of The Nephilim
http://open.spotify.com/album/08Osbk10fYKrg1y9yxPyu0
Her ringte bjellealarmen ganske kraftig. Titlane Endemoiada, Phobia, Chord of Souls ga meg bilete av banale fantasymotiv lakkert på trailerpanser.
Heldigvis er ikkje Fields Of The Nephilim sjangerfesta som Prog. Gotisk rock - som har fleire interessante referanser - er ein sjanger eg er ukjend med men ikkje fordomsfull mot.
I gang med Nephilim og første spor - ein låt eg ikkje ville hatt på noko roadtrip CD, vertfall ikkje om natta. Eit uhyggelig jagende komp setter tonen, før det brytes opp og starter på nytt.
Sounden er mørk og kraftfull og drivende (med discotrommer uten sære taktskifter som virkemiddel). Og det som eg får problemer med; Den kviskrande vokalen. Som ei bjeffande bikkje strupa i eit for stramt halsband. For meg som ikkje eig ei einaste gothrockplate blir det veldig påtatt.
Diskotromminga og gitararrangementa held interessa mi oppe gjennom albumet, til tross for at teikneserieskurkvokalen ikkje får noko særlig formidlingsevne.
Riffet i låt tre er stjelt fra Motorhead og sidan eg ikkje veit om det er ein bra eller dårleg referanse i denne sjangeren ser eg på det som eit pluss. Albumet setter her opp tempoet og det held seg til den mest spesielle låta, vokal og bassbaserte Celebrate. Kanskje det at tullevokalen her er lagt på hylla gjer at eg spissar øyrene. Den enkle highhaten og bassen gir sangen ei nerve som gjer at ein sitt og ventar på at det skal eksplodere. Noko det aldri gjer. 6 minutt og 20 sekund med bass og vokal. Det er litt prog-aktig?
Dette blir i alt midt på treet for min del. Ei plate som eg kan tenke meg er super for dei som var der den gangen den kom ut, men for meg, som er over middels glad i god rock blir dette litt snålt, litt kjedelig og alt for langdrygt.
4/10