Renault Megane har et vellykket design men så er den også designet av Laurence Van Den Acker
Den var fin, men kanskje fordi eg
vil lika Renault, også (Renault 5 er ein av dei stiligaste i sin klasse).
Ut over det: Sjølvsagt er det skilnader i både detaljar og linjeføring, og dei som går inn for det kan sannsynlegvis kjenna igjen det meste. Det einaste merket som verkeleg manglar identitet må vera Hyundai. Men eg har ei aning om at den samla variasjonsbreidda er mindre no enn for, tja, 40 år sidan?
Ikkje for det. Det handlar ikkje om el vs. ICE. Seinast i dag heldt eg på å gå inn i ein Toyota Yaris i staden for min kjære Nissan Leaf. Det var ikkje før eg såg inn vindauga og ikkje kjende att den manuelle girspaken at feilen gjekk opp for meg. Vi var båe parkerte med baken ut, mellom større/lengre bilar, og dei hadde nesten same gråfarge. Hadde dei stått hin vegen, hadde eg kjend att dei stygge frontlyktene til Nissan.
Eg minnest også at det har vore vanskeleg å skilja Ford Mondeo frå Toyota Avensis.