Eg tykkjer denne diskusjonen (og den har har gått eit par gonger før) er litt vanskeleg å få heilt grep på.
Vi ta utgangspunkt i desse:
Vel dei å
A. bruka pengane (den andelen av disponibel inntekt som ikkje går med på å betala renter og avdrag) på forbruk, eller
B. ta steget til neste nivå i den «boligkarrieren» nordmenn er forventa å ha,
C. spara i aksjemarknaden?
Eg trur (og her følgjer eg @weld77 eit stykke på vegen) at det ligg ein kulturell disposisjon (eller «norsk fellesverdi», kall det kva du vil) i å rekna alternativ B som ei dygd. Det å bruka pengar (anten del er lån eller oppsparte pengar) på B, vert sett på eit symbol på å vera ein anstendig borgar. Veldig få, korkje vener eller familie, reknar deg som ein øydeland dersom du anten vel å flytta til eit større hus, eller om du byter ut kjøkenet.
Det er liksom ikkje vits å argumentera mot at det kan vera smart å spara i aksjefond (eller andre stader der avkastninga slår inflasjonen). Sjølvsagt er det fint å ha verdiar for handa som ein rimeleg raskt kan likvidera trinnlaust.
Men folk må jo ha ein stad å bu, også (og her følgjer eg delvis @OMF): Det er ikkje sikker at det er billigare husrom tilgjengeleg der ein vil bu, og at det er tilgjengeleg når ein må ha det. Huset vi kjøpte der vi bur, var kanskje litt for stort for minimumsbehova våre då vi kjøpte det, men det var det som var tilgjengeleg. I dag er det eigentleg litt knapt, men om fem år eller så kjem det til å verta gradvis meir passe.
Vi ta utgangspunkt i desse:
Kva gjer dei når dei bustadlånet etter kvart vert litt lettare å ha med å gjera, altså når løna aukar, inflasjonen hjelper til og kanskje Norges Bank i tillegg set ned rentene?røffly 1 av 4 som har høy boliggjeld - og de fleste i denne gruppen er unge mennesker som har kjøpt sin første bolig.