Sammenlignet med andre land går det imidlertid motsatt vei.
Norske 15-åringers dårlige resultater i den internasjonale PISA-undersøkelsen må få konsekvenser for skolen, mener professor Thomas Nordahl.
utdanningsforskning.no
Ja, det er rart.
Ikkje at eg har det pøkk sans for Nordahl. Utan at eg veit så mykje om kva han har sagt dei siste åra, opplevde eg (som lærar) at den Hattie-inspirerte kampanjen han køyrde var fordummande og fullstendig lausrive frå det å faktisk stå i eit klasserom. Men ein del av spørsmåla han stiller er gode.
Dei endringane som skjedde i matematikk var relativt oppsiktsvekkjande. Inspirert av internasjonale, didaktiske trendar om «eksplorativ undervising» fekk vi plutseleg eit fag lærarane ikkje kunne undervisa i, lærebøker knapt fanst i, høgare utdanning ikkje ville ha og elevane ikkje forstod. Det ser heldigvis ut som om ein del av det er rulla tilbake no, men eg trur det, saman med iPad-ifiseringa, har gjort enorm skade.
At det går inflasjon i karakterar, er ikkje noko nytt. Er trur det nesten er ei naturlov, særleg når desse karakterane skal vera døropnar vidare. Det beste hadde vore å fullstendig revidera karaktersystemet med jamne mellomrom. Ikkje fordi systemet er dårleg i seg sjølv, men for å motverka inflasjonen.
Elevane vil gjerne ha både enkle prøver (vurderingssituasjonar) dei kan «få til» (altså, vita at «dersom eg greier dette, så får eg toppskår») og samtidig vurderingssituasjonar som let dei «visa kva dei
kan, ikkje kva dei
ikkje kan» (som mappeinnlevering og presentasjonar).
Har ei dotter som går tekstilhandverkslinja (yrkesfag), og der opplever eg faktisk karakterane som temmeleg fair i programfaga. Lærarane er knallharde på at det ikkje berre handlar om å levera eit resultat som er teknisk godt, men også å greia å gjennomføra oppgåva innanfor tid og følgja den prosessen dei har fått beskjed om. Men det er ei lita linje, veldig tett på bransjen og elevane skal ikkje bruka karakterane til å konkurrera med tusenvis av andre om å koma inn på NTNU, NHH, jus eller medisin.
Eller vi kunne droppa heile karakterstyret, og late ulike institusjonar som treng å gradera søkjarane arrangera sine eigne testar (tenk SAT/GPA). Då ville desse testane fungert for å setja norm for kva elevane faktisk burde kunne.
Iflg en internasjonal studie klarer kun 2% av norske fjerdeklassinger å løse regnestykket 53x26. I Taiwan klarer 88% det samme regnestykket. Hva sier det om kvaliteten på den norske skolen? Har vi kanskje vilt litt vel lenge på laubærene mon tro, og hva mener utdanningsministeren om dette? Er vi...
www.hifisentralen.no