Min (vår) julestemning er avhengig av en lang forventning, der det gjelder å holde igjen på godene før det virkelig er jul. Det gjelder julemat, julemusikk og julepynt.
Resultatet er av folk hiver ut juletreet 2.juledag. Da har jula egentlig bare såvidt begynt. Hvis man er ikke-religøs kan man feire det som solsnu, som er 21.desember.
Og man hilser ikke God Jul før det er Jul
Eg har sans for advent som ei lang, avmålt lilla markering, med planmessige førebuingar. Ikkje som fire veker med tiltakande jolefeiring. Faktisk kan advent godt vera litt kjip og asketisk.
(For min del passar det også å eta medisterkaker og raudkål. Eg veit mange ser det som jolemat, men fordi vi aldri et det i jola, passar det fint i advent. Evt. smalahove når det passar seg slik: svigermor insisterer på at det er reste- og kvardagsmat).
Spot on med å halda att.
Eg trur mange er livredde for å ikkje få «stemning», og sjølvmedisinerer med den mest tacky, syntetiske, kitsj-aktige joledriten dei kan finna, utan å skjøna at det er der problemet ligg.
Det er nokre parallellar til dynamikk og «loudness wars» her eg ikkje orkar å skriva heilt ut, men eg tykkjer jolekvelden
skal koma som ein smell, som noko brått og dramatisk annleis.