Som barn opp til 15 års alderen idag. (har ikke leste artikkelen

)
Sidespor: Som far til fleire barn, der opptil tre har vore totalt uinteresserte i å læra seg å lesa ei urskive, har eg ofte filosofert på om dette eigentleg er noko dei burde læra.
Fordelen er sjølvsagt at dei kan lesa eit vanleg ur eller ei urskive på eit offentleg bygg, men det er ofte greiare å få reie på tida på andre måtar.
Det er ein del konsept (td enkel brøkrekning, modulær aritmetikk, og «enemy at 9 o’clock») som er lettare å forstå om ein kan den analoge klokka, men det verkar litt bakvendt at ungane skal læra klokka av den grunn. Eg har også lita tru på at dei kjem til å fly jagarfly, men ein veit jo aldri.
For ordens skuld har eg ei finmekanisk klokke på armen sjølv. Når eg skal stilla henne, gjer eg vanlegvis det etter ei meir presis klokke synkronisert via NTP.