ISO 8601 er jo ein standard som er meint å systematisera og laga eit konsistent og eintydig system ut av alle dei menneskelege måtane å snakka om tid på. Slik sett er det, som alle andre slike system, ein konstruksjon.Så må vi spørre oss; er standarden riktig? Og hva kommer etter 24.00? 24.01
Eg har følgt utviklinga av standarden gjennom meir enn tjue år, og er utruleg imponert over arbeidet som er lagt ned, sjølv om ein del av notasjonane dei føreslår er i overkant barokke.
Difor er måten vi skal forstå «kl 24:00» på også eintydig definert i standarden (jf lenkja over). 24:00:01 finst altså ikkje, og det gjev difor meining i at ei klokke med digital vising sluttar på 23:59:59. Eg har iallfall alltid forstått slike som at dei viser at vi er i eit intervall mellom vist tidspunkt og neste tidspunkt (td mellom 18:56 og 18:57 dersom klokka viser 18:56). 24:00 viser til eit tidspunkt, men ikkje til eit intervall.
Sorry om dette vart veldig, veldig nerdete