Han er sikkert ein upåliteleg slask, men eg lurer på om det kan vera eit generasjonsproblem, eller eit problem med tidsånda.
Ungdomen (dei under tredve) bruker jo ikkje Filofax lenger. Det er det vel ikkje så mange som gjer, eigentleg. Det finst greie digitale erstatningar, men også dei må nokon vedlikehalda. Det kan gjerast automatisk, sjølvsagt, men sånne delte kalendarar har det med å verta fylde av all mogleg informasjon og graps, møter du KAN, men ikkje MÅ gå på.
Kva skjer når Velle får spørsmål om å vera med på ein panelsamtale? Når dato for neste utvalsmøte vert sett to månader fram i tid? Når han takkar ja til å vera med på ei reise til Tyskland, får all informasjon og ikkje høyrer noko meir?
(Eg kom til å tenkja på at då eg gjekk på skulen, var det første vi fekk utdelt kvart år ei «leksebok», og kvar time vart avslutta med å skriva ned leksa til neste time i faget. I dag forventar kidsa, minimum, å få ein samla plan med alle leksar i alle fag utdelt (eller delt) kvar veke. Det var noko av det som forbausa meg då eg byrja som lærar: at eg ikkje kunne stå på slutten av timen og gjera eit røft anslag over kva det kunne vera greitt å be elevane gjera til neste time.
Det har ikkje slått meg før, men då eg vart eldre og med i alle slags lag og organisasjonar, kopierte vi denne rutinen. Når skal vi ha neste møte? Kan alle tysdag klokka sju i veke 23? Alle dreg opp Filofaxen: Ja, det ser bra ut. Nei, då har vi styremøte i ornitologiforeininga, det har vi i oddetalsveker.).
I god, SV-inspirert ånd vil eg altså orsaka slasken. Han har sikkert hatt ein dårleg oppvekst, utan leksebok og Filofax.