Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Strøymer P1. Har ikkje gidda ringe inn sidan kona fylte 50. Då fekk ho Bjelke si kvissbok i bursdagsgåve, saman med trøya. Eg er i ferd med å slite ut mi nyaste. Brukar henne når broderen arrangerer Quiz på fredagskveldane. Vi er ein kvartett som brukar å vinne, truleg fordi eg psykar dei ut med skorta der det står PopQuiz......
     
    MakkinTosken

    En kjekkas
    Ble medlem
    21.02.2020
    Innlegg
    13.579
    Antall liker
    34.253
    Sted
    og til
    Torget vurderinger
    6
    Eg lurar, Tosken, har du eigentleg bruk for desse dundreboksane du bygde deg?
    Brukt for og brukt for... Følger bare hjertet jeg. Men det er veldig morsomt å både bli emosjonelt og fysisk beveget av musikken. Når jeg spille vinyl gjør de ingenting ut av seg(emosjonelt), men når jeg vrir på dataanlegget begynner det å livne til (fysisk).
     
    MakkinTosken

    En kjekkas
    Ble medlem
    21.02.2020
    Innlegg
    13.579
    Antall liker
    34.253
    Sted
    og til
    Torget vurderinger
    6
    Høyrest farleg ut. Det kan godt hende eg har bruk for noko sånt, men eg får helder moderere meg litt. Litt ovansjuk er eg, men eg tenker at anlegget mitt får vere greitt nok. Til mitt bruk.
    Det er best å være fornøyd! Vet ikke helt hvorfor jeg endte på den galeien. Forresten jo. Begynte å måle.... :(
     
    Minutten

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    15.12.2007
    Innlegg
    8.299
    Antall liker
    3.091
    Torget vurderinger
    4
    Ferdig no. Skal berre få med meg påppkviss, så skal det handlast litt. Lurer på kvar eg finn god røykelaks til jul. Skal ha skikkeleg kvalitet, og det er vanskeleg å finne for tida.
    Har aldri blitt til at jeg har fått testet denne https://www.janas.no/
     
    thetjomster

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    13.01.2013
    Innlegg
    923
    Antall liker
    2.144
    Sted
    Trondheim
    Har aldri blitt til at jeg har fått testet denne https://www.janas.no/
    Svigerfamilien holder til i Stavanger, men de kommer dessverre ikke hit i år pga Covid-19. Får prøve å huske denne til neste år, så kan svigermor kanskje ta med seg en side når/om hun kommer.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Eg har no brukt lyttetida denne helga til å fintrimme "kvardagsløysinga". Så langt opplever eg det som svært godt.
    Vinylriggen er forenkla. Den flotte PL L 1000 tangentialspelaren er fjerna, og skal verte julegåve - vert nok parkert fram til ho som skal ha han har fått seg permanent husvære. Medan pappa-riggen er uendra. Sidan vi skal ha storhelg snart, er det Kiseki Blue som skal stå for rilleavkodinga. Den fungerer svært godt i Kuzma-armen. Så har eg gjort "hotrod"kopling på ARC SP 10 ved å ta signalet ut frå tape out og rett inn i forforsterkaren. Dette reduserer feittet noko, utan å ta vekk så mykje at det vert smaklaust. Men innimellom saknar eg linjetrinnet sin rause klang, for det er lite tilførsel av anna enn gain fråTopping A90. Innimellom treng sølvplatene litt rosenraud, så eg må nok ha høve til ein alternativ signalveg. Det skal nok løyse seg, men ikkje før jul.

    A90 er for meg ein svært grei forforsterkar, og eg vurderer om han skal få vere her permanent. Det er mange grunnar til det. Det er viktig å ha ein ubalansert inngang, med tanke på vinylsignalet frå SP 10. Men her er også balansert inngang, som eg brukar frå D90. Må berre få tak i korte XLR-kablar for å redusere ormegarden. Signalet ut går via XLR-leidningar rett til Vera effektforsterkaren.
    Einaste er at eg strengt tatt ikkje har bruk for øyretelefonuttaka. Eg brukar berre høyrelurar på jobb for å sleppe unna ulempene med kontorlandskapet. Så eg bestilte den nye Pre90. Diskuterte med Høvdingen i kva grad volumkontrollen bør vere relestyrt eller eit potmeter, og vart overtydd om at det kan vere greitt å ha alt på fjernkontroll. Så det ser ut som A90 får marsjordre når Pre dukkar opp..

    D90 var ei stor, positiv overrasking. Her er akkurat så mange digitale inngangar som eg treng. Tappar lydsignalet frå Oppo-spelaren via optisk, og signalet frå Sonos-boksen via koaks. Blåtann fiksar mobilen når eg vil gjere det ekstra lettvint. Lydkvaliteten frå D90 byr på ei suveren detaljattgjeving og flott dynamisk nyanseringsevne og lydbilde. Og når ein ser på prisen, er det ingen grunn til å sende denne saken attende.

    Så kva skal ein seie om lyden?
    Vinylavspelinga er svært tilfredsstillande. Litt irriterande å ikkje bruke heile SP 10, men det har lydlege føremoner, og det er vel det viktigaste. No har eg eit mindre sminka vinyloppsett, og sparar rør når andre signalkjelder brukast. Sonos-boksen fungerer greitt både til Spotify og NRK som er dei primære bruksområda. Reknar med at julemusikken (bortsett frå dei obligatoriske juleplatene med Brandenburgerkonsertane og Ramirez) kjem til å verte styrt frå mobil og blåtann. Eg opplevde faktisk blåtannlyden av Spotify som meir tilfredsstillande enn ditto når Sonosboksen spelte det same. Har blåtann vorte betre? Eller er det noko eg innbiller meg?

    Dette oppsettet bør vere svært familievennleg, Bortsett frå Vera effektforsterkaren og SP 10 kan det stå på permanent. Likar ikkje å gå vekk i lengre tid frå ting som vert varme. Eigentleg tenkte eg at ein klasse D-forsterkar som Vera 400/1000 burde halde "hovudet kaldt", men det er nok ikkje heilt så enkelt. Uansett, ein liten detalj.

    Så i dag spelast det i hovudsak digitalt. Utan at det sjenerer.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Då er 24. opprunnen!
    Har pynta tre og børi ved så det skulle halde lenge. Tradisjonen tru er bukkeribba klar til damping, og moltefromasjen klar i kjøleskapet. Så no, medan resten av huslyden (har fått heim att to av tre avkom) er i ferd med å kome til medvit, spelast min favorittjulemusikk; Ramirez som sjølv dirigerer Nuestra Navidad, eit argentinsk juleoratorum. Det spelast med høgtidspickupen Kiseki blå (sjølvsagt, når han er i hus og det er jul) via SP 10, hotrodda inn i Topping, Vera og MBL. Eg er fornøgd med lyden, og ynskjer både kranglefantar, politisk øsne, og alle dei som ytrar seg på Sentralen ei strålande jul. Hugs å skape høgtid - det er lett når ein har tilgong på skikkeleg julemusikk. Og for all del - ikkje for mykje Mariah Carey.
    God jul, alle saman.
     
    Fosse

    Æresmedlem
    Ble medlem
    19.08.2003
    Innlegg
    11.428
    Antall liker
    25.882
    Torget vurderinger
    24
    God jul Audiophile-Arve.

    Her er det Tony Bennet, Sinatra, Elvis og Bing Crosby som står for tolkning av juleslagere. Kan hende blir det Dylan og Diana Krall senere. Det er lite som er så godt som god musikk, ferie, kaffe og marsipan.
     
    Multikanal

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    05.02.2004
    Innlegg
    1.476
    Antall liker
    895
    Sted
    Nordfjordeid
    Torget vurderinger
    1
    Då er 24. opprunnen!
    Har pynta tre og børi ved så det skulle halde lenge. Tradisjonen tru er bukkeribba klar til damping, og moltefromasjen klar i kjøleskapet. Så no, medan resten av huslyden (har fått heim att to av tre avkom) er i ferd med å kome til medvit, spelast min favorittjulemusikk; Ramirez som sjølv dirigerer Nuestra Navidad, eit argentinsk juleoratorum. Det spelast med høgtidspickupen Kiseki blå (sjølvsagt, når han er i hus og det er jul) via SP 10, hotrodda inn i Topping, Vera og MBL. Eg er fornøgd med lyden, og ynskjer både kranglefantar, politisk øsne, og alle dei som ytrar seg på Sentralen ei strålande jul. Hugs å skape høgtid - det er lett når ein har tilgong på skikkeleg julemusikk. Og for all del - ikkje for mykje Mariah Carey.
    God jul, alle saman.
    Høyrest bra ut!:) Sjølv fekk eg nettopp den nyaste til 2L,Stille Grender,med Det Norske Jentekor og Tord Gustaffson.Innspelt i Uranienborg kirke. Høyrest heilt fantastisk ut i Atmos.:cool:
    God Jul til deg og dine.🎄Her blir vi bare Madammen,eg og katten i år.🐱
     
    Aurora

    Æresmedlem
    Ble medlem
    04.06.2004
    Innlegg
    14.896
    Antall liker
    11.283
    Sted
    Ytterst i havgapet...
    Røyking av fisk er en enkel oppgave, Arve... koster heller ikke mye å komme igang.. problemet er å finne de beste råvarene. Saltvannsfisk fanges nesten fra trppa her, så det er ikke et problem... Forresten så var det et innslag om Janas på TV nokså nylig, - dattera har bestemt seg for å overta....
    Ramirez og jula.... hvem synger? Terfel og Villazon?.... God Jul, gutar...
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Fekk kjøpt ei side frå ein som hovudsakleg driv til eige bruk. Så har eg noko fisk som eg har pimpa sjølv (lagt fileten på grovsaltet etter at bukken var ferdig, og lat han henge nokre dagar på mørkeloftet. Vart mykje betre). Og til slutt kom den sterkt potensielle svigersonen min på besøk med laks frå Svanøy. Svanøylaksen er svært god, og sikkert veldig sunn, ettersom han er den minst salta kjøpevarianten eg har vore bort i.
    Så kom det ein fiskebil forbi meg, som faktisk hadde flotte laksefiletar. Eg kjøpte to stk (vakuumpakka, ferdig avskinna) og lagde gravlaks. Enklaste preppinga av laks eg veit om. Salt, sukker, pepar og noko tungt på toppen - vips har du gravlaks. Endeleg laga eg sursild. Tok berre litt sjalottlauk, to kryddersildfiletar og etterfylgde Deilikat si "vår beste sursild". Måtte skvette på litt ekstra eddik, så var det ok.
    Mykje god mat, men så har eg då også lagt på meg ein del...
    Ramirez er eg ferdig med for i dag. Spelte fyrst vinyutgåva på Philips 6527 136 der Cantoria de la basilica del socorro syng. Så fann eg ein CD med same musikken, ein Naxos der dei hadde skifta ut trekkspelet med fiolinar. Drittversjon.
    Så no spelte eg ferdig Bone Jesu (Schütz) og Stabat Master (Pergolesi) på CD, før eg no har fått tid til å spele heile 9.symfoni av Schubert med Bruno Walter, noko eg sjelden får overskot til for tida.
    Kjekt med jul. Men no må vi vel snart ha frukost....
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Har leika meg litt med volumknappane i det siste. Desse har ganske stor innverknad på lyden, og ikkje berre fordi lydstyrken styrast av desse. I oppsettet mitt er det mange alternativ; eg kan skru på volumet på telefon, på Toppingane (Både A og D 90) på inngangen til Vera effektforsterkaren, og på SP 10 når eg brukar linjedelen, og ikkje berre "hot-roddar" frå tape out.
    Det er no eingong slik at dei fleste av oss har ein tendens til å like best det oppsettet som gjev høgast volum. Sørgjeleg, men sant. Så eg brukte lydtrykk-appen på mobilen til å kalibrere lydstyrken til i utgangspunktet å vere rundt 70 dB med roleg julemusikk. Fekk etter kvart morosame resultat:
    - med ARC SP10 åleine, komplett forforsterkar utan Topping, berre vinyl, var det størst gøyfaktor.
    - Då eg sette A90 inn i signalkjeden og fekk ein ekstra volumkontroll, er eg usikker på om eg høyrde skilnad i det heile. Men eg kunne balansere mellom kor mykje eg skrudde på dei to volumkontrollane. Eg har inntrykk av at SP 10 har det best når volumet er rundt klokka 0100. Topping har det også best når volumet er skrudd litt opp.
    - Å skru på volumkontrollane til Vera er nyttig, men det var svært vanskeleg å høyre skilnad når ein etterjusterte volumet andre stadar. Det var dessutan vanskeleg å vite om det var Vera-kontrollane eller dei andre som var i bruk.
    - Å spele på SP 10 i hotrod-modus med Topping-potmeteret var det eg tykte let både rettast og flottast, om enn ikkje fullt så "gøy" som med berre SP 10
    - Å spele digitalt var mest gøy, musikalsk, og for meg rettast ved å sende digitalt frå Oppo inn på Topping Dak, og derifrå inn på linjedelen på SP 10.
    - Digitalt signal frå Oppo til Topping D90 dak, og derifrå rett i effektforsterkar utan A90 let svært korrekt, og var såleis det rettaste, men eg likar betre å vere "dus" med anlegget og ikkje så formell. Spesielt etter kvart som eg gjekk bort frå 70 dB til 90 dB.
    - Det var lite, om enn noko skilnad då A90 kom inn i signalkjeden. Dette er eigentleg ein forsterkar til øyretelefonbruk, men eg brukte han som volumkontroll fordi eg då har inngangsvelgjar og volumkontroll når SP 10 skal brukast.

    Etter kvart som eg skrudde opp volumet, endra eg på musikksjangeren. Eg gjekk frå julemusikk til Leonard Cohen, vidare til Supertramp og meir livlege greier, og tendensen vart endå klarare - SP 10 er eit must.

    Så her står eg i dag:
    - Rør må til ein eller annan stad i signalkjeden om det skal vere moro.
    - Fulldigital lyd utan rør er fint, det også, men det vert som å lytte med kvitskjorte og slips. Ved å bruke linjedelen av SP 10 som forforsterkar, vert ting lettare å fordøye.
    - Uansett er Topping D90 ein stor lydforbetring når CDar skal spelast. Oppo 105 har ein heilt grei innebygd Dak, men det er ein del å hente på å bruke D90 i staden.
    - Eg trivast best med det digitale når lyden går gjennom rør. Eg føler meg ikkje komfortabel med eit oppsett der eg berre har D90+Vera. Slipset strammar, og eg lengtar etter å slenge føtene på bordet.
    - Vinyl har mest for seg, men kan verte for feit. Eg likar for tida best lyden med Kiseki Blå og SP 10 i hotrod-modus når belastninga er anten 100 Ohm eller 10 kOhm (greier ikkje bestemme meg heilt)
    - Eg kan godt spele på 70 dB tidleg på morgonen, men det er når vi nærmar oss 90 dB at tinga vert morosame. Spelar eg særleg høgre, vert eg mindre konsentrert og fortare lei. Denne prosessen går fortare når eg spelar utan SP10. Kanskje det er sunnare å spele CD? For høyrselen? Men det må då vere litt morosamt også....
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Rapport om lydstreve-stoda:
    Har no ein del produkt til utprøving, og så mange variablar at eg må vere forsiktig med å meine noko som helst......

    Kiseki Blå er betalt, innspelt, og min favorittpickup. Kler anlegget mitt på ein utmerka måte. Men eg brukar berre riaadelen til SP 10, og tek signalet ut frå "Tape out" . Når eg tek signalet frå Pre Out, slik eg normalt gjer med AT33SA-pickupen vert det nesten for mykje av det gode....

    Oppo 105D er nokre år no, men han vert nok ikkje skifta ut. Er ikkje heilt fornøgd med lyden slik han var, men ved hjelp av Topping D90 endra ting seg. Denne dak-en tek inn alle digitale signalkjelder eg har, med rikeleg inngangar og blåtann. Her er volumkontroll også, men den verkar ikkje på analogsignalet frå vinylriggen. Dessutan er eg ikkje fornøgd med totalresultatet frå digitalkjeldene. Ein A90 frå Topping er difor også med på leiken. Her er det både gain og analoginngang. Øyretelefonutgangen brukar eg ikkje, men han verkar svært god, ut frå kva eg registrerer gjennom billeghøyrelurane eg prøvde ut.

    Med den svært gjennomsiktige Vera 400/1000 på favoritthøgtalarane mine er eg svært fornøgd. men no har eg likevel planar om å prøve ut yms. Ein ny riaa skal prøvast ut. Verda har endra seg, og produkt frå høgkostlanda, vel, dei kostar. Eg var rimeleg imponert over dei serbiske rørforsterkarane som vert distribuert gjennom Sound Ground i Bergen, og no skal eg prøve Soulines sin "The Loop" riaa. Denne har to rør som styrer med riaa og MM-pickupar, medan J-FET med SMD--teknikk tek seg av å forsterke moving coil-pickupar. The Loop står no og varmar opp, så om ein time eller to skal eg gjere den fyrste innleiande samanlikninga med mi gamle referanse..
    Fin idrett, dette her, innimellom all skigåinga.
     
    JMM

    Slava Ukraini!
    Ble medlem
    27.11.2016
    Innlegg
    7.462
    Antall liker
    7.981
    Sted
    Fredrikstad
    Torget vurderinger
    4
    " Eg var rimeleg imponert over dei serbiske rørforsterkarane som vert distribuert gjennom Sound Ground i Bergen"

    Hvilke forsterkere er dette? Jeg leste testen av greske Tsakiridis Devices, men finner ikke noe fra Serbia på Sound Grounds sider.

    Ellers synes jeg noen burde ta en lytt på greiene fra Lab12 (Moiz). Disse har, etter mine ører, en himmelhøy kost/kvalitet ratio og kombinasjonen Pre1/Suono danket relativt enkelt ut Luxman L-550AXII på både lydkvalitet og krefter her hos meg.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Rota litt der. Greske, sjølvsagt. Medan Soulines er frå Serbia.
    Verda har endra seg. Eg sit tydelegvis fast i den tida då skikkelege rørprodukt var frå Frankrike, Storbritannia eller USA......medan japanarane yppa seg.
    No slit dei gamle meisterkonstruktørane i Vesten, i den grad dei framleis er i live.
    Lab 12 ser veldig spennande ut, men effektforsterkarane er nok for tutlete til at eg kan gjere meg håp om å drive høgtalarane mine med dei utan brukopling , så vi får håpe andre skribentar byd seg fram.... Men når det gjeld dei ande produkta derifrå, er eg absolutt tilsnakkandes. Skikkeleg justerbar riaa, rør-dakk og ein høgst interessant forforsterkar kan eg gjerne lukte nærare på...
     
    JMM

    Slava Ukraini!
    Ble medlem
    27.11.2016
    Innlegg
    7.462
    Antall liker
    7.981
    Sted
    Fredrikstad
    Torget vurderinger
    4
    Pre1 er i aller høyeste grad verdt å legge øre til. Den minner meg veldig om en Air Tight ATC-1 jeg hadde for en tid tilbake, selv om det er for lenge siden til at jeg kan si noe helt bastant om kvalitetsforholdet mellom de to. Jeg mistenker imidlertid at forskjellen er helt minimal, om i det hele tatt eksisterende. Prisforskjellen derimot....

    RIIAen skulle jeg veldig gjerne hørt, men jeg tør ikke be om hjemlån siden jeg er så fryktelig glad i den jeg har.....
     
    Multikanal

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    05.02.2004
    Innlegg
    1.476
    Antall liker
    895
    Sted
    Nordfjordeid
    Torget vurderinger
    1
    Rapport om lydstreve-stoda:
    Har no ein del produkt til utprøving, og så mange variablar at eg må vere forsiktig med å meine noko som helst......

    Kiseki Blå er betalt, innspelt, og min favorittpickup. Kler anlegget mitt på ein utmerka måte. Men eg brukar berre riaadelen til SP 10, og tek signalet ut frå "Tape out" . Når eg tek signalet frå Pre Out, slik eg normalt gjer med AT33SA-pickupen vert det nesten for mykje av det gode....

    Oppo 105D er nokre år no, men han vert nok ikkje skifta ut. Er ikkje heilt fornøgd med lyden slik han var, men ved hjelp av Topping D90 endra ting seg. Denne dak-en tek inn alle digitale signalkjelder eg har, med rikeleg inngangar og blåtann. Her er volumkontroll også, men den verkar ikkje på analogsignalet frå vinylriggen. Dessutan er eg ikkje fornøgd med totalresultatet frå digitalkjeldene. Ein A90 frå Topping er difor også med på leiken. Her er det både gain og analoginngang. Øyretelefonutgangen brukar eg ikkje, men han verkar svært god, ut frå kva eg registrerer gjennom billeghøyrelurane eg prøvde ut.

    Med den svært gjennomsiktige Vera 400/1000 på favoritthøgtalarane mine er eg svært fornøgd. men no har eg likevel planar om å prøve ut yms. Ein ny riaa skal prøvast ut. Verda har endra seg, og produkt frå høgkostlanda, vel, dei kostar. Eg var rimeleg imponert over dei serbiske rørforsterkarane som vert distribuert gjennom Sound Ground i Bergen, og no skal eg prøve Soulines sin "The Loop" riaa. Denne har to rør som styrer med riaa og MM-pickupar, medan J-FET med SMD--teknikk tek seg av å forsterke moving coil-pickupar. The Loop står no og varmar opp, så om ein time eller to skal eg gjere den fyrste innleiande samanlikninga med mi gamle referanse..
    Fin idrett, dette her, innimellom all skigåinga.
    Er det du som går på på ski,eller?:sneaky: Eg har også ein 105D,som eg er godt fornøgd med.Brukar den både med analog og HDMI ut for multikanals musikk.Har ein også Sony 800M2 som brukast til film frå BD og UHD plater.Spelar også SACD og DVD-A.
     
    oyvjorge

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    04.05.2002
    Innlegg
    2.808
    Antall liker
    564
    Sted
    Akershus,Vestby
    Torget vurderinger
    13

    Har du vurdert oppgradering av Oppo’en? Feks hos Coris?
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Er det du som går på på ski,eller?:sneaky: Eg har også ein 105D,som eg er godt fornøgd med.Brukar den både med analog og HDMI ut for multikanals musikk.Har ein også Sony 800M2 som brukast til film frå BD og UHD plater.Spelar også SACD og DVD-A.
    Har hatt ski på beina 5 gonger i år, seinast i går. Ikkje rare greiene, litt på Stadt og litt på Sandvikseidet. Så har eg ein syrisk kompis som fekk låne kona sine ski til ein fyrste introduksjon - vi gjekk på fotballbana, ikkje heilt utan problem, men greidde 3 runder.
    Har du funne ein måte å tappe digitalt det som er på SACD, DVD-A og BD? Eg har lyst å sende lyden inn i Topping 9D og sjå om det kan vere morosamt....
     
    Multikanal

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    05.02.2004
    Innlegg
    1.476
    Antall liker
    895
    Sted
    Nordfjordeid
    Torget vurderinger
    1
    Har hatt ski på beina 5 gonger i år, seinast i går. Ikkje rare greiene, litt på Stadt og litt på Sandvikseidet. Så har eg ein syrisk kompis som fekk låne kona sine ski til ein fyrste introduksjon - vi gjekk på fotballbana, ikkje heilt utan problem, men greidde 3 runder.
    Har du funne ein måte å tappe digitalt det som er på SACD, DVD-A og BD? Eg har lyst å sende lyden inn i Topping 9D og sjå om det kan vere morosamt....
    Eg kjøpte felleski til 60 årsdagen,prøver å få 3 turar i veka no når det ikkje er sykkelføre.Preparerte løyper både på Harpen og Tua i Stigedalen,då får eg med kona og. :)
    Eg brukar HDMI frå 105 til ein eldre Denon receiver med Atmos.Har også analog 7.1 til ein Parasound P7.Finnast 8 kanals dac å få,men har ikkje sett meg råd til det.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Tre turar i veka er imponerande. Du som har Harpen i nærmiljøet, og endåtil god tid, prioriterer fornuftig. Men her det berre er skiføre annakvart skotår, vert det heller båt og hifi...
    Eg brukar eit billegopplegg på heimekino/5.1-oppsettet i glasveranden, men greier meg med eit enkelt 2.0 i stova. Kunne vore morosamt med fleire kanalar, men som du seier, det vert fort dyrt.
     
    oyvjorge

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    04.05.2002
    Innlegg
    2.808
    Antall liker
    564
    Sted
    Akershus,Vestby
    Torget vurderinger
    13
    Svenske som er særs dyktig med Oppo.
    Let på Sentralen og du skal finne 😊 Han forbedrer analogdelen på lydsignalet og gjør noe med bildedelen. Han har flere trinn å velge i. Jeg tok de fleste forbedringene og endte vel opp på Ca 14000. Mulig han nå bare tar 205, men det vet jeg ikke. Jeg fikk også fjernet multiutgangene, som jeg ikke har bruk for.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Endeleg fekk eg ein sjanse til å samanlikne A90 med Pre90. På grunn av at postverket insisterte på at eg skulle hente pakken i Hokksund, tok det si tid. Men nå har eg fått køyrt nokre timar med Pre90. Signalkjelde har vore litt CD via D90 som dak.
    Fyrst fekk eg ein støkk, då eg høyrde relativt stor skilnad på dei to apparata. Men etter at dei stod på eit døgn eller så, var skilnaden mindre, og dessutan til fordel for Pre....
    Berre synsing og fyrsteinntrykk, vi får eventuelt komme attende til ei omtale seinare. Men D90 kjem eg til å nekte og returnere....
     
    oyvjorge

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    04.05.2002
    Innlegg
    2.808
    Antall liker
    564
    Sted
    Akershus,Vestby
    Torget vurderinger
    13
    Har hatt ski på beina 5 gonger i år, seinast i går. Ikkje rare greiene, litt på Stadt og litt på Sandvikseidet. Så har eg ein syrisk kompis som fekk låne kona sine ski til ein fyrste introduksjon - vi gjekk på fotballbana, ikkje heilt utan problem, men greidde 3 runder.
    Har du funne ein måte å tappe digitalt det som er på SACD, DVD-A og BD? Eg har lyst å sende lyden inn i Topping 9D og sjå om det kan vere morosamt....
    Det kan vel bare tappes via HDMI? Så kan man vel muligens konvertere det i en eller annen liten boks? Siden det er digitalt blir det vel ikke degradert?
    https://infshop.net/hdmi/2135-hdmi-...MI_evjtoTQ7gIVZUiRBR0A7g4VEAQYByABEgKrJvD_BwE
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    No har eg bestemt meg. 90 Pre er faktisk betre enn A90 - når dei brukast som forforsterkarar. Skal du bruke høyrelurar, er saken opplagt.
    A90 har dessutan ein ekstra nivåkontroll med tre ulike stille, slik at du kan tilpasse volumkontrollen til forforsterkar og anlegget elles. På Pre må du greie deg utan dette. Til gjengjeld er det ein uvanleg god volumkontroll på Pre.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Planen var å få testa mykje bra stoff før påska, og med litt om og men har det dukka opp interessante greier på posten, og dei er for lengst komne i hus og er både installerte og oppvarma. Men det har også vore nedstenging og digitalundervisning på skulen der eg jobbar. Fokus har difor gått litt hit & dit. Ein uvanleg interessant diskusjon her på sentralen om rør/transistorkonstruksjonar, vrenging og terminologi har også innimellom vore freistande å fylgje. Så den høgre hjernehalvdelen har fått dominere engasjement og kva eg har gjort med anlegget. Men det å kose seg med musikken i ei irriterande koronatid kan vere meiningsfylt, det også.

    Eg er no rimeleg fortruleg med oppsettet mitt, som er såpass sært at det neppe kan kallast korkje leiande teknologisk eller alment kjent for folk. Men det er det beste eg har greidd å få til, ut frå mine erfaringar. No er det utprøving på gong, akkurat no heilt utan rør. SP 10 sin riaadel er erstatta av Primare sin nye, og flottaste modell, som er særs god (denne bør du høyre). MBLane drivast akkurat no av eit sett av dei kraftige M8 frå Musical Fidelity, og eg har sett Vera 400/1000 på pause. Eg kan vel alt no røpe at det er nesten uråd å skilje mellom desse effektalternativa før du skrur ordentleg opp. Då dominerer M8-blokkene med rå makt heile vegen, og eg stussar over at eg sende den andre Veraen attende.....skulle samanlikna med eit brukopla oppsett.
    Har samanlikna M8 forforsterkar med min nye "vrengingslause" forforsterkarreferanse Topping 90 Pre, og må seie at det er lite skilnadar på lyden (litt er det då, men det kjem eg attende til når eg skriv omtale på www.audiophile.no. Eg likar M8 veldig godt, for det er meir å glede seg over enn berre lydkvalieteten). Men når eg går over på den snart 40 år gamle ARC SP 10, er det klart annleis lyd. Eg trur dei fleste vil seie meir musikalsk. Kva er då best, dei lytefrie og rørlause, eller den engasjerte gamlingen? Det er helst ein privatsak. Så eg har ordna meg slik at eg har begge alternativ lett tilgjengeleg.

    Det er mykje å filosofere over når det gjeld lydattgjeving. Og det viktigaste er nok det som skjer under innspeling. Deretter er miksinga avgjerande. Avspelingsanlegget er mindre viktig, bortsett frå korleis høgtalarar og lytterom har det i lag.
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Denne påska har eg storkosa meg med største og flottaste forsterkarsettet frå Musical Fidelity. Forforsterkar, to monoblokker som leverer alle dei watta MBL 101 kan drøyme om. Det har spelt fantastisk. Siste dagane vart desse to tvillingane skifta ut med Vera 400/1000, og det var fantastisk, det også (ein del skilnadar var det trass alt, men det skal vi komme attende til når eg skriv omtale). Eg har skifta ut forforsterkaren med den enkle og billege Topping 90Pre. Veldig bra det og. Eg har altså sjonglert mellom mykje elektronikk, og andre påskedag gjekk eg attende til min 35 år gamle ARC SP 10 med 15 rør. Og nok ein gong gleder eg meg over at eg ikkje fekk solgt han då eg prøvde....
    No kjem hovudanlegget til å bestå av to alternative signallaup: Anten med komplett SP 10 til Vera, eller berre riaadelen av SP 10 inn i Topping 90Pre, vidare til Vera. DAKen til Topping tek seg av alle digitale kjelder han kan i begge tilfelle. Så eg har rørvrengt alternativ, eller vregingsminimalt alternativ.
    Problemet er at begge alternativ er svinaktig gode....
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.690
    Antall liker
    7.929
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det vert ikkje så mykje skriving for tida, ser eg. Grunnen er nok at det ikkje skjer så mykje på hifi-feltet for tida. Ein god del musikk vert spelt, sjølvsagt, og anlegget er godt nok til mitt bruk. Men no kjem det endringar i Audiophile-stova. Vi skal oppgradere til større TV. GamleTVen er plassert på veggen bak høgtalarane på ein ledda, svingbar arm. Såleis påverkast lyden frå mine rundstrålande høgtalarar minimalt. Men korleis vil det verte med ein større TV? Eg håpar oppgraderinga frå nokre-og-førti tommar til 55 ikkje fører til noko endring å snakke om. Men dersom han vert for tung for det svingbare veggfestet, slik at han må stå på eit møbel mellom høgtalarane, ja, då vert det utfordringar...
     
    xerxes

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    08.01.2005
    Innlegg
    9.762
    Antall liker
    5.414
    Sted
    Holmestrand
    Det vert ikkje så mykje skriving for tida, ser eg. Grunnen er nok at det ikkje skjer så mykje på hifi-feltet for tida. Ein god del musikk vert spelt, sjølvsagt, og anlegget er godt nok til mitt bruk. Men no kjem det endringar i Audiophile-stova. Vi skal oppgradere til større TV. GamleTVen er plassert på veggen bak høgtalarane på ein ledda, svingbar arm. Såleis påverkast lyden frå mine rundstrålande høgtalarar minimalt. Men korleis vil det verte med ein større TV? Eg håpar oppgraderinga frå nokre-og-førti tommar til 55 ikkje fører til noko endring å snakke om. Men dersom han vert for tung for det svingbare veggfestet, slik at han må stå på eit møbel mellom høgtalarane, ja, då vert det utfordringar...
    Du er litt morsom når du sier "og anlegget er godt nok til mitt bruk". :LOL:
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn