^Og hvordan leser man det hvis man ikke er abonnent?
Såpass ja. Er abonnent, og BT merker ikke artiklene med + eller lignende slik ta man ser tydelig hva som er alment tilgjengelig, eller ikke.
Et lite utdrag:
Parallellen til kosthaldet vårt har berre blitt tydelegare med åra. Andelen nordmenn som har fedme har dobla seg på rundt femten år.
Kvar femte ungdomsskuleelev er overvektig.
Femti tusen fleire brukar diabetesmedisin no enn for ti år sidan. Dette siste aleine
kostar fellesskapet hundrevis av millionar kvart år.
Utan ei kraftig omlegging av avgiftssystemet og tilrettelegging for fysisk aktivitet, har me ein heilt uhandterleg epidemi på gang det neste tiåret.
FARESIGNALENE: Overvektige har større risiko for kreft. Før FrP set sjokomjølka kollektivt i halsen, bør dei tenkja over kva desse diagnosane medfører for folk. Kanskje blir laurdagskvelden ein smule kjipare viss smågodtet er ti gonger så dyrt, men behandling og medisinering er langt sterkare inngrep i folk sine liv.
For å få alt du treng må du lystra fastlegen, Nav, sjukehuset, Pasientreiser og apoteket, for å nemna nokon. Mange må konstant gå og drassa på eit lite reiseapotek med sprøyter, blodsukkermålarar og diverse tablettar.
Dei treng legeerklæring til flyplasskontrollen og ekstra helseerklæring til førarkortet. Alt dette legg òg ein dempar på fridomskjensla, for å sei det forsiktig.
Eller sagt på en annen måte: frihet har sin motsats i ufrihet, og frihet koster (i norsk politisk debatt fremheves det stadig hva manglende frihet koster folk).