No er det alvor. I morgon skal Høgres stortingsgruppe drøfte Oslo-OL, eit møte som mange meiner vil avgjere heile saka. Det er tid for å køyre ut kanonane.
«Folket sier JA til billig-OL» jubla Dagbladet i dag. Dei hadde laga ei OL-måling med ein artig vri. Først spurte dei «Bør Norge søke om å få arrangere vinter-OL i 2022». «Nei» sa 64 prosent av dei spurte. Deprimerande 29 prosent svarte «Ja».
Så kom den artige vrien. Dagbladet plukka ut dei som hadde svart nei, og spurte om dei ville støtta ein norsk OL-søknad «dersom kostnaden ble redusert ved gjenbruk av flere anlegg fra Lillehammer-OL». Vips, så hadde 53 prosent sagt ja til Oslo-OL.
Metoden er høgst tvilsam. Ein ting er at det andre spørsmålet, der ingen summar blir nemnd, er sterkt leiande, noko alle statistikarar veit (og ein kvar idiot burde vite) påverkar svara.
Endå verre er valet av kven som fekk svare på det andre spørsmålet, og korleis dei rekna seg fram til den første målinga som viser eit fleirtal for Oslo-OL:
Mange av dei som er for OL, ikkje minst i Oslo, er det fordi arrangementet vil gje byen ein ny ishall og ei rekkje andre gode. Det er difor all grunn til å tru at mange av dei som svarte ja på Dagbladets første spørsmål, ville svart nei på det andre. Men dei vart altså ikkje spurt.
Dermed er det høgst tvilsamt om det faktisk er noko fleirtal, sjølv for det hastig samanraska og svært usikre alternativet «billig-OL».
Pågangsmotet til Oslo-media for å presse fram eit Oslo-OL er det ikkje noko å seie på. Aftenposten prøvde seg i førre veke med
si eiga meiningsmåling, som dessverre òg vart attgjeve i BT.
Der spurte kvalitetsavisa «Stiller du deg positiv eller negativ til at Oslo søker om vinter-OL i 2022 dersom man holder en lavere kostnad på arrangementet?». «En lavere kostnad»? Kva f... betyr det? Nesten gratis? Talet skal vere 26 milliardar kroner, som ifølgje søkjarkomiteen er det staten må garantere for ved eit «billig-OL».
Trass leiande spørsmål, fekk dei ikkje fram noko fleirtal. 54 prosent var framleis i mot, 38 prosent for. Men Aftenposten vinkla likevel på at folk no var langt meir positive til arrangementet etter kutta. Her samanlikna dei si eiga måling med to BT-målingar, som tidlegare i år har vist, vel, at 54 prosent er mot. Altså det same. Endringa bestod i at tvilarar var erstatta med tilhengjarar.
I fjor haust fekk NRK kritikk i kringkastingsrådet for kampanjejournalistikk for Oslo-OL, i forkant av folkeavrøystinga i Oslo. Men det har ikkje stoppa dei, like lite som det har stoppa mange andre media i hovudstaden. Heiderlege unntak: Dagens Næringsliv og Klassekampen.
Den siste veka har det vore eit veritabelt takras av gla'saker om dette fantastiske arrangementet, som altså mindre enn ein tredel av folket meiner vi bør få.
NRKs dødsseriøse «Politisk kvarter» arrangerer
radiodebatt der OL-tilhengjarar breier seg utan motstand (og brukar Aftenposten-målinga som teikn på at folket har snudd).
VG og Dabla' fyller opp med gamle idrettsstjerner, som sjølvsagt gjerne vil ha eit nytt OL på heimebane.
Aftenposten, som fortenestefullt har sagt nei til OL på leiarplass, melder i dag om at det blir eit «sterkt» (side 1) og «massivt» (inni avisa) OL-fleirtal i Høgre i morgon. Entusiasmen tyt ut mellom linjene.
Men høyr etter Høgre-folk i tvil: Folket vil ikkje ha eit OL i Oslo i 2022. Les Dagbladet. Det står der, godt gøymt.