Bolinder
Overivrig entusiast
Eg har fleire hyllemeter med gramofonplater. Ikkje for at lyden er betre enn på CD, men for at det er mykje musikk som berre finst på LP. I samband med plater er statisk elektrisitet ofte eit problem, spesielt om vinteren når lufta er tørr. Nytta i fleire år ein Zerostat-pistol, som fungerte så nokon lunde, men eg tykte var noko tungvint å bruka han. Problemet vart løyst med ein 3M 963E ionisar, som eg kjøpte brukt på ebay. Han ser slik ut (https://www.digikey.com/products/en?mpart=963E&v=1569) og er svindyr ny. Men det er mulig å finna dei for mellom kr 2000 og 2500 på ebay; da har eg rekna med frakt, MVA og fortolling. Pass på at det er ein 963E-model; E står for Europa. Eg har 963E ståande på bordet, attmed spelaren, og så set eg han på medan eg skiftar eller snur plata og let han stå på til eg senkar arma. Det er mykje lettare og meir effektivt enn ein Zerostat-pistol. Har sett at det finst ioniserarar mynta på LP, men dei eg har sett er laga av plastikk og er dyre. Det er òg mange som ein lyt halda i handa og det er litt upraktisk når ein skal snu plata. No har eg ikkje lenger problem med statisk elektrisitet på platene. Det samlar seg no mindre støv på platene under speling enn før. Så no er det ikkje naudsynt å støvsuga så ofte!