Då vert det rundstykke igjen. Dei står til heving. Må ha 1 1/2 time, men då vert dei veldig bra.
Lagar blaut deig, som nesten ikkje kan rullast ut fordi han er så klissete. Dessutan brukar eg relativt mykje oliveolje i deigen. etter måten store rundstykke, ca 20 stk på 1 l vatn, oftast mindre (ungane er ikkje så mykje heime som før) Steikjer på 250 grader, og slår ein skvett vatn inn i steikeomnen etter at rundstykka er komne inn. 15 minutt etterpå er alt klart.
Før pensla eg med egg, og hadde på sesamfrø. Men det gidd eg ikkje lenger.
Har ein halv time att før dei skal i omnen. Får sjå om det skal spelast litt musikk. Eller lesast. Kanskje ta eit bad før okkupantane vaknar?
Gidd ikkje meir hifisentral no. Haustferie.
Ah!