oddgeir skrev:
Karakterer står i nært forhold til en persons videre skjebne. Ingen av min tidligere klassekamerater som padlet under middels, har fått noen såkalt akademisk karriere. (Hva er nå det forresten). De har alle solide jobber på gulvet i møbelindustrien, eller i det offentlige.
De av oss som gikk videre, (dette var den tiden det var nesten umulig å kommer inn på gymnaset), havnet i ledende stillinger rundt i hele kongeriket. Svært få av oss falt fra. Bare én, når jeg tenker meg om. Har tidene forandret seg?
Til det siste du spør om? JA, definitivt.
Når det gjeld samanhengen mellom karakterar og skjebne, ser eg at vi har ulike erfaringar. Dei karakterane eg har fått høve til å undersøke, ligg ganske langt attende i tid, frå då det var karakterar alle år, og vi berre hadde sju-årig grunnskule. Samfunnet var sjølvsagt annleis då enn for oss (sjølv om eg er etter måten godt vaksen, gjekk eg i ni-årig)
Mitt miljø er kanskje ulikt ditt, og det er ganske avgjerande for kva skulesyn ein elev utviklar. Mang ein kollega har fortalt om yplingar/problemgutar dei har sluppe ut av ungdomsskulen, gått rett om bord i ein fiskebåt, og blæra seg med årsinntekter som overgjekk alt det ein akademikar kunne drøyme om før dei fylte 20. Dei som hadde slike framtidsutsikter, kunne tillate seg å gje ganske mykje blaffen i skulen. Slike haldningar har vore med på å øydeleggje respekt for teoretisk kunnskap og kompetanse, og det er ikkje lenge sidan eg høyrde ein elev stolt skryte av at dei ikkje hadde bøker heime...
Ei anna side ved dette, er korleis kjønnsroller utviklar seg i eit sånt klima. Jenter utviklar skuleambisjonar i kontrast til bajas-gutane, og opplever også lokalmiljøet som ganske lite tiltrekkjande. Dei forsvinn herifrå etter kvart, og vi finn dei att i urbane strok som har større variasjon i aktuelle kjærastekandidatar. Så flyttar bajasgutane same vegen...
Eg høyrde nettopp representantar frå NAV erklære at slaget om ungdomen i Sogn og Fjordane er tapt. Ungdomen kjem ikkje attende, så det skal no satsast på innvandring. Greitt nok det, men det er synd. Kulturen i tradisjon, dialekt og generell lokalkunnskap vil nok forsvinne.
Og dette skal ein stakkars lærar prøve å gjere noko med....