Eg har ei grei samling av pickupar. Eigentleg burde eg klare meg med ein svinaktig god til same pris som dei eg har til saman, men eg har aldri greidd å bestemme meg. Og når eg er i humør til å høyre på ulike musikksjangrar, eller skal prøve ut ein ny riaa, er det godt å kunne byte på litt. Men no ser eg at alder og sjukdom gjer at det vert mykje styr med pickupskift. Før gjekk dette lett, men i dag brukte eg nesten ein time på å få det rett. No gjekk eg frå gamle, gode Denon 103
til den mykje betre AudioTechnica AT33 SA. Og no vert det lenge til eg skiftar. Topp-pickupen min er Kiseki Blå (nyutgåva) som eg normalt brukar når det er påske, jul eller anna langtidsfri der eg kan fordjupe meg. Så har eg nokre andre gode pickupar som sjeldan brukast.
Er det andre med mange pickupar som dei skiftar på? Eller satsar de på ein de likar veldig godt?