Oppsummering av året som gjekk - Stig Arne si dagbok for januar 2023

SAD-0123 (1 of 1).jpg


Eg tok det opp med redaktøren. I staden for å skriva ein “vanleg” dagbokartikkel, hadde eg lyst til å sjå attende på året som gjekk, ein slags kavalkade. Han tykte òg det var ein god ide, heldigvis. Dei siste par åra har elles vore vanskelege, om du ser det store biletet. Det starta med ein pandemi, som gjekk hardt ut over musikklivet og anna kultur, og næringslivet. Gamle kommuniststatar har ikkje forstått at verda har gått vidare, og ynskjer fred og demokrati. Dei står på sitt, og eitt av dei har til og med gått til krig mot ein uskuldig nabo, midt i Europa. Det hadde eg ikkje trudd var mogeleg. Men i bakvendtland går allting an.

Hifi-året 2022
Om me no snevrar perspektivet inn att til vårt kjære stereoanlegg, tykkjer eg året som gjekk også her har vore rikt på hendingar. Eg fekk endeleg liv i “pyramidehøgtalarane" til Børja/Electrocompaniet, etter at eg kom over akkurat det basselementet eg trengde som erstatning for det øydelagde. Eg har alt skrive mykje om desse høgtalarane, men ein sluttvurdering er endå ikkje gjort. Vidare var eg heldig å få kjøpa eit gamalt sett Electrocompaniet (25W) av ein bror til Svein Erik Børja. Heller ikkje dette er testa ut, men det kjem.

Dette var i januar. I skrivande stund er denne dagboka lese 2022 gonger! Snakk om tilfeldigheiter. Elles ser eg at artiklane vert meir leste di lengre dei ligg.

Månad for månad:
I februar kom eg ved rein slump (som va nleg) over ein CD-spelar på bruktbutikken Brukt`n i Voss, Xenon CDH 05F. Eg avtalte med Oddvar at eg kunne ta han med meg heim for å sjekka om han virka. Eg hadde aldri høyrt om han før, og veit ikkje mykje om han no heller (bortsett frå at Xenon er filippinsk, og at han er laga i Japan), men det er den beste CD-spelaren eg nokon sinne har hatt, uansett pris. Den dagen denne sluttar å virka, og den dagen kjem, veit eg ikkje heilt kva eg skal finna på.....

Les hele dagboka i Audiophile.no

SAD-0123 (4 of 7).jpg
 

Kommentarer

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.432
Link til alle artikler
524
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 2: Arve sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 2: Arve sine inntrykk

  • 0
Det er etter kvart vorte ein tradisjon for Audiophile-redaksjonen å besøke Hortenmessa. Ettersom vi bur ganske spreidd, er dette ein av dei få sjansane vi har til å møtes og finne på eit kvart i...
Fortsett
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 1: Stig Arne sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 1: Stig Arne sine inntrykk

  • 0
Me har vore vekke heile helga, og då må det skrivast ferdaminne, må vite. Eller messereportasje. Sei meg, korleis skriv ein eigentleg ein messerapport? Og grunnen til at eg spør, er at den vanlege...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

  • 0
Etter en bedre tradisjonsrik middag på Stortorgets Gjæstgiveri gikk turen videre til nedre Majorstuen på nordsiden av Bogstadveien for siste HiFi-holdeplass før avgang lørdag morgen til helgens...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

  • 9
Det er mange spennende 50th Anniversary Edition av gamle klassikere for tiden. Eller kanskje det bare oppleves sånn for oss som syns at midten av 70-tallet var midt i origo for da musikken var på...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

  • 3
Ny dag, og fredag har vi to butikkvitjingar. Sidan vi likevel skulle til hovudstaden, tenkte vi at det kunne vere interessant å besøke Jens og Marius på Stereofil; ein annan av Oslo sine mest...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Første stopp: Duet Audio med Cyrus Audio 40-serie

På vei til Horten. Første stopp: Duet Audio med Cyrus Audio 40-serie

  • 7
Tre Audiofile herrer har etter hvert fått en sterk tradisjon i forbindelse med norske HiFi-messer – opprinnelig før Hortenmessa, men det siste året også før Oslo HiFi Show. Og den tradisjonen går...
Fortsett
Topp Bunn