if/else løser ingenting i et adaptivt, komplekst system som Norge. KI-politikk krever systemforståelse, naturhensyn, sikkerhet og velgeraksept – og det krever felles prinsipper før vi kan skrive de konkrete funksjonene.
www.digi.no
Eg har ikkje orka å finlesa debatten om Langsikts KI-bud, men gjekk vidare og såg på det Lars Askvig hadde skrive. Ut frå det eg kan sjå (han skriv mest på linkedin, der har ikkje eg konto) er han ein sånn entusiastisk gründertype med bakgrunn i Forsvaret. Min ryggmargsrefleks når eg møter slike «mission oriented» handlingens menn er å få alle piggane ut. For all del, sikkert fint i krigssoner, men vi er ikkje alltid der.
Et bud skal være noe man kan følge eller bryte, ikke noe man kan «reflektere over».
www.digi.no
Kva fanden betyr
Kode:
if used_right(KI):
remove ("tåkeprat")
Det er ikkje pseudokode. Det er ein påstand ("viss KI vert brukt rett, så vil (kan) den fjerna tåkeprat"), forkledd i Python-syntaks. If-then, funksjon(objekt). Sikkert eit retorisk grep for å visa at han er hightech.
Python er eit imperativt språk, det føreskriv handling. Her skal openbert funksjonen
used_right vurdera om KI er brukt rett, og så, i det tilfellet, gå inn og fjerna tåkepratet. Det er jo ikkje det han meiner.
Men vent, tåkeprat i hermeteikn, altså strengen (teksten) «tåkeprat»? Det kan jo ikkje vera meininga. Tåkeprat er jo ingen streng. Tåkeprat kan vi fjerna frå ein tekst når vi veit kva teksten vil seia, men det er drygt overmodig å skulle fjerna tåkeprat frå andre sine tekstar utan å vera i dialog med dei.
Heller ikkje er KI naudsynt for å fjerna tåkeprat. Tvert om, den klare, eintydige og slagferdige replikken er noko vi har dyrka i norsk skrift og tale i minst hundre år, sannsynlegvis lenger. Det er hovudpoenget i H. C. Andersens «Keiserens nye klær», skriven for 188 år sidan. «Han har jo ingen klær på.» Eller «ein spade er ein spade».
Pythonkoden til Askvig er tåkeprat.
Lars Askvig skrev:
Denne teksten er min, men jeg brukte KI til å sjekke tall, teste tidsfrister og skjerpe indikatorer. Det tok 45 minutter. Ikke fordi jeg er profet, men fordi KI, brukt riktig, kutter tåkeprat.
Det er fint. Akkurat her hadde ein nøyaktig metoderapport, kva er hans bidrag, kva har KI formulert, vore nyttig. Det er ingenting som er så demotiverande som å skulle diskutera med KI-produsert tekst.
Eg har også merkt meg at profesjonelle KI-profetar har det med å bruka variantar av utsegna «ikkje berre ChatGPT» stadig hyppigare. Kjempefint. Men det er også ei form for tåkeprat. Særleg om dei ikkje er veldig tydeleg på nett kva dei meiner er «meir».