ayaboh skrev:
Mr-T skrev:
Den beste kommersielle høyttalerkonstruksjon jeg har hørt er Infinity IRS Beta. Og den er ... øh .. ikke helt ny nei. Kom vel på 80-tallet en gang.
Infinity IRS holder godt følge med nyere konstruksjoner. Egentlig synd disse systemene ble avviklet da Harman kjøpte opp Infinity. Kunne vært interessant å sett hvor langt det var mulig å trekke dette prinsippet. Arnie Nudell har jo sin egen variant av disse med Genesis, men jeg har ikke hørt noen av dem.
Et annet høyttalermerke som bare forsvant er Apogee. Litt etter hva slags musikk du spiller er dette fremdeles bra. Veldig bra!
Genesis har ein del mindre modellar, som absolutt utfordra Infinity sine tilsvarande.
Men Infinity Epsilon og Sigma var også fantastiske konstruksjonar, og langt lettare å få til i eit normalt lytterom enn IRS. Eg var på nippet til å kjøpe Sigma etter å ha testa dei ca 1995. Eg fekk rett nok ikkje gjort direkte samanlikning, men eg meinte bestemt at dei var betre enn Beta den gongen (no er eg meir usikker - det er 15 år sidan eg høyrde på slike)
Dei store IRS (som eg aldri har fått høyre), pluss dei nest minste modellane som t.d. IRS Beta hadde kvalitetar som ingen andre høgtalarar greidde å få til på den tida dei var i produksjon. Ulempa med dei var storleiken. Å høyre Linda Ronstadt synge over eit sett RS 1, var som King Kong si vakre syster hadde dukka opp i lytterommet...
Beta var nok den beste av dei store linjekjelde-konstruksjonane (presenterte ikkje så gigantisk musikarane, og var meir definert i lydbildet enn dei tidlegare modellane), og om du har eit lytterom på 50 -70 m2, er nok dette framleis noko av det betre du kan få tak i. Om du likar store bilete, iallfall.
Dei nye Genesis ser ut til å vere vidareføring av IRS-prinsippa. Og "den sirkulære banddiskanten" som Genesis har, var vesentleg betre enn EMIT. Men Beta hadde betre mellomtone enn Genesis 8300, sjølv om det var "same slekta" og klangideal. Moderne Infinity er noko heilt anna, og det er ikkje ambisjonar om å fylgje opp det som eingong var. Ei naturleg utvikling etter Infinity sin suksess med servo-subwooferar og satelittar - det var noko slikt ein drøymde om på tronge studenthyblar attende på 80-talet, og det var også radikalt billegare enn linjekjeldene. Men til og med dansken som testa satelitt-sett og sub for High Fildelity, enda opp med å kjøpe dei store modellane, vart det sagt...
Dei aller beste høgtalarkonstruksjonane opp gjennom tidene (om vi ser bort frå einskilde hornkonstruksjonar), har etter mitt syn stort sett vore linjekjelder. Dei har difor vore avhengige av relativt store rom og ganske mykje jobbing med plasseringa. Beverigde var berre heilt fantastisk, Apogee nesten like god, men heilt annleis. Det same med Magnepan, som framleis har svært gode høgtalarar, både ut frå pris og totalt. Acoustat sine fulltoneelektrostatar må nemnast, og Quad kjenner jau alle til. Alle desse er kjempegode, men samstundes ei utfordring å få plass til i eit standard husvære.
Men tendensen til utfasing av verkeleg gode høgtalarar, til fordel for lettplasserte og rimelege konstruksjonar er ein tendens vi ser både hjå Infinity og Mirage. Ikkje for det - eg hadde aldri hatt plass til dei gamle toppmodellane frå desse, men har ein heimekino basert på Mirage sine mindre modellar. Svært enkelt å montere opp, og i høgste grad godt ut frå pris, perfekt til det aktuelle føremålet i lytterom #2.
I dag finnest det høgtalarkonstruksjonar som gjer jobben med frekvensgong og dynamikk like godt (og betre), spelar endå høgre og like reint, har mindre farging, er fysisk mindre og er mindre krevande å stille opp, og kan monterast i ei relativt normal stove i ein tilnærma edrueleg utforma einebustad utan dei heilt store utfordringane. Så utviklinga går vidare, ser det ut som.