Til spørsmålet om kva vintagspelarar har som fortrinn, samanlikna med dagens produkt:
Dei gamle spelarane var teknisk sett ofte meir påkosta enn det du finn i dag. Den gongen gjekk det an å masseprodusere direktedrivne spelarar, noko som ikkje lenger er så enkelt. Technics har bygd opp nytt produksjonsapparat, og det skal nedbetalast. Det same har VPI, med den dyraste DD-spelaren som er kommersielt tilgjengeleg i dag. Ettersom systemet eigentleg er "usliteleg", er det såleis attraktivt med ein DD frå "gullalderen".
Noko av det same gjeld mellomhjulsspelarane (men sjølv om desse byr på noko ekstra i dynamikken, er dei meir sårbare for wow og støy. Så drivverkmessig er det vel helst dagens beltedrivne spelarar med svinetunge tallerkar som byr på kvalitetsheving samanlikna med billege bruktkjøp.
Men det er ein faktor til i rekninga. Kvaliteten på pickuparmane. I dag er det så mange armar som er "gullalderarmane" svært så overlegne. Dei verkeleg gode armane frå 70-talet er eit fåtal; Fidelity Research, Synrix, SME, Stax og nokre til held framleis mål så til dei grader, men det er også mange 70-talsarmar som krev at du jobbar veldig med å finne rett pickup. Thorens sine eldre standardarmar reknar eg som ikkje-allroundarar. Dual-armane fungerer med spesielle pickupar, og Garrard-armane er teknisk katastrofale.