Meir Tandberg, og meir øl – Stig Arne si dagbok juni 2025

SAD-0625FS.jpg


Me har gjort ein “ussel" Tandberg Sølvsuper 12 om til ein superforsterkar, og i ølspalta har me drukke opp juli-sleppet til Vinmonopolet.

TANDBERG SØLVSUPER 12 (MODIFISERT)
Har det vore nok Tandberg no? Ikkje heilt. Det var kan hende nok NAD og i ein periode? Dei kjem me attende til. Men som me har peikt på i tidlegare artiklar om Tandberg, er det reparatøren vår som har leia oss inn på ville vegar. Han er Tandberg-entusiast, som so mange andre reparatørar, for ikkje å snakka om samlarane. Difor er me inne i ei Tandberg-boble akkurat no, og det har vore lærerikt, og ikkje minst overraskande.

Me spolar litt attende: Hjå naboen min, han Erlend, som er musikar, står ein Sølvsuper 12 og spelar Elvis. Det gjer han ofte. Og me er samde om at han spelar fint. Faktisk forbausande fint. Og det seier eg ikkje berre for å vera høfleg. Han antyda vidare at han spelte mjukare enn min Huldra 11, ein dag han var bortom. So når benken min var tom for forsterkar her ein dag, grunna ein eller annan rokkering, var det ikkje unaturleg å kopla opp ein SS 12 som eg nett hadde fått vølt (reparert) hjå nemnde reparatør. Den har spelt heilt fantastisk, særleg med pop og rock og anna dårleg innspelt musikk på NRK og den slags datareduserte plattformer. Mjukt og musikalsk, i motsetnad til mange andre forsterkarar som mest skrik og hyler.

MØRK OG INNELUKKA
Men ikkje alt er berre fryd og gaman. Eg høyrer jo at han ikkje har all verdas kraft, berre 22 Watt i 4 Ohm, og eg veit at han har loudness som er automatisk innkopla heile tida. Ingen trykk-knapp til å kopla han ut. Meir om det lenger nede. So særleg stram og utprega rein og tydeleg har lyden ikkje vore....

Les heile junidagboka i Audiophile.no

IMG_5733.jpg
 

Kommentarer

Bjørn A

Fersking
Ble medlem
12.01.2010
Innlegg
4
Antall liker
0
Torget vurderinger
1
Tenkte å foreta dette inngrepet med å frakoble loudness, men ser ikke umiddelbart hvordan dette bør gjøres. Kan noen være behjelpelig med oppklaring?
 

PeriodeLytter

Hi-Fi freak
Ble medlem
26.02.2013
Innlegg
4.787
Antall liker
4.773
Tenkte å foreta dette inngrepet med å frakoble loudness, men ser ikke umiddelbart hvordan dette bør gjøres. Kan noen være behjelpelig med oppklaring?
Artikkelforfatter skriver "klyppa av to leidningar på toppen av volumkontrollen".

På andre modeller er denne gjerne implementert med eget ben på potensiometeret.
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.420
Link til alle artikler
523
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Hifimessen i Horten 2025 – Del 1: Stig Arne sine inntrykk

Hifimessen i Horten 2025 – Del 1: Stig Arne sine inntrykk

  • 0
Me har vore vekke heile helga, og då må det skrivast ferdaminne, må vite. Eller messereportasje. Sei meg, korleis skriv ein eigentleg ein messerapport? Og grunnen til at eg spør, er at den vanlege...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

På vei til Horten. Tredje stopp: Eksakt HiFi og Linn LP12-trio

  • 0
Etter en bedre tradisjonsrik middag på Stortorgets Gjæstgiveri gikk turen videre til nedre Majorstuen på nordsiden av Bogstadveien for siste HiFi-holdeplass før avgang lørdag morgen til helgens...
Fortsett
Audiophile.no
PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

PLATESMAKING: One Size Fits All – 50th Anniversary Edition

  • 7
Det er mange spennende 50th Anniversary Edition av gamle klassikere for tiden. Eller kanskje det bare oppleves sånn for oss som syns at midten av 70-tallet var midt i origo for da musikken var på...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil

  • 3
Ny dag, og fredag har vi to butikkvitjingar. Sidan vi likevel skulle til hovudstaden, tenkte vi at det kunne vere interessant å besøke Jens og Marius på Stereofil; ein annan av Oslo sine mest...
Fortsett
Audiophile.no
På vei til Horten. Første stopp: Duet Audio med Cyrus Audio 40-serie

På vei til Horten. Første stopp: Duet Audio med Cyrus Audio 40-serie

  • 7
Tre Audiofile herrer har etter hvert fått en sterk tradisjon i forbindelse med norske HiFi-messer – opprinnelig før Hortenmessa, men det siste året også før Oslo HiFi Show. Og den tradisjonen går...
Fortsett
Audiophile.no
BBE SOUND ENHANCER, OG MARANTZ SUPERSCOPE R-1240 L – Stig Arne si dagbok august 2025

BBE SOUND ENHANCER, OG MARANTZ SUPERSCOPE R-1240 L – Stig Arne si dagbok august 2025

  • 0
Det har vore nok Tandberg for ei stund no. Over til noko heilt anna: Ein magisk boks til å forbetra lyden frå stereoanlegget, og ein forsterkar/radio eg aldri har sett før. BBE SOUND ENHANCER Eg...
Fortsett
Topp Bunn