Eg har framleis MBL 101e2, og har ikkje tru på at eg kjem til å skifte dei ut frivilleg. Høgtalarane er nok dei beste realismeformidlarar eg har vore bort i, kanskje med eit unntak om Beverigde 2 (som har skavankar) MBL-høgtalarar spelar veldig bra på alle måtar. Dei er relativt skapelege å plassere (ei utfordring å sette opp, for det hender relativt mykje med ganske små flytt.) Dei har to utfordringar.
Utfordring nr 1: Tungdrivne som fy. Eg har brukt dei med forsterkarar på 150 W, og det er knapt om du vil skru opp litt. Eg likte veldig godt å bruke dei saman med Manley Neoclassic 500, og 500 rørwatt er absolutt supermatch. Men det vert dyre rørskift med slike beist, og justering av bias tek også si tid. Dessutan tykte kona at blåfargen var stygg. Så eg prøvde ut andre forsterkaralternativ. Det innlysande er sjølvsagt å bruke MBL-elektronikk. Dette fungerer svært godt, men ein vert lite lysten på å betale fleire hundretusenar etter å ha betalt høgtalarane.
Eg opplever mbl 101 som svært nøytral og gjennomsiktig, og fargar lyden i ganske liten grad, bortsett frå det som heng saman med rundstrålinga. Forsterkarar med "signatur" vert såleis ganske tydeleg. MBL-elektronikken passar svært godt. Men eg har gått vegen frå å drive dei med Copland (som var alt for svak, og ei naudløysing medan eg leita etter noko betre), deretter ASR sin største modell (som hadde nok krefter og stor nøytralitet, men fylte godt opp i stova med sine 4 kolli og 140 kg). Så fekk eg høyre Vera sin vesle 9 kg tunge fyrste forsterkar, som spelte med like stor energi som ASR-forsterkaren, men var langt lettare både å flytte på og betale. Eg brukte dei saman med min no snart 40 år gamle rørforforsterkar ARC SP 10, og var svært fornøgd med å ha den ARC-signaturlyden eg har vore van med. Men etter relativt kort tid fann eg ut at det var dumt å gje avkall på nøytralitet og detaljformidling som kan skaffast langt enklare i dag. Så då vart det kjøpt inn ein D90pre frå Topping, som har svært lite eigenlyd og passar godt som nøytral part når eg skal finhøyre noko. Eg kunne nok tenkje meg ein endå betre forforsterkar, men ser ingen aktuell kandidat. Kanskje ein Malmin, men desse byggast på bestilling, og då vert det litt utfordring å låne, og deretter levere attende om eg ikkje vil kjøpe ein slik.
Så inntil det kjem ein kombinasjonsforforsterkar med dei lydlege kvalitetane eg ynskjer (til ein betalbar pris, eg er sørgjeleg blakk for tida) trur eg anlegget skal få vere slik det er framover. Det er plass til dei i stova, og eg hadde neppe skifta dei ut om eg skulle bli lottomillionær. Einaste må vere når Parkinsons sjukdom gjer at eg ikkje kan bu heime. Så eg har tatt vare på emballasjen til høgtalarne (enorme greier på over ein kubikkmeter pr kanal) om dette skal verte aktuelt - sjukdomen kan brått aksellerere, og då må dei omsetjast medan eg er nokolunde oppegåande og tilrekneleg... Burde kanskje selje dei no, medan dei er "nesten"toppmodellar, men eg trur neppe MBL kjem med nye/betre modellar. For ein gongs skuld er det ein høgtalarprodusent som tenkjer alfa-kreativt, og utvinklingskostnadane for å få til rundstråling + andre lydlege kvalitetar på dette nivået må ha vore formidable, så det freistar sikkert ikkje å gjere det ein gong til.
Om nokon sentale folk skulle vere på mine (vest)kantar av landet og har lyst på ein lytt til oppsettet, er det berre å ta kontakt.