HiFi-dagboka mi fram til i dag 30.09.2006
78-91
Høyrer på mine foreldres Tandberg Sølvsuper 11-73 frå rundt 1973, Tandberg TL-1520 høgtalarar og Tandberg kassettspelar. Dennen komboen spelar noko ullent og lite engasjerande. Klenodium og pent møbel. Intet meir.
91-92
Får lyd på guterommet for fyrste gong: Radionette Symfoni 3D frå 1956. Lyden er svært ullen og uengasjerande. Som å høyre på musikk med madrass surra rundt hovudet. Tek inn langbølgesignal frå bl.a. Russland, Tyskland og Italia.
92-95
Radionette Soundmaster 40 C (1972 - forsterker 2x25W, FM/AM radio og kassettspiller). Høgtalarar av same merket. Alt kjøpt på loppemarked i Bergen. Lyden er elendig, men eg veit ikkje betre og har ikkje høyrt stort anna, så eg er nøgd. Høyrer i to år i all hovudsak på to kassettar: The Boss: Tunnel of Love + Born in the USA. Bærbar Sony cd-spiller tilkoplast i 95 overfornevnte receiver og musikkutvalet utvidast betrakteleg på kun kort tid.
95-96
Byter ut receiveren med ein (skal det visa seg å vera) kjip Sansui integrert forsterkar som visstnok skal levera 2x70W v/4 Ohm, men dette viser seg kun å vere på papiret. Klokkeradioen min leverer meir krefter enn denne. Kjøper også ny cd-spelar: Harman Kardon HK 7525 og bygger Elteks Vifa Jonglering.
97
Sansuien må vike for Denon PMA-1315R. Til no er dette den klart mest avgjerande oppgraderinga. Kjøper også Rega P3 (brukast framleis per 09.2006), Denon TU-215RD radio samt VM Acoustic S4 rack (brukast framleis per 09.2006).
98-99
Bygger Eltek Exact med bass-seksjonar og byter (les: nedgraderer) til Nad 2400 for seinare å kunne ha separat for- og effektforsterker for å kunne drive denne løysinga. Lydmessig er dette trass i forsterkarnedgraderinga det hittil største og mest avgjerande hoppet i min streben mot det musikalske nirvana.
00-02
Kjøper Doxa 70 SE. Brukar denne på monitorane og brukar Nadèn som både for- og effektforsterkar då denne er delt med aktivt delefilter som delar v/110 Hz. Blir aldri heilt fortruleg med bass-seksjonens lydkvalitet. Brukar kun monitorane saman med Doxa som gir eit nokså nøytralt lydbilde – er svært godt fornøyd med Doxa som oppgradering.
03
SONY DVP NS-900V (brukast framleis per 2006) gir eit ganske stort lydmessig løft i forhold til Harman Kardonen. Får også tak på Dynamic Precision BPC 7.0 på brukten og kjøper Silk MkII hjå
Paul. Silk var ei betydeleg oppgradering og opna lydbildet betrakteleg.
04
Sel Eltek Exact med bass-seksjonar med tungt hjarte. Det måtte ein solid grunn til for at eg skulle velge å vere utro mot høgtalarane eg brukte over 3 mnd på å bygge; eg hadde funne eit par Gradient Revolution MkI (brukast framleis per 09.2006) med jumpers på biwireterminalane i reint teflonisolert sylv med rhodiumbelagte sylvspadar frå
Infinite Resolution til salgs. Og det såre savnet etter Exact skulle fort bli snudd til begeistring; Revolution MkI er største oppgradering så langt (per 09.2006)!
05
Black Magic Intro IC (brukast framleis per 09.2006) frå
Paul. Doxa Signature mkII overtek for Doxa 70SE. Forbetringa er formidabel, spesielt i nedre frekvensområde der kontrollen er mykje betre, sjølv om her er meir å henta. Samstundes er resten av frekvensområdet avlasta som ein følge av at forsterkaren no pustar lettare, og lydbildet er endå meir gjennomsiktig enn før. Black Magic Revelation SP frå
Paul (brukast framleis per 09.2006) gjer sitt inntog 14.april. Rå oppgradering dette! Heilt vanvittig! Kjøper Tema Isolator til forsterkarsettet og høgtalarane. Desse blir flytta litt rundt på, finn bl a ut at dei er uegna mellom seksjonane på Revolution, så her er eg enno ikkje i mål (per 09.2006).
6.oktober: AT-OC9ML/II og Shure SFG-2.
Etter å ha brukt 4 1/2 time (det er fyrste gongen eg gjer dette og ville vere heilt sikker på at det vart heilt riktig før eg byrja spele plater) på å sette opp riggen, var det klart for testing av plater av ulik karakter, innspelingsmessig som stilmessig; (Testplata til Len Gregory, `The Cartridge man`, lånt av StereoJoe. Bestod alle testspor med glans etter diverse finjusteringar, inkludert `terrorsporet`der den minste feil på antiskating blir brutalt avslørt)
Supertramp - Breakfast in America
Jethro Tull - Bursting out
Jon and Vangelis - The friends of Mr Cairo
Pink Floyd - Delicate sound of thunder
Norah Jones - Feels like home
Hadde store planar om å lytta store delar av natta, men sovna etterkvart i lyttestolen.... Fyrsteinntrykket i forhold til Rega Elys, som i 10 år no har spelt i oppsettet mitt, vil eg beskriva slik:
- ei plate eg alltid har likt godt, Bursting out, lyder no meget uengasjerande. Mistenker denne innspelinga for å vere
relativt middelmådig. Dei resterande testplatene har derimot aldri spelt betre! På langt nær! Ellers;
- generelt slankare og lysare lydbilde
- mykje "ny" informasjon, svært mykje meir detaljert og oppløyst
- heile frekvensspekteret er svært dynamisk og sparkar skikkeleg ifrå. Rockefoten kom fort fram her. Merka spesielt godt dette i midbassen, samt at djupbassen aldri var slapp, men stram og `disiplinert.
- tredimensjonaliteten på denne pickupen får meg til å tru at dette fenomenet var fråverande på Elys.
- instrumenta høyrest meir ekte ut. Merkar dette spesielt tydeleg på gjengivelsen av stemmer og trommer.
06
Treng vel ikkje føye til at eg er nøgd. Var forberedt på at dette kunne vere miss og låte alt anna enn bra i rå tilstand, men neida. Må pickupar forresten normalt `brennast inn` for å yta sitt beste? Enda ellers opp etter prøving og lytting:
- pickupen er montert nokså langt framme, ca på 3/4 målt bakifrå og framover), i monteringsspora på RB300. For å få nåla til å spore parallellt med rillene står denne tilsynelatande faktisk ikkje heilt parallellt med RB300 (målt vha måleplate vedlagt test-LPen til Len Gregory).
- Antiskating tilsvarande nåletrykk; 1.5g
Freistar lite å bruka Sonyen no som denne heng etter så til dei grader.
Registrerar litt irriterande s-lydar i starten av innspelinga. Dette fenomenet forsvinn heilt etter vidare innspeling.
Denne vinteren stikk eg innom Fosse og hentar Mike Bladelius´ Swedish Audio Technology Phonofix "Balancerad grammophonförstärkare, entaktskopplad klass A" som det står på frontplata. Dette er mitt fyrste reine riaatrinn. Virkar som om dette gjer ein god jobb hjå meg. 2 grunnar (utover lydkvaliteten) til at eg slo til på denne var at den er fullbalansert (eg ønsker på sikt å køyre gjennomgåande fullbalansert signalføring i oppsettet mitt) samt at den er justerbar (brukarvennlig).
Sommaren 06 er eg så uheldig/uforsiktig at eg kjem borti nåla på AT-OC9 ML/II og bøyer denne. Den følelsen eg sat med då vil du neppe oppleve. Dette var ikkje bra. Men som kona sa; - fins det ikke flere der den kommer fra da? Og det gjorde det jo, og i postkassa landa etter kvart Benz Micro Glider M2. Får besøk av Fosse og hans protractor og får demonstrert kor nøyaktig, enkelt og raskt ein kan sette opp ein pickup. Denne saken burde vere intr for alle som byter pickup relativt ofte.