Var det like mye uro og konflikter på 70 - 80 tallet også, eller er det bare jeg som føler at ting eskaleres mer og mer for tiden?
Godt spørsmål, og det er sikkert eit spørsmål om kva ein tel: Antal konfliktar, eller storleik/intensitet/tal døde?
@PederP posta denne i ein annan tråd
Verden opplevde i fjor 61 væpnede konflikter, det høyeste antallet på over 70 år, viser en ny rapport.
www.forskning.no
Når eg tenkjer tilbake til min eigen barndom på 1980-talet, så hugsar eg sterkt krigen Iran-Irak og den sovjetiske invasjonen av Afghanistan, i tillegg til den alltid truande stemninga av at full kjernefysisk krig var rett rundt hjørnet (det var ein grunn til at Jahn Teigens «Glasnost» vart sungen på kvar einaste barneskule i landet). Eg trur ikkje eg hadde eit klart begrep om kva som skjedde i Palestina/Israel, Etiopia/Eritrea eller Sør-Amerika, men at det var uro der, trur eg at eg hugsar.
Samtidig var etterdønningane etter andre konfliktar, som Kypros, Vietnamkrigen og Libanon, veldig tilstades.