I mitt neste liv vil eg bu i blokk.
Eg plar ikkje sutra for snø, men det er noko heilt eige når det ligg 30 cm dyvåt vestlandssnø i dei drøye 25 meterane med veg eg må moka. For hand. Og alt saman har ramla ned etter at eg la meg i går. Gjennom kontorvindauget ser eg at det lavar ned, Skomakergata-aktig, og vil leggja ytterlegare 20 cm eg må moka i ettermiddag.
Det er medio november. Det kjem neppe til å liggja meir enn eit par veker før det tinar slik at desember kan kle seg i gråbrunt, det kler han best. Det vert ikkje jol vestpå utan at alt er nyansar av grått. Mokar eg ikkje, derimot, er det ei naturlov at frosten kjem og lagar eit permanent isdekkje i vegen. Det har det med å verta liggjande.
«La det sne, la det sne, la det sne».
Men det er klart, for Brockstedt er sne florlette fnugg på iskalde vinterdagar. Det knirkar koseleg under støvlane når ho går, og er berre å børsta av seg før ho går inn. Det ligg i forma. Sne. Snẽ. Eg kan gjerne ønskja meg sne, men det er snø eg får. Snøv. Det er noko anna enn sne. Vinterdressen til minsta er dyvåt, og det er alltid spanande om vi får turka han nok til å senda med i barnehagen neste dag.
Millimeteren før slaps, og akkurat null grader celsius. Eg vert våt i håret av all mokinga, men eg veit ikkje om det er sveitte, regn eller "snøfnugg" som smeltar.
Hadde eg budd på Austlandet (Grua på Hadeland var min barndoms vinterparadis), så hadde eg kanskje gripe høvet til å perfeksjonera brøytekantane mine allereie no, i vissa om at dei var kunstverk som kunne stå fram til april.