Den var ikkje dum, har ikkje sett den, så har laga eigne(og simplere) mjukstart. Denne kunne spart meg litt arbeid...
Mistenker resistorne ofte blir overbelasta meir enn eigentleg sunt er. Gravde litt i det, og i gode datablad så står det kor mange Joule resistoren tåler. Antar dette heng saman med kor varm sjølve tråden blir, før den rekk å lede varmen bort og ut i kroppen.
J= ½ (CV²)
På bygget mitt med 62VDC og 144.000µF, så blir dette 277J, og då må vi faktisk opp på dei virkelig store NTCene, endte opp på denne:
Bestill i dag, sendes i dag. AS32 50006 – Termistorer for startstrømbegrensning 50 Ohms ±25% 6 A 1,181" (30,00mm) fra Ametherm. Priser og tilgjengelighet på millioner av elektroniske komponenter fra Digi-Key Electronics.
www.digikey.no
Dog, i ettertid, så trur eg det vart litt overdimensjonert, dette fordi 60V releet slår eigentleg inn på rundt 40-45V, då ser reknestykket annleis ut, 146J.
Men uansett, for dei som tenker å lage mjukstart, det kan nok være lurt å holde seg til resistorar som har eit datablad som spesifiserer kva dei tåler av korttidsbelastning, og dimensjoner deretter for å få sikker operasjon år ut, og år inn. Eg hadde i alle fall vore truande til å kikke på ein eksisterande mjukstart, og anta at lik effekt- rating ville funke, men det er altså ein del forskjell på kor mykje to 20W motstandar tåler i korte periodar.