En kommentar til fattigdoms diskusjonen...
KOMMENTAR: Politikarane vil aldri kunna løfta alle nordmenn over fattigdomsgrensa. Og stemmer det verkeleg at Norge har fått ein ny klasse «arbeidande fattige»?
www.aftenbladet.no
Det første punktet på årets partileiardebatt i Arendal handla om fattigdom. Program- og partileiarane hadde tydelegvis sett første episode av Thomas Seltzers nye nrk-serie «Den norske fattigdommen». Der møter me eit ungt par der begge fortel at dei er i full jobb. Likevel er dei så dårleg økonomisk stelt at dei hamnar under eller på EUs fattigdomsgrense. Dei ser seg ikkje råd til å få eit barn nummer to.
– Kvifor sørger du ikkje for å heva inntekta deira slik at dei hamnar over EUs fattigdomsgrense, var Fredrik Solvangs første spørsmål til statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) – som om det var statsministeren som bestemte lønna til folk i Norge. (Det er det ikkje.)
Støres svar? At regjeringa jobbar med dette gjennom ei rekke tiltak. Men at me nå har fått omgrepet «arbeidande fattige» inn i Norge:
– Det skal me ikkje ha, sa Støre.
– Men det har me, sa Solvang.
Så kasta resten av politikarane seg på.
I arbeid - og fattig?
– Det fleire og fleire ser, er at pengane ikkje strekker til sjølv om begge er i full jobb, sa Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Men stemmer det? Er verkeleg «arbeidande fattige» i ferd med å bli eit stort problem i Norge, slik det er i USA og Storbritannia? Der må enkelte ha både to og tre jobbar for å få livet til å gå rundt.
Om det stemmer at «arbeidande fattige» faktisk har blitt eit fenomen i Norge, vil det vera ein torpedo mot hovudargumentet til det norske, politiske etablissementets – og Navs – viktigaste argument i kampen mot fattigdommen. Nemleg at vegen ut av fattigdom går gjennom arbeid.
La oss ta det første først: Kva vil det seia å vera fattig? Fattigdom i Norge handlar sjølvsagt ikkje om grensa Verdsbanken har sett for ekstrem fattigdom, nemleg tre dollar (rundt 33 kroner) dagen per person. Nei, grensa ein opererer med i Norge, er relativ og den same ein bruker i EU: Fattigdomsgrensa går på 60 prosent av medianinntekta i det enkelte landet. Den er altså relativ – og vil gå opp og ned, avhengig av korleis medianinntekta varierer over tid.
Det inneber at det vil vera heilt umogleg å oppnå at
ingenhamnar under fattigdomsgrensa – så fremt ein ikkje innfører eit system der absolutt alle tener nøyaktig likt.
Å snakka om å løfta alle over fattigdomsgrensa er kanskje retorisk effektivt. Men det er – om eg skal vera litt streng – ein bløff. Det går rett og slett ikkje an.
Fattigdomsgrenser
Kor går så grensa for å vera fattig i Norge? Ifølgje Statistisk sentralbyrås siste tal var den i 2023 på 285.700 kroner i inntekt – etter skatt. Sidan har grensa gått opp med lønnsveksten. I debatten i Arendal sa Støre at grensa i 2025 går rundt 660.000 kroner for ei hushaldning. Rundt ti prosent av befolkninga (eksklusiv studentar) hamnar under grensa, litt avhengig av om ein reknar eitt eller tre år med låg inntekt.
Er ei norsk hushaldning dermed fattig om den har 55.000 kroner i månadleg inntekt – etter skatt? Det kjem an på hushaldninga. På kor mange som er i hushaldninga. På kva slags utgifter ein har.
Og dermed er me ved ein annan type relativ fattigdom. Kor mykje har du å rutta med i akkurat din livssituasjon? Kor mykje har du samanlikna med folk rundt deg?
Opplever du deg som fattig? Er det det same som å vera fattig – basert på den statistiske definisjonen av fattigdom?
Når forskarane spør, viser det seg at ikkje alle som har låg inntekt oppgir at dei har dårleg økonomi. Samtidig kan du liggja over fattigdomsgrensa og oppleva at du har dårleg økonomi. I
SSBs levekårsundersøking i 2024 svarte ein av fem at dei ville ha problem med å betala ein uventa utgift på 20.000 kroner.
Så kan ein også diskutera kva det betyr å ha dårleg økonomi. Er det når du har problem med å fø familien med mat? Er det når du ikkje kan dra på ferie?
Arbeid gir inntekt
Nå nærmar me oss ei kjerne. For kva er det fremste kjenneteiknet på dei som lever med vedvarande låginntekt? Jau, dei har lita eller inga tilknyting til arbeidslivet. Blant alle personar mellom 25 og 65 år i hushaldningar utan nokon i jobb over tre år, hadde nesten halvparten (48 prosent) vedvarande låginntekt i 2020. I hushaldningar med éin i arbeid, var andelen redusert til 6 prosent, står det i SSBs rapport
«Økonomi og levekår for lavinntektsgrupper 2022».
«Blant barn som har bodd med to eller flere yrkesaktive stabilt over en treårsperiode, finner vi knapt noen i lavinntektsgruppen,»
skriv SSB.
Går ein til statistikken og forskinga i staden for til eit NRK-program, oppdagar ein altså at det reelle biletet er omtrent motsett av det ein kunne få inntrykk av i den emosjonelle debatten: Om mor og far begge er i fulltidsjobb, er det det nærmaste du kjem ein vaksine mot vedvarande fattigdom. Det er ikkje dei «arbeidande fattige» som er utfordringa i den norske fattigdomsdiskusjonen. Det er korleis ein kan få fleire av dei 700.000 i arbeidsfør alder – 20 prosent av arbeidsstyrken – som står utanfor utdanning og arbeidslivet inn i jobb.
Korleis ein får det til, er ei annan diskusjon.