Snikrasistene er flinke til å balansere dette, men f.eks. Helgheims holdning til innvandring;
"– Det skal svært mye til å finne noe som helst positivt ved innvandring"
Må man være rasist for å være mot innvandring? Finnes det ingen andre grunner, som økonomiske, kulturelle, at relativt homogene samfunn generelt er mindre konfliktfylte....? Hva legger du egentlig i å være rasist?
Eit interessant spørsmål. Definere rasisme er ikkje sånn utan vidare enkelt. I Store Norske heiter det:
"Rasisme er i smal betydning oppfatninger, holdninger eller handlinger som deler mennesker inn i påståtte «raser» hvor noen hevdes å være mer verdifulle enn andre". Såleis, ettersom ein ikkje snakkar om genetikk, hudfarge og opphav, er det ikkje mykje rasisme som skjer.
Men så heiter det vidare:
"I dag brukes begrepet rasisme også i vid betydning om flere former for etnisk diskriminering som ikke nødvendigvis bygger på forestillingen om «menneskeraser», men som også skjer på basis av andre kjennetegn som nasjonalitet, utseende, kultur eller religion."
Så her ser det litt annleis ut. Ein kan seie at til dømes Deffe er rasist, ettersom han påpeikar religionen Islam som ein styggedom. Men kulturen nemner han lite, og utsjånad er det vel ingen som har peika på så langt? Uansett, her er det rom for tolkningar av utsegnene til fleire. Listhaug sine sprell bør definitivt kunne diskuterast.
Vi kan gå lenger etter Store Norske:
"Rasisme kommer til uttrykk både i ekstreme ideologier og vold og i mer hverdagslige holdninger og handlinger der folk diskrimineres på grunn av sin etniske bakgrunn. Felles for de ulike formene for rasisme er at enkeltpersoner reduseres til representanter for en gruppe."
Bomber mot moskear eller synagoger er slik typisk rasisme som spesielt nazistane er kjende for, der ein brukar vald mot ei etnisk gruppe. Mange definerer skilnaden på nazistar og facistar ved at nazistane har ideologi der dei ser visse etniske eller kulturelle grupper som mindre verd enn seg sjølve. Såleis var det mykje slikt då Jugoslavia gjekk opp i liminga, og tutsi/hutu-massakrane. Det er vel semje om at dette er fenomen ein berre finn på yste høgre. Når yste venstre tyr til vald, er det stort sett retta mot kapitalsterke, og ikkje mot etniske grupper, så langt eg kjenner til.
Dette at einskildmennesket vert sett likeverdig med "alle" innen ei gruppe, er vel det tarvelegaste av kvardagsrasisme. Eg er sikker på at til dømes Deffe hadde komme godt ut av det om han vart kjent med ein av mine grønnsaksdyrkande, jordbruksinteresserte, muslimske, syriske vener.
Så når folk må endre namnet sitt på grunn av at det kling utanlandsk, er det rasisme, ut frå at ein ikkje ser einskildmennesket, berre "muslimane" eller "bruningane".