Hvorfor trenger man en president eller endre statministervalget eller gjøre andre konstitusjonelle endringer?
Altså, eit statsoverhovud som utgår frå stortingsfleirtalet, slik statsministeren gjer i dag?
Hm. Med kongefunksjonane fordelte mellom statsminister og stortingspresident? Ein del pomp, prakt og representasjon kan sikkert utgå utan problem.
Eg har tenkt at ei av dei viktige embeta til kongen er td å ha ein mekanisme for å kunne byta regjering under eit Storting, med klar prosedyre. Det er klart at den jobben kunne jo Stortingspresidenten ha, og utføra like uhilda som ein galleonsfigur-president. Sikkert ein del andre administrative oppgåver også (signera på regjeringsvedtak, td).
Det største problemet er kanskje at ei regjering som berre utgår frå Stortinget vil (eller kan) vera uvanleg svak, og at dersom Statsminister skal vera statsoverhovud burde denne vera sterkare?
Litt søking indikerer at Sør-Afrika, Botswana og Namibia har slikt system, i tillegg til Sveits, der dei vel eit råd (føderal regjering) der medlemene byter på å vera førsteminister.