^ Men uansett er jo ikkje Lier-Hansen ein ordentleg pengemann, og ikkje flashar han ein veldig eksklusiv eller blærete stil, heller. Hadde ikkje vore forundra om han hadde Casio eller Garmin, men svært forbausa om han reiste til Huntsman for å få sydd dressane sine (det ser iallfall ikkje slik ut).
I dette sakskomplekset tykkjer eg eigentleg det mest interessante er at desse jakthyttene ser ut til ha glidd gjennom systemet i år etter år, kanskje ikkje med full velsigning, men iallfall ikkje med store motførestillingar. Norsk Industri er jo ikkje ein eksklusiv rikmannsklubb, men interesseorganisasjon for norske industribedrifter. Definitivt pengar, men ikkje fantasillionar. Og no, når det er vanskeleg å forsvara jakthyttene, korleis NI gjer alt for å ta avstand.