Har ein vedomn med koketopp på hytta. Funkar greitt til biff, fisk og pannekaker. Dersom du veit korleis det skal fyrast. Men eg har ei oppskrift på karamellpudding som oldemor mi hadde med seg då ho flytta frå Drammen til Vestlandet. Ho var kokke, men vart naturlegvis gift med ein av desse ressurspersonane Vestlandet er så fullt av (olderfaren min, må vite). Ingrediensane til puddingen var greie nok, (egg, vaniljestong, mjølk, sukker) men det som verkeleg var krevjande var måten veden skulle delast og stablast på for at puddingen skulle bli bra. Dette var ein stor kunst som ingen kunne vestpå, tydelegvis, for oldemor måtte stadig lage puddingar. Sjølv har eg fått smake (både pudding og) plikta med å lage karamellpudding til kreti & pleti. Men eg brukar den audmjuke standardkomfyren med heilt vanleg steikeomn. Og får truleg betre pudding enn Oldemor. Iallfall har eg fått høyre det. Men Oldemor døydde ca 1926, så dette kan vanskeleg etterrøykjast. Vedomnen til oldemor er forresten kasta i fjøra. Men eg såg ein fin i Portugal sist sommar. Kanskje noko for Sluket og andre storblåsarar innan kokekunsten?