«Det hjertet er fullt av, renner munnen over med.» heiter det i eit ordtak.

Så da blir det å skrive litt om min siste handel - Eversolo-relatert. Som enno ikkje er i hus…
Kjøpte min A8 i februar 2024, og er framleis strålande nøgd med den! Men ‘enn om’ det er litt meir godlyd å hente ut av den!?
Har lenge kikka på og vurdert å oppgradere psu til LHY LPS, som ‘alle’ synest være einige om er ei god lydmessig oppgradering! Men har avventa sidan det også har blitt meldt om ein del tilfeller av mekanisk ‘brum’ frå A8 LHY LPS oppgraderinga.
Da T8 kom på markedet, kom etter kvart LHY med LPS til den. Men den lps’en hadde ein annan trafo enn A8 lps’en! Og ingen har såvidt eg har oppfatta fortalt om brum frå den lps’en.
Sende ein mail til LHY om dette, og dei tilbydde å selge meg ein A8 lps med custom T8 trafoer! Sjølvsagt mot eit ‘lite’ tillegg i pris. Hadde ikkje trudd at dei var så fleksible, men det var dei altså!
Og med heimeferie i år, og lite andre økonomiske utskeielsar, vart det handel!
Så no går eg spent og venter på tilbakemelding frå LHY om at lps’en er ferdig produsert og undervegs. Regner med det tar litt tid enno.
Eg kjem til å komme med ei oppdatering når lps er i hus, montert, og om eg opplever det som ei oppgradering eller ei!
Mvh spent Arild
