Eg har ein liten "stall" med pickupar, og skiftar litt mellom dei. Då eg hadde JMW-arm var pickupskift gjort på nokre få sekund, så då skifta eg pickup fleire gongar pr lytteøkt. Det er litt meir styr å byte på Kuzma-armen eg har no, så då vert det ikkje skift kvar helg, berre når eg bestemmer meg for å spele ein annan sjanger, eller føler behov for fokus på andre område enn det "kvardagspickupen" har.
Pickupar har, som du har funne ut, mykje av ansvaret for lydkvaliteten. Eg vurderer ganske ofte nye pickupar, og ser det som lettare å ha fleire relativt billege, med ulike eigenskapar i fokus. Ein annan strategi (som eg tilrår dersom pickuparmen er vanskeleg å justere, eller det elles er mykje styr med å skifte pickup) er å leite etter ein pickup i høgare prisklasse, som både fell i din personlege smak, og som passar optimalt til pickuparmen og anlegget elles.
3 år med same pickup burde ikkje ha markant diskanttap, med mindre du spelar ein time eller så kvar dag. Skifta du pickupmodell også, eller heldt du deg til den typen du hadde frå før?