Forma forforståinga… det var dine ord som også er en måte å si det som skjedde på både for Floyd og Nowak? Er du uenig med Musks kritikk av politiet?
Ja, i begge tilfella (om Nowak har eg lese 2-3 saker, så der er det sikkert råd å arrestera meg på detaljar) har politiet ei formeining om kva som har skjedd og kven som er skuldig før hendinga (forforståinga).
Det er eit oppriktig problem. Ei vag skugge av Nowak-saka ser vi også med saka i Bergen, der politiet sannsynlegvis måtte bruka eit fjell med ressursar og mistenkja ei rekkje uskuldige fordi ein kar dikta opp eit rasistisk angrep som forklaringa på at han tryna på el-sparkesykkel. Men, akkurat som i Nowak-saka, så greidde tydelegvis politiet å finna løysinga til slutt.
Eg veit eigentleg ikkje så mykje om politiarbeid, men eg vil tru at den typen forforståing er vesentleg for å kunne reagera raskt. Der er problemet, for den typen forforståing skapar også blindsoner når ting ikkje er slik dei trur, og ei lang rekkje falske positive. I Floyd-saka vart problemet forsterka av den generelle tendensen amerikansk politi har til å eskalera over alle støvleskaft.
For meg ser dette ut som eit politifagleg problem som kunne vore løyst stille og fredeleg (og eg reknar med at det vert diskutert grundig i dei fleste politimiljø), men Musks uttalar (som Starmer kritiserer) er innspel som heller nører opp under ein heilt annan debatt.
Bryter Musks kritikk med noen lov, eller ligger kritikken godt innenfor ytringsfriheten?
Eg vil tru det ligg innafor ytringsfridomen, og det veldig effektiv forbrukarrettleiing.