Klart det er mykje subjektivitet ute og går, og det er kjempeflott at ein relativt rimeleg sak som AT 33 (EV har eg ikkje høyrt, må vell prøve å få gjort det snart) kan fungere så godt som det vert sagt. Eg forstår Vidar slik at han legg varme og manglande presisjon i lydbilde m.m. i "gammeldags"-omgrepet? Og frå tidlegare diskusjonar veit eg at han ikkje er særleg begeistra for Denon 103 (som i høgste grad må seiast å vere frå gamle dagar). Men Dynavector er eit vanskeleg merke å kategorisere, ikkje minst fordi det er endringar gjennom innspelingstida, men også store, individuelle skilnadar mellom pickupane. Min referanse (som ligg på motsett side av prisskalaen i høve Vidar sin toppmodell) er ikkje så veldig oppløyst, og eit hopp frå DV10x5 til DV20-modellane medfører større oppløysing. Gjer du eit ytterlegare hopp til 17D3, får du verkeleg eit hopp i oppløysinga (men større krav til armen så vel som resten av utstyret) som trygt kan samanliknast med langt dyrare pickupar. Det er faktisk ikkje meir å hente på akkurat dette feltet om du går til XX2 (NB! Ut frå dei timane eg har spelt på denne-han er IKKJE innspelt på langt nær), men etter det eg hugsar var nok Te Kaitora Rua endå meir oppløyst. Toppmodellen har eg ikkje hatt i eige anlegg så langt, så der får Vidar uttale seg.
Elles tykkjer eg ikkje at Dynavector sine litt dyrare pickupar kan brukast til å "tone ned" anemiske tendensar elles i anlegget. Men 10, og sikkert også hi-output utgåva av 20 har ein fin balansegong mellom å vere "runde" (no tek vi hardt i, men samanlikna med 17D3 og oppover) og detaljerte i lydbildet. Så sporar alle saman godt med fin dynamisk nyanseringsevne når armen tillet dette.
Eg likar DV svært godt, kanskje fordi dei har ein framifrå evne til å spele rock/pop med overtyding, utan at dette går ut over eigenskapane når det skal spelast klassisk...