Tweedjakke
Hi-Fi freak
(Fyrste innlegget mitt her, ver varsam)
Eg veit ikkje heilt om dette er rett stad å stilla spørsmålet, men prøver. Det er kanskje ikkje ein gong hi-fi. Ikkje no lenger, iallfall:
Saka er iallfall at eg tidlegare hadde eit par B&W DM602 (fyrsteutgåva? Iallfall kjøpte kring 1995) som hang på ein NAD310. Diverre greidde eit lite barn å trykkja inn båe diskantane (veldig spanande når ho fyrst fekk av stoffet) - dei rivna faktisk.
Spørsmålet er iallfall: Er det mogleg å byta desse diskantane? Er det mogleg å gjera sjølv? Reknar med at originale B&W-diskantar (slike metall-greier) er veldig eksklusive, men finst det andre ting som kan gjera nytta?
Viss ikkje må eg dumpa dei, og det hadde no vore synd. Det hadde vore kjekt å få dei på beina att, sjølv om eg "føler" at eit par Cambridge Audio S30, som eg bruker no, passar mykje betre til forsterkaren min.
Jau då. Dette er nok ikkje hifi, men eg er då middels /interessert/ i lyden på musikken eg spelar.