Komponenten skrev:
65finger skrev:
Jeg kan ikke fatte og begripe at man kan bli sinte over at noen går i tog for å feire norges grunnlov. de roper hurra, smiler og ler. Og vifter med et Svensk, pakistansk, amerikansk flagg. En stor overvekt er det uansett av norske flagg. De som er opptatt av Flaggskikk burde ta seg en tur til Sverige, se hvordan Nordmenn uten blygsler heiser Norsk flagg på Svensk jord på hyttene og husene sine. Det er etter min mening mangel på respekt.
Så det å vifte med et annet lands flagg i et land er helt OK, men å heise det i flaggstangen man selv eier på egen tomt er mangel på respekt?
Seriøst?
Nå datt jeg av...
Så om en pakistaner vil feire si datters bursdag og heiser det pakistanske flagget i flaggstangen sin her i Norge mangler han respekt, eller gjelder dette bare nordmenn i Sverige?
Flagg er i hovudsak meint å vere nasjonalsymbol. Heilt sidan danskane fann opp Danebrog på 1300-talet. Det er få ting med kraftigare symbolsk verdi enn det, og samstundes er det rimeleg verdilaust ut over dette. Det utnytta britane då dei innførte eit eige kamp-orlogsflagg. Når det var sjøslag, skaut fienden på flagget. Greidde dei å lage hol i det, eller skyte det i filler, var dei kjempeglade. Britane tykte dette var langt betre enn å få hol i mannskapet eller båten...
Når ein halvgalen, fornærma (og analfabetisk) heimføing/utlending vert rasande på oss fordi ein eller annan nordmann har trykt eitt eller anna bilde han ikkje likar, kan han sette fyr på flagget. Då kan vi verte fornærma etterpå, og skrive sinte ting om dei halvgalne/utanlandske/heimfødde.
Etter ei stund er vi ferdig med saken.
Dette er langt betre enn når ambassadene vert brende ned. Det dumme er at huh ikkje lenger er fornøgde med å brenne flagget, men også vil brenne ambassada. Det er meir alvorleg.
Elles tek folk altfor lettvint på flagglova. Dei får seg flaggstang, men er ikkje heilt med på flagginga. Eg var ei tid tilsett i eit vikariat i sentraladministrasjonen i kommuna. Fleire gonger ringde rådmannen meg og bad meg tynt om å heise flagget på flaggdagar. Kom ikkje flagget opp, fekk han rasande pensjonistar. Spesielt 8.mai.
Det å ikkje flagge på ein flaggdag, er eit viktig symbol. Jfr 17.mai under krigen. Øverland (trur eg) har eit dikt om "I dag står flaggstangen naken.."
Det minner meg om han som var nøydd til å få seg flaggstang i god tid før naboen skulle gifte seg. For då skulle han iallfall ikkje flagge...