Dette er 4. plata til Beck, 2. utgivelsen på "major label", og av dei fleste rekna som oppfølgjaren til Mellow Gold som var fyste plata og gjennobrottet, med landeplaga looser. Etter innhaldet å dømme kunne plata på mange måtar heitt Mellow Gold 2, for plata er så laidback som det blir.
Plata er bygd opp med slentrande små-groovey repeterande riff som hentar inspirasjon mest frå folk, blues og rock, men dei fleste sjangrar er representerte. Bak dette vert det slengt på eit litt lausrive rytmespor, og det heile blir krydra med innslag av t.d. blåseinstrument, strykarar, xylofon og funne lydar. Innslaga har ofte klipp og lim-kjensle, og det heile framstå som ein kollasje. Beck vekslar mellom snakking, synging, snakkesynging og fattigmanns-rap. Melodiane er ofte ganske monotone, og blir framført med søvndrukken røyst, som byggjer under det avslappa uttrykket.
På den positive sida kombinerer Beck her ein del lydar og sjangrar som ikkje så ofte var blitt kombinert på denne tida, og prøver å skape nye ting. Han har ein eigen, lett gjenkjenneleg sound trass i at platene ikkje stilmessig er så like. Dessutan er jo coveret med den "flygande moppen" riktig fint.
Nesten 15 år etterpå har ikkje plata verdien av nyhende lenger. Det som gjorde plata spanande på 90-talet er ikkje spanande lenger. Der er artistar som lett kan klippe og lime Beck i senk, og som har meir interessante innslag i salaten. Det som skulle ha bore plata no, som tidlause, gode melodiar, føler eg er mangelvare. Beck høyrest uengasjert ut, sjølv om han sikkert berre vil høyres kul ut. Han virkar ikkje å ha noko nevneverdig på hjarta, verken av kjensler eller bodskap. Eg har vanskar med sjå for meg noko anna enn at plata er spelt inn i tøflar og slåbrok i bakrus og på benzodiazepinar.
Eg ser at denne plata er rekna som eit av Beck sine meisterverk. Eg er ikkje einig i det, men det kunne kanskje høyrast slik ut i -96. Eg har sjølv to plater av Beck, Midnite Vultures og Sea Change, og tykkje begge platene går Mellow Gold ein høg gang, då begge platene inneheld langt fleire gode melodiar.
Beck framstår likesæl, og får likesæle: 5/10.