- Ble medlem
- 22.03.2005
- Innlegg
- 788
- Antall liker
- 22
Vampire Weekend - Contra (2010)
Plata byrjar i det lystige hjørnet, med spretne rytmar og ditto melodiføring. Det ligg eit snev av Afrika og Karibien over det heile, men meir som ein inspirasjon enn at det nermar seg verdsmusikk. Hovudinstrumenta høyrer trygt heime i popens verden. Me har bass, gitar, synthar, trommer, trommemaskin og litt anna krydder som marimba og strykarar, i tillegg til vokal. Og det er utvilsomt pop me snakkar her. Enkle fengande melodiar, stort sett muntre, men nokre sorgmuntre og. No skal sjølvsagt dette handle om Vampire Weekend, men eg kan ikkje unngå å nevne Paul Simon si plate Graceland. Dette er pop-versjonen i bantamvekt.
Etter fyrste høyring sat eg att med inntrykket om at dette var litt for friksjonslaust. Rett og slett søtt, men utan søte damer. Eg kunne tenkt meg nokre råare innslag, frekkare melodilinjer, meir hjarte og innleving. Likevel, det er jo energisk, rimeleg sprudlande. Melodiane er ganske gode, rett og slett.
Plata veks til etter kvart, melodiane framstår som bra, men kanskje vel naive og litt for like. Det skjer ganske mykje på arrangementssida, men utan den heilt store finessa. Som oppvarming til eit lystig lag i vårstemning med noko godt i glaset, bør det fungere bra. Det rykkar til i foten titt og ofte.
Av og til blir det litt mykje. Tenk den lystige krabaten Sid i istid. Han er blid, veldig blid, og han snakkar, snakkar, snakkar, ein kan bli litt irritert. Heldigvis går ikkje alt på plata i same tempo, alt er heller ikkje like insisterande, så det blir ikkje noko meir enn snev av irritasjon av og til.
Grinebitaren finn fram terningen og trillar ein litt overraskande og tynn sjuar. Eg sjekkar at ingen ser meg og snur den til ein seksar. Eg har ikkje tilgitt deira grusomme bruk av auto-tune på spor 4 enno.