De har allerede fått sikkerhetsgarantier av UK og USA... i 1994. Ser hvor mye det teller.
Det er bare et stort ukrainsk militære, og helst med atomvåpen som er eneste ordentlige sikkerhetsgarantier.
Eg spelte eit strategispel for mange 15-20 år sidan (kan det ha vore
Europa Universalis, tru? Fantastisk spel) der ein viktig mekanisme var at dersom du ville angripa eit land på sikt, så burde du dela ut garantiar til fiendane deira, slik at du hadde statsrettsleg grunn til angrep. Litt karikert, men samtidig eit godt poeng:
Storbritannia kasta seg neppe inn i første verdskrig
på grunn av Londontraktaten av 1839 (garantiane til Belgia), men fordi Tyskland stod i fare for å slå beina under den kontinentale maktbalansen som hadde vore berebjelken for britisk Europa-politikk sidan Napoleon. Traktaten gav politisk ryggdekking for å gå inn i ein krig som kosta nesten ein million britiske soldatar livet og på sikt krona imperiet.
Det seier også noko om artikkel fem-garantien i NATO: Den er ikkje verdifull på grunn av formuleringa frå 1949 (som ofte påpeikt i det siste, temmeleg ullen i seg sjølv), men fordi det var rekna som geopolitisk fakta at USA kom til å stå ved han, og fordi det var rekna som truverdig at USA (og til ein viss grad Storbritannia og Frankrike) var i stand til å stå ved han.