Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.131
    Antall liker
    8.651
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Fann dette fotoet av fyrste "seriøse" anlegget mitt, etter koñfirmantanlegget. Dette var
    Bose 901 mk ll høgtalarar . (9 like høgtalarelement der eitt peikar mot lyttar, og resten bakover for å skape romoppleviing. Spennande konstruksjon også i dag, men ganske speseiell. Må stå ca 1m frå bakvegg, og treng aktiv equalizer (nederste hylla i racket, heilt til høgre)

    Ved sida av Bose-equalizeren står ein DBX 122 støyreduksjon. Denne var eg begeistra for heilt til "astmaanfalla" systemet hadde vart for irriterande. Men bandsuset forsvann.

    Kassettspelaren var det nest største beistet frå Akai, GXC 760D. Fantastisk, med berre litt svak bassattgjeving og opptak. Alt anna var storarta, og kunne samanliknast med Nakamichi (tykte eg den gongen)

    Forsterkaren var ein Technics SU 80A, japansk modell, direkteimportert frå Japan. Eg trudde eg bestilte den europeiske versjonen SU8080A, men den var ikkje tilgjengeleg, så dei sende meg denne. Gadd sjølvsagt ikkje returnere til Japan, så det vart til at eg kjøpte ein trafo og fekk nokonlunde rett spenning.....

    Platespelaren var (Sjølvsagt) ein Technics. Eg tok SL 1500, som var heilmanuell. Det var både heil (SL 1300) og halv (SL1400) automatikk, men eg såg ikkje behov for det. Like god som SL 1200, nesten identisk, men ikkje så robust kanskje.
    Pickupane sine innverknadar på lyden vart eg umiddelbart klar over. Gjekk frå standardpickupen (hugsar ikkje) til Micro Acoustic 2002, deretter Micro Acoustic 530 (toppmodellen), men fekk så høyre Denon DL 103D, som eg hadde til han var utsliten. Vidare brukte eg Accuphase AC 1, som eg har endå. MC-forsterkarar hadde eg mange innom, men på dette biletet hadde eg berre MM.
    20240419_102153.jpg
     
    Sist redigert:

    Sluket

    Holistisk Hifi Helt
    Ble medlem
    11.08.2006
    Innlegg
    57.674
    Antall liker
    111.562
    Torget vurderinger
    24
    Jeg kan trøste deg med at jeg har også eid Bose 901, som 16 åring! Den gang Bose var coole saker.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.131
    Antall liker
    8.651
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Vis vedlegget 397951
    Det vert ikkje lyd utan ei signalkjelde. Her er den eg har prioritert. Utgangspunktet var VPI Super Scoutmaster. Denne er utstyrt med SDS straumforsyning, som transformerer "kvasomhelst" av vekselstraum til dei 120V 60Hz som spelaren er designa for, og som er ein av dei beste beltedrivne systema som er tilgjengeleg (denne "billege" SSM er ikkje lenger i handelen, men du kan få same drivsystemet for dobbel pris dersom du kjøper ein HR-x).

    I tillegg la eg ekstra pengar i ein spesialtallerken. Dei standard akryltallerkane som VPI stort sett satsa på den tida då eg var i kjøpemodus var gode, men ikkje heilt utan eigenlyd. Difor leverte dei ei kort periode ein svinetung spesialtallerk som var ekstremt dau. Tung å få i sving, men han skapar meir ro i lydbildet, og får tydeleg fram dynamikk. Det får SSM til å likne litt på dei betre Nottinghamspelarane, ein slags mellomting mellom desse og dei dynamisk glade standard-VPIane. Vel verd pengane, meiner eg.

    Då eg skulle pakke ut spelaren, vart eg litt forskrekka. Det var med to svinghjul til motoreininga. Og den eg ikkje hadde bestilt, var litt merkeleg. Her var svinghjulet laga med ein ytterkant som var meint å ha kontakt direkte med platetallerkenen. Dette var vanskeleg å få til, for kom han ørlite for tett på tallerkenen, forplanta det seg motorstøy. Og var han litt for langt i frå, vart det ikkje skikkeleg kontakt. Og skilnaden på desse to ytterpunkta, var berre eit par millimeter... Men så kom det ein konvolutt til meg frå VPI, og den inneheldt ei brun pakning som erstatta den svarte eg hadde opprinneleg. Mykje betre, og lettare å bruke.

    Eg var i utgangspunktet ganske fornøgd med armen, JMW 9 Signature. Men han eignar seg ikkje til spesielt mange pickupar - veldig god til Dynavectorpickupar, men håplaus til Denon 103 (som eg er glad i). Det vart difor til at eg skifta arm til ein 12" Kuzma. Eg hadde veldig lyst på den nye 14", men han var for dyr for meg - og så var det ikkje råd å montere han på SSM-spelaren. Skifte spelar etter alt dette styret, gidd eg ikkje.
    Kuzma-armen er veldig god, og eg merkar at han både gjer ein betre jobb med pickupane, og også klarar pickupar som gamle JMW 9sig ikkje fiksa. Det er nok til hjelp at armen er tolv tommar lang. Elles er det ein fin arm, med heiltrukken leidning frå pickup til riaakontakter. og utskiftbart pickupshell av eigen Kuzma-standard, som sit som spikra. Einaste tungvinte faktor er at leidningane må takast av pickupen for kvart pickupskift. Det må vere sånn, elles vert det skøyt av desse svært viktige leidningane - kanskje den viktigaste "kabelen" i anlegget....
    Sjekka tilfeldigvis prisane på dei ulike delane til platespelaren . Så får eg heller leve med at han ikkje er så vakker (og at Makkintosken har ein endå feitare spelar)
     

    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    9.793
    Antall liker
    35.127
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    3
    760D var/er veldig fin!
    Jeg husker Solberg Hi Fi i Sarpsborg kjøpte opp restlageret av 760'er fra importør, det var så mange at det ikke var plass på lageret, så det stod høye stabler inne i butikken også. Gikk for en grei pris, og alle ble borte, overraskende fort. Hadde vært morsomt å ha en 760 i dag. 🙂

    Akai GXC 760D.jpg


    /Morten
     

    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    9.793
    Antall liker
    35.127
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    3
    Det stemmer bra Arve, 570 var drømmespilleren. Stod og lekte med den luka mer enn én gang, i butikken. 😊.

    Uansett, den var for dyr, og det hadde 760 også vært, ikke hadde den dukket opp ennå heller.

    Jeg blåste alle konfirmasjonspengene på en GXC 510D.
    Den lever ennå, såvidt jeg vet, hos en kompis. 😄

    0E2B895A-15E5-424B-90B7-5439712206C9.jpeg


    /Morten
     
    Sist redigert:

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.131
    Antall liker
    8.651
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Oppdaga at eg har vore svært lite aktiv i tråden min, så det er på plass med ei oppdatering.

    No trur eg det har gått 14 år utan at eg har skifta ut høgtalarar. Når det gjeld platespelar er det endå lenger sidan eg fekk VPIen, sjølv om han har vorte oppgradert med arm frå Kuzma. Forsterkaren eg brukte i utgangspunktet var ein ASR II Exclusive beståande av 4 kolli og 140 kg. Riaatrinnet var EAT sin dåverande toppmodell.
    Så nedgraderte eg litt.
    Eg kutta ut ASR, sjølv om han var svært skikkeleg. I staden fekk eg tak i Vera sin 400/1000 miniforsterkar på 9 kg. Til forforsterking brukar eg no Topping, som også er leverandør av den DAKen eg fann best. Så dette står på til vanleg, når eg brukar strøymetenester. Eg spelar også både vinyl og CD (Via ein Oppo 105). EATen selde eg, og angrar ørlite på det (beste riaa eg hatt fårr prøve heime). I staden brukar eg min 37 år gamle Audio Research SP 10 som fiksar mine tre favorittpickupar; Denon 103, Kiseki blå og AT33SA på overtydande vis. Men lyden vert til tider vel formell og korrekt, så no har eg gått over til å bruke SP10 når eg skal ha det kjekt. Mykje meir NGOMA med SP 10, om du skjønar kva eg seier.
    Så har eg ein del morosame dingsar som er lite brukt. Eit par (SA)CDspelarar står her, saman med ein Teak Tascam 4-kanals kassettopptakarmiksebord. Så har eg ein veldig morosam forforsterkar "Le Tube". Faktisk veldig god, men utprega franske løysingar. I tillegg har eg nokre utmerka pickupar som sporar godt, trass i høg alder.

    Elles har eg no vore pensjonist ei stund. Veldig greitt med fritid, om enn ikkje særleg attraktivt sånn økonomisk sett, men eg er såpass fornøgd med anlegget at eg ikkje føler behov for audiophile nyinvesteringar. Tvert om hadde eg ambisjonar om å kvitte meg med 500 vinylplater eg sannsynlegvis ikkje kjem til å spele uansett. Så langt har ikkje det lukkast særleg godt, i staden har eg kjøpt ca 50 nye plater.....

    Eg hadde eigentleg planar om mykje rart, men så vart eg sjuk. Parkinsons sjukdom. Noko ordentleg skit, men så langt held eg sjukdomen i sjakk med å trene og ta massevis med medisinar. Med litt flaks kan eg halde det gåande i fleire år. Og så lenge eg greier å sette pickupnåla i rett rille, skal eg ikkje klage så veldig mykje.

    Då kona og eg vart pensjonistar, tok vi til å kjenne på eit behov for å rydde i ymse papir. Såleis tok eg til å blade i gamle hifiblader. Mykje interessant. Skulle vore skrive eit samandrag av artiklane.

    Eg burde kanskje teste meir utstyr? Men det er ikkje så lett når høgtalarane spelar stakarslege 79 dB/W. Eg må ha effektforsterkarar på minst 250 Watt skal det vere morosamt å teste, og så bør dei helst vere gode også.. Så eg har prøvd pickupar i staden. Og ein og annan høgtalar. Men det er dyrt å sende slikt i posten, så det må avtalast at importør/produsent betalar porto begge vegar. Men vi får sjå.
     

    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    9.793
    Antall liker
    35.127
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    3
    Kjenner meg igjen ift tankene om pensjonsøkonomien - kanskje det har vært i bakhodet når jeg har handlet gammelt og nytt som en full - eeh,
    et-eller-annet.
    Så er jeg i det minste sikker på at jeg har noe morsomt og leke med i tiden framover.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.131
    Antall liker
    8.651
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Elles rakk eg å stikke innom Stereofil i Grensen på vegen heim frå Horten-messa. Der har dei utstilt eit sinnsjukt mbl-anlegg, og fekk lytte litt på dette. Fekk eit lite anfall av overmot då dotter mi (som fylgde faren til toget) sa:
    "Pappa, dersom du kjøper nokre slike, vil eg gjerne overta gamlehøgtalarane dine":
    Lite tenkte ho på gjelda ho måtte hanskast med når eg vandrar.

    Men er du i hovudstaden, er det godt anvendt tid å stikke innom Stereofil for tida. Trass i at du vil vere uroleg i øyra (og lommeboka) nokre veker framover....
     

    Hønndjevelen

    Æresmedlem
    Ble medlem
    12.04.2010
    Innlegg
    10.570
    Antall liker
    12.197
    Sted
    Oslo
    Elles rakk eg å stikke innom Stereofil i Grensen på vegen heim frå Horten-messa. Der har dei utstilt eit sinnsjukt mbl-anlegg, og fekk lytte litt på dette. Fekk eit lite anfall av overmot då dotter mi (som fylgde faren til toget) sa:
    "Pappa, dersom du kjøper nokre slike, vil eg gjerne overta gamlehøgtalarane dine":
    Lite tenkte ho på gjelda ho måtte hanskast med når eg vandrar.

    Men er du i hovudstaden, er det godt anvendt tid å stikke innom Stereofil for tida. Trass i at du vil vere uroleg i øyra (og lommeboka) nokre veker framover....
    Synd du bur på ein stad der einebustadar berre kostar ein årsløn.
    På Oslo vest, er jo MBL berre ei pylse i slaktetida
     

    Gjest.

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    12.09.2006
    Innlegg
    6.193
    Antall liker
    904
    Har lekt meg litt med å ta opp musikk fra nettet. Bruker en H/K med Dolby HX. Slår ikke på Dolby b eller c. God lyd i mine ører.
     

    parafinoksen 2.0

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    29.04.2024
    Innlegg
    1.144
    Antall liker
    2.754
    Sted
    Polen
    Noko heilt anna; er det nokon som har kasta seg på bølgja med kassettar i det siste? Høyrer slikt produserast igjen, mellom anna av Teac. Kunne vore artig å prøve att - min gamle Alpage har takka av, men kassettane har eg ikkje kasta.
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.131
    Antall liker
    8.651
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Det var ei artig messe sist helg, men eg må innrømme at det beste oppsettet så langt var utanfor messehotellet. Terje Romen var på vift. Han baud på sjansen til å høyre Klipsch sin toppmodell hos Oslo HiFiCenter. Dette var skikkeleg snop, eitt av dei beste hornoppsetta eg har høyrt. Skulle likt å hatt eit slikt som anlegg nr 2. Diverre er slike horn minst like arealkrevjande som anlegg nr 1. Og styggeleg lettdrivne, noko som kan reknast som grøn stas. Du vil truleg greie å blåse hovudet av deg med ein forsterkar på brøkdel av ein Watt, i motsetnad til meg som har høgtalarar med behov for minst 500 watt pr kanal for å ville oppføre seg.

    Messa var uansett ei interessant stad å bruke helga. Og det var veldig mange kjente der. Om lag heile Oslo-gjengen, og massevis av dei eg kjenner frå Horten. Diverre rotar eg no med namn og andlet for tida etter å ha fått Parkinsons. Men dei ulike riggane og produkta dei bestod av var ei fin øving i memorering.
     

    R.E.S.

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    31.05.2006
    Innlegg
    6.070
    Antall liker
    6.733
    Torget vurderinger
    34
    Hyggelig å se deg igjen, Arve, selv om det ble altfor kort inne på rommet til Hifidili. Håper du klarer å holde sykdommen noenlunde i sjakk.

    Roy
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.131
    Antall liker
    8.651
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Tida går!
    Men eg har gjort marginale endringar på anlegget dei siste 15 åra. Vel, eg skfita ut ASR Emitter II Exclusive med ein liten Vera og Topping , og avhenda ein sørgjeleg god riaa frå European Audio Team, men platespelaren er den same spesial-VPI SSM, og høgtalarane er sjølvsagt MBL101E2 (vert ikkje skifta ut så lenge eg bur der eg bur). Eg føler ikkje på noko oppgraderingsbehov. Ting er så bra eg kan forvente å få lyd i eiga stove, med unntak av at bassen er meir realistisk enn det eg strengt tatt ynskjer meg. Eg vil ha tjukt lag med smør på skiva, feit lyd byr på større gleder enn politisk korrekt lyd. Eg kunne sikkert gjort meir ut av akustikken, men det hadde kanskje ført til skade på husfreden, noko ein skal vere forsiktig med i desse urolege tider. Dessutan er MBL-konseptet slik at det tilpassar musikk og anlegg til kvarandre på ein måte eg likar svært godt.
    Det finnest betre forforsterkarar enn min audmjuke Topping. Mellom anna min langt meir ambisiøse, feitare og antikke Audoi Research SP 10. Sjølv om han er ganske unik, brukar eg han nesten utelukkande når det sveivast i gong vinyl. Ser at SP10arar omsetjast på Ebay for opptil 45 kilokroner, og kunne alltids byte han ut med ein vanvittig god riaa, men kvifor stresse? Eg brukar Topping når det skal strøymast, sjåast TV (ja, eg har hamna mellom dei som brukar godlydskomponentar til å glane på mentalt søppel på skjerm). Einaste eg er misunneleg på er Tosken sin platespelar, men det har lite føre seg å kjøpe ein Technics SL 1000 av beste sort, med mindre eg også kjøper ein eller annan legendarisk pickup, som funkar optimalt i den aktuelle armen, noko eg alt har greitt nok (Kisek, AT og Denon klarer å utfylle kvarandre, så ein toppmodell frå VdH eller likande er etter mi vurering ikkje nødvendig).
    Så no har eg nesten utelukkande lytta til musikk og ikkje anlegg dei siste 15 åra.
    Eg lurer på om eg er i ferd med å verte gammal,....
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.131
    Antall liker
    8.651
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Brukar helgemorgonen til å surfe rundt på alle stadar der Qobuz tek meg, og det dukkar opp mykje rart på ferda. Lydkvaliteten på Qobuz er såpass god at eg ikkje umiddelbart lengtar attende til vinylen, noko som har ført til støv på platespelaren. Jaja.
    Men etter min musikksmak er det mykje bra å høyre på. Eg har fått sansen for elektroswing, og har spelt alt eg har funne av Caravan Palace. Parov Stelar er også noko eg likar, og det er mykje liknande.
    Er det fleire enn meg som har leita opp musikk utanfor allfarveg?
     

    gismo

    Æresmedlem
    Ble medlem
    13.10.2007
    Innlegg
    26.523
    Antall liker
    40.357
    Sted
    Væssia i Grue.
    Torget vurderinger
    21
    Brukar helgemorgonen til å surfe rundt på alle stadar der Qobuz tek meg, og det dukkar opp mykje rart på ferda. Lydkvaliteten på Qobuz er såpass god at eg ikkje umiddelbart lengtar attende til vinylen, noko som har ført til støv på platespelaren. Jaja.
    Men etter min musikksmak er det mykje bra å høyre på. Eg har fått sansen for elektroswing, og har spelt alt eg har funne av Caravan Palace. Parov Stelar er også noko eg likar, og det er mykje liknande.
    Er det fleire enn meg som har leita opp musikk utanfor allfarveg?
    Mange ganger og både Qobuz og TIDAL er fine verktøy til sånt. Lydkvalitet varierer men som eneste kilde så klager jeg ikke lell🤗🎶

    gismo
     

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    21.131
    Antall liker
    8.651
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Den siste tida har det gått i mykje strøyming frå Qobuz. Eit litt alternativt musikkutval enn det eg tradisjonelt har brukt tid på, og det er interessant. Det fører naturlegvis til at eg har hatt mindre tid til vinylen. Det synest eg er leit, all den tid at vinylsamlinga speglar mine musikalske preferansar, og eg tenkjer at eg risikerer å rote meg bort frå det kjære og kjende, og at eg ikan risikere å rote meg bort i den audiofile øydemarka.
    Det kan sjå ut som eg vender meg frå 60-tals innspelingar til dei moderne, digitale og høgoppløyste. innspelingane. Så eg er på ny inne på tanken om å neskalere analog rigg. Så eg lurer på kva erfaringar folk før meg har gjort. No tenkjer eg i liten grad på erfaringane som vart skapte då CDen kom og vart heftig marknadsført som perfekt lydberar på 80-talet, men om det som har skjedd no i dei siste åra med høgoppløyst digital lyd.,
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn