Eg ville ikkje forsøpla den gode tråden for reale utblåsingar, så here it goes. Følg sitatet bakover for å sjå kontekst.
Signal funkar veldig bra til familie og vener, og andre «små» (>10) grupper. I praksis ikkje dårlegare enn Messenger, WhatsApp, iMessage, SnapChat eller andre alternativ. Grensesnittet er litt basic, men det funkar på iOS, Android og datamaskin (Windows, MacOS, Linux). Eg har kjent meg som ein idiot som har brukt det i mange år, men no byrjar det å få litt moment.
Discord er glimrande programvare, og eg bruker det i ein setting der eg «må», men eg tilrår det aldri og initierer ikkje meldingstrådar der. Eg ser liten grunn til å promotera det.
Spond er fint til større lokalt forening- og lagsarbeid, iallfall der kommunikasjonen har karakter av informasjon ut og korte kommentarar tilbake. Igjen er UI litt gamaldags samanlikna med Facebook, men det er lett å ha kontroll på kven som er med i grupper, og å få med seg alt som er viktig. På Facebook druknar lett det meste. Fordelen er at dei som er i gruppene, først og fremst er der som gruppemedlemer, ikkje som "profilar" som skal få likes.
Elles er eg tilhengjar av at foreningar og lag godt kan leggja informasjon ope på nettsider, slik dei gjorde for 15 år sidan. Eine ungen går på ein slags kommunal ungdomsklubb (i praksis tween-klubb), og det er djupt frustrerande å måtte gå inn på FB for å få oppdateringar om dette. Ei heilt enkelt nettside hadde vore veldig praktisk, sidan det ikkje er grunn til å leggja informasjonen lukka. Web 1.0 hadde sine styrkar.
Til interessegrupper, og generell diskusjon liker eg framleis forum som HFS.
Eg er tidvis innom Reddit, gjerne med drive-by kontoar som eg slettar etter kort tid. Eg veit det er kontroversielt, men eg finn iallfall mange gode diskusjonar der, særleg for ein del andre særinteresser eg har (språk og rollespel). Programvara (web/app) til Reddit er ganske bra. Formatet er ikkje optimalt for lange diskusjonar, og eg irriterer meg over at det er stadig meir reklame og algoritmestyrte tips om trådar og subreddits eg på ingen måte er interessert i.
Til reine tekniske spørsmål fungerer Stackexchange og ulike avartar, men det bruker eg først og fremst som oppslagsverk, ikkje som "forum". Eg har halde meg unna Quora.
Twitter fekk eg aldri fot for; eg har ein konto på Bluesky, men eg får vanlegvis ikkje noko ut av det.
Underskog var fint, men eg tykte det var meir relevant då eg budde i Oslo.
Eg er ikkje typen som gjev opp å kjempa mot vindmøller.Facebook brukes til alt for mye nyttig. Det var der de vant den kampen. Gjorde oss avhengige.