Man lærer ikke mye om f eks heapsort ved å si til en AI «gi meg kode for heapsort.»
Eg trur Litheland prøver å stilla dei store spørsmåla:
Dette er folk i skuleverket nøydde til å ta stilling til. For eksempel må vi spørje oss kva vi ønskjer at elevane skal lære.
For meg høyrest det ut som det fundamentale spørsmålet i all opplæring. «Kva er kunnskapane i dette faget, og korleis måler vi om eleven har desse? Korleis er dei kunnskapane vi vil formidla strukturerte?»
Inntrykket mitt er at tendensen sidan eg var elev i grunnopplæringa (eg er overraska, men det er faktisk 29 år sidan eg gjekk ut av vgs) er at det ferdige produktet, det å løysa eitt eller anna som liknar på det ein finn ute i verda, får større og større plass. For å gjera det, må elevane altså bruka større og større byggjesteinar, utan å kanskje heilt forstå dei.
Dersom vi vil at eleven/studenten skal forstå korleis heapsort fungerer, og måla dette i om eleven kan formulera ein implementasjon i eit høgnivåspråk, er det sjølvsagt juks å levera inn kode ein har fått frå eit google-søk eller eit spørsmål til ein AI.
Dersom vi gjev blanke i om eleven forstår korleis ein sorterer, berre at det let seg gjera, er det sjølvsagt uproblematisk at eleven hentar kode frå AI, men ei betre løysing ville kanskje vera å bruka funksjonen frå standardbiblioteket, eller importera eit bibliotek.
Då eg studerte informatikk, var det første vi gjorde i «Algoritmar og datastrukturar»-faget å skriva eit bibliotek for lister i Java. Sjølvsagt hadde Java det innebygd, men poenget var at vi skulle forstå kva ei liste var, uttrykt i Java-syntaks og med enklare datatypar. Dersom vi hadde brukt Scheme som opplæringsspråk, slik dei gjorde på MIT på den tida, hadde vi sannsynlegvis implementert andre strukturar.