Dette er vgs, ikkje grunnskule, men likevel
Nå ønsker Rødt å styrke rettighetene til yrkesfagelever.
www.nrk.no
Det er flott at vi formalisert utdanninga i fleire yrke under paraplyen «yrkesfag», og at fleire ungdomar søkjer seg dit (altså: at ungdom innser at vegen til livslukke og eit meiningsfullt arbeidsliv ikkje treng å gå gjennom å ta ei teoretisk forskarutdanning).
Eg vil også påstå at interiørkonsulentar sannsynlegvis er ei nyttig yrkesgruppe. Ikkje at vi nokon gong har brukt ein (eg ser for meg «irreconcilable differences» i synet på kva som bør vera i ein heim), men ei veninne som nett har pussa opp ein 60-talsvilla i Bergen betalte for hjelp til å finna fargepalett og slikt, og eg vart overraska over kor godt paletten stod til både hus og huseigar.
Men, poenget mitt:
Ein del av desse vgs-linjene har aldri vore «lærefag» i tradisjonell forstand. Det finst ikkje formelle reguleringar som krev fagbrev for å utøva yrket, og ingen kultur i bransjen for utdanna lærlingar.
Eg meiner det er å kasta blår i augo på ungdomane når desse «opne» yrka vert jamstilte med tradisjonelle «harde» yrkesfag der læra er einaste veg til anerkjent fagkompetanse (td. elektro, røyrleggjar, bilmekanikar, tømrar, kokk osb).
Ei sak hadde vore dersom arbeidsgjevarane sjølv hadde hatt eit djupt ønske om å profesjonalisera, og tydeleg favorisert dei med fagbrev. Då kan td. anbodskrav om lærlingar vera nyttig for å unngå «allmenningens tragedie» (alle vil ha fagarbeidarar, men ingen vil ha lærlingar).
Men å pusja slik profesjonalisering på bransjar utanfrå har eg inga tru på. Unnataket er kanskje barne- og ungdomsarbeidar, sidan desse i stor grad arbeider i offentleg sektor.
Edit: Som eit konkret døme: Fleire av dei store aktørane innan varehandel (Rema, Norgesgruppen, Elkjøp og Circle-K) har til dømes omfattande kjedeinterne utdanningsprogram. Skal du gjera karriere der, er det vegen å gå. Dersom ein (det offentlege) hadde eit ønske om å støtta opp ein profesjonalisering av den bransjen, burde til dømes «salsfaget» (tidlegare vg3/fagbrev på service-linja, iallfall) funne ein måte å kopla seg desse programma.