Det er mogleg at eg er forblinda av pseudovitskapleg tull, men, anyhows, sidan dette er er erklært som ein kabeldiskusjon

: Eg kjenner på litt av den same milde irritasjonen som når folk snakkar om generelle kosthaldsråd som om dei er allmenngyldige (eg er ein sånn som kan sluka både feitt og høgkarbo utan å tenkja å vekt eller midjemål).
Å gå i terreng må vera ei av dei mest basale biologiske handlingane våre, på linja med å eta, drikka, tileigna oss språk og ha sex. Eg tykkjer det er litt rart at vi skal spjelka, dempa og avstiva oss for å utøva slike aktivitetar.
Det er også mogleg eg er prega av at eg som barn vart utstyrt med alskens remedier fordi eg gjekk litt rart (det vart ein mobba for på den tida) og ikkje kunne springa like kjapt som dei andre: spesialsko og (vonde) innleggssolar, i tillegg til demping att og fram. Konsekvens: det gjorde vondt å bevega seg, og hjelpte sannsynlegvis til å utvikla eit unaturleg ganglag. Land på tærne, sa gymlæraren når vi skulle springa. Fekk det aldri til.
For meg var det iallfall ei openberring då eg, på impuls, testa berrfotsko i vaksen alder. På rein refleks var den naturlege impulsen å landa på tærne.
Plutseleg gjekk eg på tåballane, og kjende korleis eg brukte leggane for kvart steg. Det var masse råd om at ein burde venja seg til slike sakte. Eg gav litt fanden, og byrja bruka dei heile sumarhalvåret, også på tur i skog og mark, og småfjell. Eg går ikkje fortare eller lengre med minimale sko, men det er kjenst mykje betre å gå.
Det skal seiast at eg ikkje er særleg tung, har temmeleg kraftige leggar (relativt sett) og at det eigentleg ikkje er noko problem for meg å trakka over, bortsett frå at eg snublar.
Coda: Viss vi går tilbake til dei andre «basale biologiske handlingane», kan vi innvenda at også desse (i tillegg til avføring og svevn) er strengt sosialt regulert, gjerne støtta opp av semi-vitskapleg og/eller moralsk argumentasjon.