Tweedjakke
Hi-Fi freak
OK. Dette kunne kanskje gått i samletråden "Vakker design", men eg prøver meg på ein eigen tråd.
"Minihusa" er ein gjengangar, og særleg ser det ut som om redaksjonane i NRK liker dei. Nokre døme:
Eg vart fyrst interessert i dette då eg las om det som på engelsk vert omtala som "japanese infill architecture", og i Japan finst det flotte minihus (dei interesserte kan finna i bøtter og spann på dezeen.com):
Eg har tenkt litt forskjellig om dette, men definitivt ikkje (samla) nok til å enda opp med eit klart svar på spørsmålet.
For ("hot")
1. Lite og enkelt kan absolutt vera estetisk: Rega er meir elegant enn oljeplattform-platespelarar, og Fiat 500 og Nissan Micra er fine akkurat fordi dei er små. I tråd med Rams, kanskje, men også med læraren eg hadde på eit talteori-kurs: Med stjerner i augo fortalde han om det beste eksamenssvaret han hadde fått - til saman ei A4-side.
2. I Japan står dette i ein gamal, filosofisk tradisjon, og er også tett knytta til materielle vilkår (veldig tett urbaniserte område, små tomter og tradisjon for einebustader).
3. Det er god ressursøkonomi at vi ikkje alle skal ha svære hus, både når det gjeld byggekostnader og når det gjeld driftskostnader.
Mot ("not")
1. Enkelt er fint, men det er skilnad på å barbera seg og skjera av seg hovudet. Dersom ein prøver å få til for mykje på for lite plass, vert alt trangt og upraktisk.
2. Minihus er kanskje fint for folk som bur åleine og ikkje har interesser som krev plass, men ein kvalitet ved eit hus må no vera at det kan takla litt forskjellige omstendigheiter i livet.
3. Dersom minihus skal byggjast etter same standard som store hus, er det ein vanvittig ineffektiv (dyr) måte å skaffa bustader på.
4. Dette er ideologi ("falskt medvit", som Marx kalla det); bustadmarknaden tilbyr folk stadig mindre bustader til stadig høgare pris (det som var eit heilt ordinært familiehus på 1980-talet, er ein villa i dag). Det er godt mogleg at økonomien tvingar folk til å bu i campingvogn, men det er ikkje framsteg.
5. Kor ressursøkonomisk er det eigentleg dersom alle skal ha ein romantisk eplehage rundt minihuset sitt?

Store tankar om små hus
Minihus frå USA og norske stølar har inspirert dei to naboane. Dei bur i kvart sitt hus på mindre enn 20 kvadratmeter.
www.nrk.no
5. Mikrohuset
Det blir både fargerikt, urbant, landlig, stort og veldig smått når fem fremmede går på visning i hverandres hjem og skal gjette hvem som bor hvor.
tv.nrk.no
Eg vart fyrst interessert i dette då eg las om det som på engelsk vert omtala som "japanese infill architecture", og i Japan finst det flotte minihus (dei interesserte kan finna i bøtter og spann på dezeen.com):
Takeshi Hosaka designs tiny house in Tokyo with funnel-like roofs
Architect Takeshi Hosaka has built himself Love2 House, a Tokyo micro home that has a total floor area of 19 square metres under a pair of curved roofs.
www.dezeen.com