Georg sine 10m2 med lydglede

Georgb

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
22.10.2018
Innlegg
183
Antall liker
570
Sted
Sandnes
Torget vurderinger
1
For rundt eit halvt år sida kjøpte eg min fyrste leilegheit, då den hadde to soverom benytta eg sjansen til å gjere eit av romma til lytte/medierom. Etter ein del oppussing og andre strabasar har eg no sånn nokolunde kome meg i hus, og då tykkjer eg at det er moro med ein eigen tråd her på sentralen. Eg har ikkje noko betre å bruka kristi himmelfartsdag på :D
Litt om meg: eg har vore lydinteressert i rundt 3-4 år no, og er betydelig yngre enn dei fleste her på sentralen med mine 21 år. Eg bur og er oppvokst i Sandnes. Eg er yrkesutdanna innan IKT-servicefaget og jobber i Rogaland Fylkeskommune som IKT-teknikar på ein vidaregåande skule.
Per dags dato ser det veldig uferdige oppsettet slik ut;
185470826_330688268402313_5276464371262723686_n.jpg

Dei store høgtalarane er audiovector M3 signature, drevet av ein cambridge CXA-80. Eg håpar de har nok godheit i hjarta til å tilgi kabelrotet og det dårlege biletet. Eg må meddele at audiovectorhøgtalarane brukast veldig lite, og at eg ikkje er ein stor fan av dei, sjølv om eg har hatt dei i nokon år allereie. Stjerna i showet er dei små genelechøgtalarane, eit par Genelec G2 (akustisk lik 8020, berre med RCA-inngang i staden for XLR). Eg synest dei låter mykje godt frå rundt 200-300hz og oppover. Under det vert rommet veldig problematisk, meir om det seinare.

Akustisk så er rommet heilt ubehandla framleis, og det høyrest godt. Høgtalarane er òg modne for ei oppgradering etter kvart. Nett difor val eg å starta tråden no, fordi det kjem til å skje ein del ting her framover. Det som setjast på dagsorden fyrst vert akustisk behandling av rommet. Her tenkjer eg å kjøpa 6 frittståande panel, to bak lytteposisjon, eit på kvar sidevegg og eit bak kvar høgtalar. Grunnen til frittståande panel er todelt: bakveggen er eit skap som eg ikkje vil rive fordi det er god oppbevaringsplass, difor kan det ikkje hengast opp akustisk behandling der. Den andre grunnen er at sidevegg og frontvegg er av betong, og eg liker ikkje å bora i betong med mindre eg er nødt til det. Andreprioritet er subwoofere, mest sannsynleg 2 i fyrste omgang. Høgtalarane blir nok noko DIY, utan eg tør å seie kvar tid eg får fingeren ut av rauva.

Målingar
Her er in-room responsen frå begge Genelec G2 målt med UMIK-1, ingen korreksjon. Smoothing 1/12 oktav, kvar linje på y-aksen er 2dB. Som ein kan sjå (og høyra) er det både lite og ujevn bass her, difor ynskjet om subwoofarar. Over ca. 800hz er responsen veldig fin, og eg vil seie at +-4dB frå 250hz til 800hz heller ikkje er noko å kimsa av.
Genelec G2 in-room.jpg

Her er RT30, før nokon drar fram den uendelege debatten om RT20/30/60 kan brukast i små rom eller ikkje så vil eg be dei ikkje gjera det. Eg veit at det er tenkt for eit tilnærma diffust, allereie eksisterande lydfelt, men eg vart overtydd om at dette ikkje gjer RT som funksjon av frekvens ubrukeleg i små rom. Ein kan sjå tydeleg lang etterklang i over heile frekvensspektrumet, og det høyrest veldig godt. Eg synast det funker greit med såpass lang etterklang til noko musikk, men for produsert musikk som elektronica, pop, rock eller metal funker det dårleg. Kanskje det er nok ein god grunn til å ha frittståande panel, så kan eg flytta på dei alt etter kva slags musikk eg høyrer på...
T30.jpg

Det får vere eit utfyllande fyrste innlegg, så får du som les dette ha ei fortreffeleg langhelg.
 

Fluefiskeren

Overivrig entusiast
Ble medlem
02.11.2004
Innlegg
1.101
Antall liker
962
Sted
Kristiansand
Strålande med ein ny tråd! Kvifor likar du ikkje M3 Signatur så godt? Eg har hatt dei sjølv for ein del år sida, og var rett så nøgd med dei. Men dei likte seg best i større rom. Dei hadde dei flotte "birds eye maple"-kabinetta, og vart faktisk solgt til ein kar i Sandnes.
 

Georgb

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
22.10.2018
Innlegg
183
Antall liker
570
Sted
Sandnes
Torget vurderinger
1
Strålande med ein ny tråd! Kvifor likar du ikkje M3 Signatur så godt? Eg har hatt dei sjølv for ein del år sida, og var rett så nøgd med dei. Men dei likte seg best i større rom. Dei hadde dei flotte "birds eye maple"-kabinetta, og vart faktisk solgt til ein kar i Sandnes.
Eg vil ikkje seie at det er noko gale med M3, men dei er alt for avslappa i det lavere diskantområdet spesielt, for min del (ca. 3-7khz vil eg tippe). Eg føler òg at dei har noko meir ujamn mellomtone enn genelecane. Bassen er sjølvsagt langt betre enn det genelec presterer, og eg får god respons til nærare 30hz i rommet. Viss eg får gjette så er eit av problema mine med diskanten at det er ein soft-dome, og det er jo ei kjensgjerning at desse har stor kollaps i spreiing samanlikna med hårde diskantar når ein beveger seg opp i dei to siste oktavane. Mange liker jo sjølvsagt denne innsnevra spreiinga, då det gir ein meir avslappa diskant i lytteposisjon, men eg foretrekker lyden av breiare spreeing i diskanten.
 
Sist redigert:

Georgb

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
22.10.2018
Innlegg
183
Antall liker
570
Sted
Sandnes
Torget vurderinger
1
Eg kom på at eg faktisk aldri målte M3 i rommet her, så eg tok ei rask måling no.
Me ser tydeleg at bassen er mykje betre enn genelec, reint bortsett frå den stygge peaken på 110hz. Eg synest ikkje høgtalaren ser spesielt mykje meir ujamn ut i mellomtonen enn genelec, men diskanten er utvilsomt tilbaketrukken. Legg merke til at y-aksen på desse målingene er 5dB og ikkje 2dB skritt.
Audiovector M3 signature in-room.jpg
 

roeng2

Hi-Fi freak
Ble medlem
01.05.2012
Innlegg
4.331
Antall liker
5.790
Sted
Møre & Romsdal
Torget vurderinger
8
Gratulerer med tråd😁

Har selv hatt M3 signatur for en del år tilbake. Å kan ikke si jeg husker de som tilbaketrukne i topp. Men det er jo en smaks sak😉
Men de er veldig sensitive på hvilke høyttaler terminaler man bruker. De originale jumper skinnene er heller ikke bra. Gode jumpere er et must på de🤓
 

bjos

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
24.08.2008
Innlegg
285
Antall liker
58
Sted
Grimstad
Jeg har m3 signature mk2. Jeg må vinkle de litt inn mot lytteposisjon, da får jeg mye jevnere frekvensgang opppver. Vet ikke om det vil fikse biffen for deg,
Men det kan være verdt et forsøk:)

hilsen Ole

Eg kom på at eg faktisk aldri målte M3 i rommet her, så eg tok ei rask måling no.
Me ser tydeleg at bassen er mykje betre enn genelec, reint bortsett frå den stygge peaken på 110hz. Eg synest ikkje høgtalaren ser spesielt mykje meir ujamn ut i mellomtonen enn genelec, men diskanten er utvilsomt tilbaketrukken. Legg merke til at y-aksen på desse målingene er 5dB og ikkje 2dB skritt.
Vis vedlegget 721801
 

Georgb

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
22.10.2018
Innlegg
183
Antall liker
570
Sted
Sandnes
Torget vurderinger
1
Jeg har m3 signature mk2. Jeg må vinkle de litt inn mot lytteposisjon, da får jeg mye jevnere frekvensgang opppver. Vet ikke om det vil fikse biffen for deg,
Men det kan være verdt et forsøk:)

hilsen Ole
Eg har dei vinkla nesten triangulært mot lytteposisjon. Eg sitter kanskje 10 grader off-axis i lytteposisjon. Det hjalp allereie samanlikna med når eg fyrst satte dei opp (då hadde eg nesten ingen vinkling). Eg trur det store problemet er at dette rommet, som nemnt i fyrste innlegg, er veldig livlig, så det som skjer off-axis får mykje større betydning enn i ei meir normal stue der det er ein del møbler og slikt som er gunstig for akustikken. Kan godt hende at det følast meir "korrekt" når eg får litt akustikkbehandling på plass, eg skal i alle fall prøva :geek:
 
Sist redigert:

Georgb

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
22.10.2018
Innlegg
183
Antall liker
570
Sted
Sandnes
Torget vurderinger
1
Framleis ikkje skjedd noko i rommet, men eg tenkjer at når ein fyrst skal gjera noko så kan ein lika godt gjera det skikkeleg. Difor er det jo ein fordel å vita kva ein driv med, og til det formål vart det kjøpt inn litt god sommarlesing. Eg har allereie lese fyrsteutgåva av sound reproduction, men tredjeutgåva skal visst vera ganske mykje betre, seiast det. Eg har òg hatt eit AES-medlemskap ei stund, men likar ikkje veldig godt å lesa på PC, betre med ei papirlefse i handa.
191480370_4168159943205856_8766047598169236788_n.jpg
 

Georgb

Hi-Fi entusiast
Ble medlem
22.10.2018
Innlegg
183
Antall liker
570
Sted
Sandnes
Torget vurderinger
1
Så var det denne tråden då...
Eg kan forsikra alle om at mangelen på innlegg ikkje kjem av mangel på hifi-aktivitet. Rommet mitt er både behandla og eg har nye høgtalarar no. Genelec G2 har fått gå tilbake til jobben sin som PC-høgtalarar, mens @HoJ sitt gamle par med gradient revolution tek over i lytterommet, i alle fall til mine eigne høgtalarar er ferdige.

Angåande gradient revolution må eg seia at eg er mektig imponert (men ikkje overraska). Fyrst og fremst spelar høgtalaren mykje godt sjølv utan noko hjelp frå romkorreksjon/EQ, utan tvil takket vere Jorma Salmi sitt design som var langt framføre si eiga tid. Gradient var eit av dei fyrste høgtalarselskapa som laga høgtalarar med målet om at dei skulle passe inn kvar som helst, akustisk. Med eit par EQ-filter for å jamna ut bassen litt er resultatet mykje godt. Eg legg ved ei måling eg gjorde nett no, moving mic method 1/48 oktav, med 1/12 oktav smoothing. legg merke til 2dB/div.
Gradient revolution MMM EQ.jpg
Ein ting som overraska meg er kor djupt bassen går. Sjølv ved 20Hz er bassen berre kring 6dB nede samanlikna med 40-150hz området. Sidan eg plutseleg hugsar at denne tråden eksisterar skal de ikkje sjå vekk frå at det vert fleire oppdateringer, og sjølvsagt bilete.
 
Topp Bunn